Meld. St. 22 (2014-2015)

Finansmarknadsmeldinga 2014

Til innhaldsliste

5 Endring av regelverket og løyve i større saker på finansmarknadsområdet

5.1 Utvikling av regelverket

Dette kapittelet gjev eit oversyn over dei viktigaste endringane i regelverket på finansmarknadsområdet i 2014. Det inneheld også ein omtale av sentrale løyve som vart gjevne same året, med ein kort omtale av kvar einskild sak.

Endringane i regelverket på finansmarknadsområdet i 2014 hadde som overordna mål å medverke til finansiell stabilitet og velfungerande marknader.

5.1.1 Bankverksemd

Stortinget vedtok ved lov 20. juni 2014 nr. 29 nye reglar i finanstilsynsloven § 4 c og finansieringsverksemdslova § 2-17a om utkontraktering. Etter lovendringa skal føretak under tilsyn gje melding til Finanstilsynet minst 60 dagar før ein avtale om utkontraktering vert sett i verk. Finanstilsynet kan stille vilkår for utkontraktering eller gje pålegg om stans av utkontraktering mellom anna dersom ho skjer i eit omfang eller på ein måte som ikkje kan sjåast som forsvarlig. Det same gjeld dersom det vert vanskelegare å drive tilsyn med verksemda. Finansinstitusjonar kan utkontraktere delar av verksemda som ikkje er kjerneoppgåver, med mindre dette skjer i eit omfang eller på ein måte som ikkje er forsvarleg, eller som gjer at det vert vanskelegare å drive tilsyn med verksemda. Kjerneoppgåver kan dei ikkje utkontraktere, med mindre det følgjer av føresegner gjevne i eller i medhald av lov. Lovendringa tok til å gjelde 1. juli 2014.

Finansdepartementet fastsette 12. mai 2014 forskrift om identifisering av systemviktige finansinstitusjonar. Etter forskrifta skal Finansdepartementet som hovudregel utpeike finansinstitusjonar som systemviktige dersom dei har ein forvaltningskapital som utgjer minst 10 pst. av Fastlands-Norge sitt BNP, eller har ein del av utlånsmarknaden på minst 5 pst. Systemviktige institusjonar skal etter finansieringsverksemdslova oppfylle eit særskilt kapitalbufferkrav på 1 pst. frå 1. juli 2015 og 2 pst. frå 1. juli 2016. Forskrifta tok til å gjelde straks.

I eit rundskriv 1. juli 2014 stramma Finanstilsynet inn på krava til bankane sine modellar for bustadlån ved å fastsetje nærare føresetnader som skal liggje til grunn for modellane. Dette gjeld korleis tal for misleghald frå bankkrisa skal takast omsyn til, ekstra tryggleiksmarginar i dei beste risiko-klassane og nivå på tapsgrader.

Finansdepartementet fastsette 22. august 2014 endringar i forskrift om godtgjeringsordningar i finansinstitusjonar, verdipapirføretak og forvaltningsselskap for verdipapirfond og anna. Endringane gjennomfører føresegner i EU sitt nye kapitalkravsregelverk for bankar og verdipapirføretak (CRR/CRD IV). For leiande tilsette, tilsette i kontrollfunksjonar og risikotakarar i bankar og verdipapirføretak skal variabel godtgjering etter dei nye reglane ikkje vere større enn 100 pst. av fast godtgjering. Etter nærare gjevne vilkår kan likevel variabel godtgjering utgjere inntil 200 pst. av fast godtgjering. Endringane tok til å gjelde 1. januar 2015 med verknad for godtgjeringsordningar som vert inngått, forlenga eller fornya, 1. januar 2015 eller seinare.

Finansdepartementet fastsette 22. august 2014 også endringar i fleire forskrifter om kapitalkrav og anna, i hovudsak for å gjennomføre tekniske føresegner i EU sitt nye kapitalkravsregelverk for bankar og verdipapirføretak (CRR/CRD IV). I tillegg vart det fastsett ei ny forskrift om kapitalkrav og nasjonal tilpassing av CRR og CRD IV. Den nye forskrifta og forskriftsendringane tok til å gjelde 30. september 2014.

