Meld. St. 22 (2014-2015)

Finansmarknadsmeldinga 2014

Til innhaldsliste

8 Verksemda til Folketrygdfondet

8.1 Innleiing

Folketrygdfondet er eit statleg særlovselskap som har til oppgåve å forvalta Statens pensjonsfond Noreg (SPN) på vegne av Finansdepartementet. Verksemda i fondet er regulert gjennom eit overordna mandat som er fastsett av departementet, medan styret i Folketrygdfondet er ansvarleg for den operative forvaltninga. Målet med Folketrygdfondet si forvaltning av SPN er høgast mogleg avkastning målt i norske kroner. Finansdepartementet følgjer opp Folketrygdfondet si forvaltning av SPN mellom anna gjennom kvartalsvise møte.

Folketrygdfondet si forvaltning av SPN er omtalt i Meld. St. 21 (2014–2015) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2014, der departementet òg gjer greie for sine vurderingar av dei oppnådde resultata i forvaltninga. Folketrygdfondet forvalta i 2014 også Statens obligasjonsfond, men dette fondet vart avvikla i løpet av året, jf. omtale i Nasjonalbudsjettet 2015.

Folketrygdfondet har for 2014 utarbeidd ein årsrapport om forvaltninga av SPN og Statens obligasjonsfond, jf. ovanfor. I tillegg har Folketrygdfondet utarbeidd kvartalsrapportar om SPN. Årsrapporten frå Folketrygdfondet følgde som utrykt vedlegg til Meld. St. 21 (2014–2015).

I samsvar med § 13 i lov om Folketrygdfondet har departementet peika ut ein ekstern revisor til å revidera rekneskapen for Folketrygdfondet, inkludert forvaltninga av SPN. Det skjedde etter ein offentleg konkurranse der tilbydaren med det samla sett økonomisk beste tilbodet fekk tilslaget. Det er òg inngått ei avtale med revisor om eit attestasjonsoppdrag for å stadfesta at forvaltninga av SPN er i samsvar med lov, mandat, forskrift o.a. som er fastsette av departementet. Riksrevisjonen skal følgja opp og føra tilsyn med Finansdepartementet som forvaltar av Statens pensjonsfond og eigar av Folketrygdfondet, jf. riksrevisjonslova § 9.

Departementet har i ei særskild forskrift fastsett nærare reglar om korleis rekneskapen for Folketrygdfondet skal førast, jf. forskrift 8. desember 2011 nr. 1217 om årsregnskap m.m. for Folketrygdfondet. Etter lov om Folketrygdfondet § 12 skal årsrekneskapen og årsmeldinga til Folketrygdfondet godkjennast av departementet og leggjast fram for Stortinget. Finansdepartementet godkjende årsrekneskapen og årsmeldinga 27. mars 2015.

8.2 Leiing og administrasjon

Folketrygdfondet har eit styre på sju medlemer, med to fast møtande varamedlemer, jf. lov om Folketrygdfondet § 8. Styret i Folketrygdfondet består av følgjande personer:

  • advokat Erik Keiserud (leiar)

  • siviløkonom og rådgjevar Mai-Lill Ibsen (nestleiar)

  • siviløkonom og banksjef Marianne Hansen

  • dr. polit., førsteamanuensis og forskar II Per Botolf Maurseth

  • professor i finansiell økonomi Bernt Arne Ødegaard

  • konsernsjef og statsautorisert revisor Maalfrid Brath

  • siviløkonom og administrerande direktør Renate Larsen

Faste vararepresentantar:

  • dr. oecon. og førsteamanuensis Trond M. Døskeland

  • advokat og rådgjevar Anne Kvam

Ved handsaming av administrative saker vert styret supplert med éit medlem og éin observatør som vert valde av og blant dei tilsette. Tilsettvalde medlem er Henrik Fosby.

Styret i Folketrygdfondet har sett ned eit saksførebuande revisjonsutval med Mai-Lill Ibsen (leiar), Renate Larsen og Maalfrid Brath.

Styret i Folketrygdfondet har og sett ned eit saksførebuande godtgjerningsutval med Erik Keiserud (leiar), Marianne Hansen og Anne Kvam.

Ved utgangen av 2014 hadde Folketrygdfondet 51 tilsette. Kvinner utgjorde 37 pst. Ved årsskiftet sat ni personar i leiargruppa i Folketrygdfondet, av dei var fire kvinner.

I årsmeldinga av