Finansdepartementet fastsette 13. november 2014 enkelte mindre endringar i kapitalkravsforskrifta og forskrift om kapitalkrav og nasjonal tilpassing av CRR/CRD IV, blant anna for å presisere at kapitalkrava for engasjement med sentrale motpartar er dei same som i EU sin kapitalkravsforordning (CRR). Endringane tok til å gjelde straks.

5.1.2 Forsikrings- og pensjonsverksemd

Stortinget vedtok 20. juni 2014 ei endring i forsikringsverksemdlova som inneber krav til kjønnsnøytrale premiar og ytingar i private og frivillige livsforsikringar utanfor arbeidsforhold. Lovendringa er omtalt i Prop. 87 L (2013–2014) og tok til å gjelde 1. januar 2015. Kravet gjeld for nye avtaler som vert inngåtte etter at lova tok til å gjelde. Lovendringa følgjer opp ei avgjerd i EU-domstolen 1. mars 2011 (Test-Achats-dommen).

Finansdepartementet bestemte 27. juni 2014 at lovreglar om fripolisar med investeringsval skulle tre i kraft 1. september 2014. Stortinget vedtok desse lovreglene i 2012. Reglene opnar for at fripoliseinnehavarar kan velje å seie frå seg avkastningsgarantien mot at dei sjølve får avgjere korleis pensjonsmidlane som er knytte til fripolisen, vert forvalta. Dermed vil dei ikkje lenger ha krav på ei bestemt årleg yting ved pensjonsalder. I staden får fripoliseinnehavaren bestemme korleis kapitalen skal forvaltast, og får behalde all avkastninga. Lovendringane vert ikkje sett i kraft tidlegare fordi det mellom anna var naudsynt å avklare ein del viktige spørsmål, bl.a. om opptrapping til nye dødsratetariffar, utjamning av pensjonsutbetalingar og nærare krav til informasjon og rådgjeving. Departementet fastsette 27. juni 2014 utfyllande reglar i forskrift som avklarte desse spørsmåla. Tilsvarande spørsmål måtte også avklarast i utfyllande reglar til tenestepensjonslova, og same dag fastsette Finansdepartementet forskrift til tenestepensjonslova. Begge forskriftene tok til å gjelde 1. september 2014.

5.1.3 Verdipapirhandel, verdipapirfond og alternative investeringsfond

Stortinget vedtok ved lov 20. juni 2014 nr. 28 ny lov om forvaltning av alternative investeringsfond. Lova gjennomfører venta framtidige EØS-reglar som svarer til AIFM-direktivet (direktiv 2011/61/EU), unnateke dei reglane som er knytte til det nye europeiske verdipapirmarknadstilsynet. Lova inneber at forvaltarar av alternative investeringsfond over visse terskelverdiar må ha løyve frå Finanstilsynet. Eit alternativt investeringsfond er eit fond som ikkje er eit UCITS-fond. Desse fonda er regulerte i EUs UCITS-direktiv og i den norske verdipapirfondlova. Det er vidare innført krav om løyve for å kunne drive grensekryssande marknadsføring av slike fond i EØS-området, og for å kunne marknadsføre slike fond til ikkje-profesjonelle investorar. Lova stillar mellom anna krav til organisering og god forretningsskikk, samt ein omfattande opplysningsplikt om fonda ovafor investorar. Det vart samstundes vedteke nokre endringar i verdipapirfondlova som følgje av ny lov om forvalting av alternative investeringsfond. Lovendringane er omtalte i Prop. 77 L (2013–2014). Finansdepartementet fastsette ved forskrift 26. juni 2014 nr. 877 utfyllande reglar til den nye lova om forvaltning av alternative investeringsfond. I forskrifta er det i hovudsak gjeve reglar som skal gjennomføre EUs utfyllande regelverk til AIFM-direktivet. Det vart samstundes gjort nokre endringar i forskrift 21. desember 2011 nr. 1467 til verdipapirfondlova. Mellom anna vart forbodet mot å marknadsføre spesialfond til ikkje-profesjonelle investorar oppheva, og erstatta av krav om løyve frå Finanstilsynet for å kunne drive slik marknadsføring. Lova og forskrifta tok til å gjelde 1. juli 2014.

Ved lov 20. juni 2014 nr. 29 vedtok Stortinget endringar i ulike lover på finansmarknadsområdet. Mellom anna vert det gjort endringar i børslova og verdipapirregisterlova om nye eigarkontrollreglar i børsar og verdipapirregister. Endringane vart sette i verk 1. juli 2014. Det vart vidare vedteke reglar for gjennomføring av EØS-reglar som svarer til ny forordning om grensekryssande betalingar, og lovfesta ein rett til behandling av sensitive personopplysningar ved autorisasjon for tilsette i verdipapirføretak, i tillegg til einskilde endringar i finanstilsynslova, verdipapirhandellova, verdipapirfondlova og finansieringsverksemdslova. Dei ulike lovendringane tok til å gjelde på ulike tidspunkt, hhv. fra 1. juli 2014 og 1. januar 2015.

Ved forskrift 15. august 2014 nr. 1077 vart forskrift 26. juni 2014 nr. 877 til lov om forvaltning av alternative investeringsfond endra. Endringa innebar at det vart fastsett at forordning (EU) nr. 694/2014 om kategorisering av forvaltarar for høvesvis opne og lukka alternative investeringsfond, gjeld som forskrift.

I endringsforskrift 10. november 2014 nr. 1420 vart EØS-reglar som svarer til forordning (EU) nr. 759/2013 gjennomført i verdipapirforskrifta § 7-13 første ledd. Forordninga gjeld opplysningskrav i prospekt for konvertible gjeldsinstrument og andre gjeldsinstrument som gjev ein rett til ombyting i utferdaren sine aksjar.

5.1.4 Eigedomsmekling

Stortinget vedtok ved lov 11. april 2014 nr. 12 nokre endringar i mellom anna eigedomsmeklingslova og finansieringsverksemdslova. Endringane i eigedomsmeklingslova gjeld oppgjer av eigedomshandlar, og inneber at eigedomsmeklar skal sørgje for at kjøparen får rettsvern for kjøpet før kjøpesummen vert disponert på vegner av seljaren. Formålet med lovendringa er å sikre at eigedomsoppgjeret skal skje på tryggast mogleg måte. Reglane kan fråvikast ved formidling av næringseigedom.

Finansdepartementet fastsette ved forskrift 26. juni 2014 nr. 875 nokre endringar i forskrift 23. november 2007 nr. 1318 om eigedomsmekling. Endringane omhandla oppgjer av eigedomshandlar og reglar om klientmidlar. Endringane tok til å gjelde 1. juli 2014.

Finansdepartementet fastsette ved forskrift 14. november 2014 nr. 1436 endringar i forskrift 23. november 2007 nr. 1318 om eigedomsmekling. Endringane gjaldt vidaresal av rett etter avtaler som nemnt i bustadoppføringslova § 1 første ledd bokstav b og § 1 a, der både seljaren og kjøparen er forbrukarar. Endringane tok til å gjelde 1. januar 2015.

Finansdepartementet fastsette ved forskrift 28. november 2014 nr. 1484 endringar i forskrift 23. november 2007 nr. 1318 om eigedomsmekling. Endringane gjaldt krav til forsikring for eigedomsmeklingsverksemd og reglar om klientmidlar. Endringane vert sette i kraft 1. juli 2015.

5.1.5 Rekneskap, revisjon og bokføring

Stortinget vedtok ved lov 20. juni 2014 nr. 29 endringar i revisorlovgjevinga, aksjelova og allmennaksjelova. Lovendringane inneber ei oppdatering av krava til innhaldet i Revisorregisteret som vert ført av Finanstilsynet, ei opprydding i regelverket der det vert stilt krav om statsautorisert revisor, og ei endring i revisjonspliktige si plikt til å sende grunngjeving til Finanstilsynet for opphøyr av revisjonsoppdrag. Lovendringane er omtalte i Prop. 87 L (2013–2014) og tok til å gjelde 1. juli 2014.

Finansdepartementet fastsette ved forskrift 28. januar 2014 nr. 56 overgangsreglar til lov 13. desember 2013 nr. 121 om endringar i bokføringslova. Overgangsreglane i forskrifta innebar at det i ein overgangsperiode vert fastsett lengre oppbevaringstid enn 5 år for visse typar dokumentasjon.

Ved forskrift 29. januar 2014 nr. 74 vedtok Finansdepartementet å vidareføre ordninga med utsett frist ved elektronisk innsending av årsrekneskapar og anna. Med heimel i forskrifta vert det gjeve ein månads utsetjing av fristen for å sende inn årsrekneskap dersom rekneskapen vert send inn elektronisk gjennom Altinn-portalen på internett, for rekneskapsår som er avslutta seinast 30. juni 2015. Utsett frist ved elektronisk innsending av årsrekneskap er 1. september i innsendingsåret.

Finansdepartementet vedtok ved forskrift 3. juli 2014 nr. 937 endringar i rekneskapsforskrifta som pålegg rekneskapspliktige å sende inn mellom anna årsrekneskapar elektronisk til Rekneskapsregisteret via Altinn-portalen på internett. På grunn av systemtekniske innskrenkingar i Altinn-portalen er det gjort einskilde unntak for indre verksemder og for rekneskapspliktige som set opp årsrekneskapane sine i samsvar med internasjonale rekneskapsstandardar etter rekneskapslova § 3-9. Forskrifta tok til å gjelde 1. januar 2015.

Finansdepartementet vedtok 11. desember 2014 nr. 1582 forskrift om endring av forskrift om overgangsreglar til lov 9. april 2013 nr. 15 om endringar i rekneskapslova og visse andre lover. Overgangsreglane opnar for at rapportering etter Global Compact og Det globale rapporteringsinitiativet kan erstatte utgreiinga som krevst etter rekneskapslova § 3-3 c første ledd. Overgangsreglane vert forlenga slik at dei gjeld også for rekneskapsårene 2014 og 2015.

Finansdepartementet fastsette ved forskrift 22. desember 2014 nr. 1865 endring av bokføringsforskrifta og enkelte andre forskrifter (tilpassingar til redusert oppbevaringstid etter bokføringslova). Endringane inneber at minstekravet til oppbevaringstid for dei fleste former for primærdokumentasjon vert fem år. Departementet oppheva samstundes forskrift 28. januar 2014 nr. 56 om overgangsreglar til lov 13. desember 2013 nr. 121 om endringar i bokføringslova, som vart fastsette samstundes med at endringane i reglane i bokføringslova tok til å gjelde 1. februar 2014.

5.1.6 Anna

Ved lov 11. april 2014 nr. 12 vert det gjort endringar i finansieringsverksemdslova, verdipapirhandellova og verdipapirfondlova om handsaming av tvistar i klagenemnder. Endringane inneber mellom anna at eit finansføretak som ikkje følgjer ei fråsegn frå ei klagenemnd i ein tvist med ein forbrukarkunde, skal dekkje sakskostnadene ved domstolsbehandling av tvisten. Vidare vart reglane om teieplikt i sentralbanklova, finanstilsynslova og folketrygdfondlova endra. Dessutan vart verdipapirregisterlova endra, slik at det vart opna for å gje innsyn i opplysningar som er underlagde teieplikt for forskingsformål. Lovforslaget vart fremja i Prop. 188 L (2012–2013). Lovendringane tok til å gjelde 1. juli 2014.

Ved lov 20. juni 2014 nr. 30 vedtok Stortinget ny lov om kredittvurderingsbyrå. Lova gjennomfører EØS-reglar som svarer til EU si forordning nr. 1060/2009, som inneheld nærare reglar for registrering av og tilsyn med kredittvurderingsbyrå, samt om utøving av kredittvurderingsbyråa sin organisasjon og verksemd. Lovendringane er omtalte i Prop. 87 L (2013–2014) Endringer i børsloven og verdipapirhandelloven og lov om kredittvurderingsbyråer, og tok til å gjelde 1. januar 2015.

Finansdepartementet fastset i samsvar med lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m. (forseinkingsrentelova) § 3, ein forseinkingsrentesats for kvart komande halvår. Satsen er lik styringsrenta til Noregs Bank, med eit tillegg på minst 8 prosentpoeng. 24. juni 2014 vart forseinkingsrenta fastsett til 9,50 pst. p.a., jf. forskrift 24. juni 2014 nr. 818 om renter ved forseinka betaling. Finansdepartementet fastsette samstundes ein standardkompensasjon for inndrivingskostnader i norske kroner til kr 320. 12. desember 2014 vart forseinkingsrenta fastsett til 9,25 pst. p.a., jf. forskrift 12. desember 2014 nr. 1594. Finansdepartementet fastsette samstundes ein standardkompensasjon for inndrivingskostnader i norske kroner til kr 330.

5.2 Fastsette forskrifter

Finansdepartementet fastsette 37 forskrifter på finansmarknadsområdet i 2014:

  • Forskrift 28. januar 2014 nr. 56 om overgangsreglar til lov 13. desember 2013 nr. 121 om endringer i bokføringsloven

  • Forskrift 29. januar 2014 nr. 74 om endring i forskrift 7. september 2006 nr. 1062 til utfylling og gjennomføring mv. av regnskapsloven av 17. juli 1998 nr. 56

  • Forskrift 31. januar 2014 nr. 97 om oppheving av forskrift 7. juli 1998 nr. 700 om at finansieringsvirksomhetsloven kapittel 2a om finanskonsern skal gjelde tilsvarende for Postbanken BA

  • Forskrift 31. januar 2014 nr. 98 om oppheving av forskrift 26. juni 1992 nr. 489 om overgangsregler til lov av 5. juni 1992 nr. 51 om Norges Postbank

  • Forskrift 26. mars 2014 nr. 349 om endring i forskrift 9. desember 2005 nr. 1421 om forsikringsformidling

  • Forskrift 6. mai 2014 nr. 608 om overgangsregler til lov 11. april 2014 nr. 12 om endringer i finansieringsvirksomhetsloven og eiendomsmeglingsloven mv. (klagenemndbehandling og oppgjør av eiendomshandler)

  • Forskrift 12. mai 2014 nr. 627 om identifisering av systemviktige finansinstitusjoner

  • Forskrift 24. juni 2014 nr. 818 om renter ved forsinket betaling og kompensasjon for inndrivelseskostnader

  • Forskrift 26. juni 2014 nr. 875 om endring i forskrift 23. november 2007 nr. 1318 om eiendomsmegling (oppgjør av eiendomshandler)

  • Forskrift 26. juni 2014 nr. 877 til lov om forvaltning av alternative investeringsfond

  • Forskrift 27. juni 2014 nr. 885 til tjenestepensjonsloven

  • Forskrift 27. juni 2014 nr. 886 om endring i forskrift 1. desember 2000 nr. 1212 til foretakspensjonsloven og forskrift 30. juni 2006 nr. 869 om livsforsikring

  • Forskrift 2. juli 2014 nr. 932 om delvis ikrafttredelse av lov 14. desember 2012 nr. 84 om endringer i finanstilsynsloven, banksikringsloven og foretakspensjonsloven

  • Forskrift 3. juli 2014 nr. 937 om endring i forskrift 7. september 2006 nr. 1062 til utfylling og gjennomføring mv. av regnskapsloven av 17. juli 1998 nr. 56

  • Forskrift 15. august 2014 nr. 1077 om endring i forskrift 26. juni 2014 nr. 877 til lov om forvaltning av alternative investeringsfond

  • Forskrift av 20. august 2014 nr. 1093 om endring i forskrift 29. juni 2007 nr. 876 til verdipapirhandelloven (verdipapirforskriften)

  • Forskrift 22. august 2014 nr. 1094 om endring i forskrift 1. desember 2010 nr. 1507 om godtgjørelsesordninger i finansinstitusjoner, verdipapirforetak og forvaltningsselskap for verdipapirfond

  • Forskrift 22. august 2014 nr. 1095 om endring i forskrift 14. desember 2006 nr. 1506 om kapitalkrav for forretningsbanker, sparebanker, finansieringsforetak, holdingsselskaper i finanskonsern, verdipapirforetak og forvaltningsselskaper for verdipapirfond mv.

  • Forskrift 22. august 2014 nr. 1096 om endring i forskrift 29. juni 2007 nr. 876 til verdipapirhandelloven (verdipapirforskriften)

  • Forskrift 22. august 2014 nr. 1097 om kapitalkrav og nasjonal tilpasning av CRR/CRD IV (CRR/CRD IV-forskriften)

  • Forskrift 22. august 2014 nr. 1098 om endring i forskrift 16. desember 1998 nr. 1240 om årsregnskap m.m. for banker, finansieringsforetak og morselskap for slike og forskrift 23. august 1999 nr. 957 om årsregnskap for verdipapirforetak

  • Forskrift 22. august 2014 nr. 1103 om endring i forskrift 1. juni 1990 nr. 435 om beregning av ansvarlig kapital for finansinstitusjoner, oppgjørssentraler og verdipapirforetak

  • Forskrift 22. august 2014 nr. 1104 om endring i forskrift 25. mai 2007 nr. 550 om kredittforetak som utsteder obligasjoner med fortrinnsrett i en sikkerhetsmasse bestående av offentlige lån, utlån med pant i bolig eller annen fast eiendom

  • Forskrift 22. august 2014 nr. 1105 om endring i forskrift 22. desember 2006 nr. 1615 om kredittinstitusjoners og verdipapirforetaks store engasjementer

  • Forskrift 10. oktober 2014 nr. 1302 om endring i forskrift 28. juni 1996 nr. 678 om norske kredittinstitusjoners virksomhet i annen stat i Det europeiske økonomiske samarbeidsområde.

  • Forskrift 21. oktober 2014 om endring i forskrift 7. september 2006 nr. 1062 til utfylling og gjennomføring mv. av regnskapsloven av 17. juli 1998 nr. 56

  • Forskrift 3. november 2014 nr. 1415 om endringer i forskrift 21. januar 2008 nr. 57 om forenklet anvendelse av internasjonale regnskapsstandarder og enkelte andre forskrifter

  • Forskrift 10. november 2014 nr. 1420 om endring i forskrift 29. juni 2007 nr. 876 til verdipapirhandelloven (verdipapirforskriften)

  • Forskrift 13. november 2014 nr. 1433 om endring i forskrift 14. desember 2006 nr. 1506 om kapitalkrav for forretningsbanker, sparebanker, finansieringsforetak, holdingselskaper i finanskonsern, verdipapirforetak og forvaltningsselskaper for verdipapirfond mv. (kapitalkravsforskriften) og forskrift 22. august 2014 nr. 1097 om kapitalkrav og nasjonal tilpasning av CRR/CRD IV (CRR/CRD IV-forskriften)

  • Forskrift 14. november 2014 nr. 1436 om endring i forskrift 23. november 2007 nr. 1318 om eiendomsmegling

  • Forskrift 28. november 2014 nr. 1484 om endring i forskrift 23. november 2007 nr. 1318 om eiendomsmegling

  • Forskrift 11. desember 2014 nr. 1582 om endring i forskrift om overgangsregler til lov 19. april 2013 nr. 15 om endringer i regnskapsloven og enkelte andre lover

  • Forskrift 12. desember 2014 nr. 1593 om endring i forskrift 14. desember 2006 nr. 1506 om kapitalkrav for forretningsbanker, sparebanker, finansieringsforetak, holdingselskap i finanskonsern, verdipapirforetak og forvaltningsselskap for verdipapirfond mv.

  • Forskrift 12. desember 2014 nr. 1594 om renter ved forsinket betaling og kompenasjon for inndrivelseskostnader og oppheving av forskrift 24. juni 2014 nr. 818

  • Forskrift 18. desember 2014 nr. 1713 om ikraftsetting av endringer i verdipapirhandelloven (sentrale motparter) og om endringer i verdipapirforskriften.

  • Forskrift 18. desember 2014 nr. 1776 om endring i forskrift 17. desember 2004 nr. 1852 om gjennomføring av EØS-regler om vedtatte internasjonale regnskapsstandarder

  • Forskrift 22. desember 2014 nr. 1865 om endring i bokføringsforskriften 29. juni 2007 nr. 875 og enkelte andre forskrifter (tilpasninger til redusert oppbevaringstid etter bokføringsloven)

5.3 Løyve i forvaltningssaker

Maritim & Merchant Bank fekk 28. januar 2014 løyve til å starte verksemd som forretningsbank med heimel i forretningsbanklova § 8. Løyvet er gjeve på vilkår.

Sparebanken Sør fekk 29. januar 2014 løyve til å fusjonere Sør Boligkreditt AS og Pluss Boligkreditt AS. Løyvet er gjeve med heimel i finansieringsverksemdlova § 3-6. Pluss Boligkreditt AS er overtakande selskap og nytt namn var Sør Boligkreditt.1

LCH. Clearnet Limited fekk 31. januar 2014 løyve til å drive verksemd som sentral motpart i Noreg. Løyvet er gjeve med heimel i verdipapirhandellova § 13-1.

KLP Boligkreditt fekk 5. februar 2014 løyve til å drive kredittverksemd med heimel i finansieringsverksemdlova § 3-3. Føretaket skal utferde obligasjonar med fortrinnsrett.

GE Capital AB fekk 14. februar 2014 løyve til å oppretthalde eigardel på 100 pst. i GE Capital AS. Løyvet er gjeve med heimel i finansieringsverksemdlova § 3-3. Løyvet er gjeve på vilkår.

BKK Energitjenester AS fekk 27. februar 2014 dispensasjon frå kravet om løyve til å drive finansieringsverksemd etter finansieringsverksemdlova § 3-3. Dispensasjonen er gjeven på vilkår.

Landsorganisasjonen i Norge (LO) og tilknytte forbund fekk 26. juni 2014 løyve til å eige 29,92 pst. av aksjane i Bank 1 Oslo Akershus AS, mot samla 28,4 pst. i eit løyve frå 26. april 2013. Løyvet frå 26. april 2013, om at LO aleine kan eige 19,0 pst. av aksjane i Bank 1 Oslo Akershus AS, vart ikkje endra. Vilkåra som vart stilte i løyvet 26. april 2013, vart heller ikkje endra.

Tromsø Kommunale Pensjonskasse fekk 28. august 2014 løyve til å verte etablert som kommunal pensjonskasse. Pensjonskassen skal drive kollektiv pensjonsforsikring, som vert rekna som livsforsikring etter forsikringsverksemdlova § 7-3.

Norexeco ASA fekk 11. september 2014 løyve til å drive verksemd som regulert marknad for omsetning av varederivat med skog- og papirrelaterte produkt som underliggjande vare. Løyvet er gjeve med heimel i lov om regulerte marknader (børsloven) § 4.

Intrum Justitia Finans AS fekk 23. september 2014 løyve til å drive finansieringsverksemd med heimel i finansieringsverksemdlova § 3-3, jf. res. 10. juni 1988 nr. 457. Løyvet er gjeve på vilkår.

European Commodity Clearing AG fekk 23. september 2014 løyve til å drive verksemd som sentral motpart i Noreg. Løyvet er gjeve med heimel i verdipapirhandellova § 13-1.

Norland Infrastruktur AS fekk 30. september 2014 dispensasjon frå kravet om løyve til å drive finansieringsverksemd etter finansieringsverksemdlova § 3-3. Dispensasjonen er gjeven på vilkår.

Nordnet livsforsikring AS fekk 14. oktober 2014 løyve til å drive livsforsikringsverksemd etter forsikringsverksemdlova § 2-1. Føretaket skal tilby individuell kapitalforsikring med unntak for uføredekning. I samband med dette vart det den 3. november 2014 gjeve løyve til å overdrage forsikringsporteføljen frå Nordnet Pensjonsförsäkring AB til Nordnet livsforsikring AS der forsikringstakaren er heimehøyrande i Noreg.

Smartcash AS og MPayment AS fekk 23. oktober 2014 løyve til å slå saman føretaka. Føretaket endra samstundes namn til Strex AS. Løyvet er gjeve med heimel finansieringsverksemdlova § 3-6.

Nettbuss AS fekk 25. oktober 2014 løyve til å etablere pensjonskasse under namn Nettbuss Pensjonskasse AS. Pensjonskassa skal driva kollektiv pensjonsforsikring som vert rekna som livsforsikring etter forsikringsverksemdlova § 7-3. Pensjonskassen er etablert som kommunal pensjonskasse med virkeområdet i samsvar med forsikringsverksemdlova § 10-1.

SIX x-clear Ltd fekk 30. oktober 2014 løyve til å drive verksemd som sentral motpart i Noreg. Løyvet er gjeve med heimel i verdipapirhandellova § 13-1.

Gard Marine & Energy Insurance (Europe) AS fekk 13. november 2014 løyve til å drive skadeforsikringsverksemd etter forsikringsverksemdlova § 2-1. Løyva til å drive verksemd som skadeforsikringsselskap, føresett at fusjonen mellom Gard Marine & Energy Insurance (Europe) AS og Gard Marine & Energy Försäkring AB er trådd i kraft. Gard Marine & Energy Insurance (Europe) AS kan ikkje pådrage seg forsikringsforpliktingar før fusjonen trer i kraft.

Hafslund Offentlige Felles Pensjonskasse og Hafslund Private Felles Pensjonskasse fekk 18. november 2014 løyve til å slå seg saman med heimel i forsikringsverksemdlova § 7-12. Hafslund Offentlige Felles Pensjonskasse var overtakande pensjonskasse, og endra samstundes namn til Hafslund og Infratek Pensjonskasse.

Asker Kommunale Pensjonskasse fekk 26. november 2014 løyve til å verte etablert som kommunal pensjonskasse. Pensjonskassa skal drive kollektiv pensjonsforsikring som vert rekna som livsforsikring etter forsikringsverksemdlova § 7-3.

Klepp Sparebank og Time Sparebank fekk 11. desember 2014 løyve til å slå seg saman. Klepp Sparebank var overtakande part i fusjonen, og banken skal vidareførast som Jæren Sparebank. Løyvet er gjeve på vilkår. Det vart samstundes gjeve løyve til å etablere Sparebankstiftelsen Klepp. I den forbindelse vart det gjeve løyve til konvertering av Klepp Sparebanks grunnfondskapital, og til å utferda nye eigenkapitalbevis.

Bærum kommunale pensjonskasse fekk 16. desember 2014 løyve til å verte etablert som kommunal pensjonskasse. Pensjonskassa skal drive kollektiv pensjonsforsikring som vert rekna som livsforsikring etter forsikringsverksemdlova § 7-3.

Nordkraft AS fekk 19. desember 2014 løyve til å etablere pensjonskasse under namnet Nordkraft Pensjonskasse. Pensjonskassa skal drive kollektiv pensjonsforsikring som vert rekna som livsforsikring etter forsikringsverksemdlova § 7-3. Pensjonskassa er etablert som kommunal pensjonskasse etter forsikringsverksemdlova § 10-1.

Lofotkraft AS fekk 19. desember 2014 løyve til å etablere pensjonskasse under namnet Lofotkraft Pensjonskasse. Pensjonskassa skal driva kollektiv pensjonsforsikring som vert rekna som livsforsikring etter forsikringsverksemdlova § 7-3.

Finanstilsynet fekk i 2014 15 nye søknader om løyve til å drive betalingsverksemd. Blant dei var 11 søknader om løyve avgrensa til pengeoverføringar. To av verksemda som søkte fekk løyve til å drive som ordinære betalingsføretak, medan ein verksemd fekk løyve avgrensa til å yta pengeoverføringar. 4 søknader er avslege, medan 8 framleis er til handsaming.

I 2011 og 2012 gav Finanstilsynet tidsavgrensa løyver til enkelte verksemder avgrensa til å yta pengeoverføringar. Verksemder som vert gjeve slikt løyve, måtte, etter to års drift, søkje om fornya løyve. I 2013 og 2014 har Finanstilsynet motteke 16 søknader om fornya løyve, medan to verksemder har levert tilbake løyva sine. Finanstilsynet ferdigbehandla 3 av desse søknadene i 2013, medan 11 av desse søknadene vart ferdigbehandla i 2014. Fire verksemder fekk i 2014 fornya løyva sine, medan sju verksemder fekk avslag. To søknader er framleis til handsaming.

Finanstilsynet fekk i 2014 36 søknader om løyve til å forvalte alternative investeringsfond, før overgangsperioden gjekk ut 1. januar 2015. 15 av verksemda som søkte fekk løyve til å forvalte alternative investeringsfond. Dei fleste av dei resterande søknadene er framleis til handsaming i Finanstilsynet.

Elles nemner departementet to saker der departementet har gjort justeringar av vilkår knytte til tidlegare gjevne løyve:

Finansdepartementet presiserte i brev 6. mars 2014 eit vilkår i samband med departementet sitt vedtak 20. desember 2013, der Komplett AS fekk løyve til å drive verksemd som forretningsbank og til å eige inntil 20 pst. av aksjane i Komplett Bank ASA. Komplett AS skal, ved vurderinga av om grensa for eigarskap var nådd, konsoliderast med mellom anna leiande tilsette i banken som samtidig er tilsette i Komplett AS eller har anna nær tilknyting til Komplett AS.

Finansdepartementet presiserte i brev 18. juni 2014 eit vilkår i samband med løyve gjeve til OBOS i vedtak 21. mai 2013, der OBOS fekk løyve til å drive forretningsbank gjennom OBOS Banken AS. Vilkåret gjaldt høve til å gje lån til nærståande.

Fotnotar

1.

Nytt namn 1. januar 2015: Sparebanken Sør Boligkreditt AS

Til forsida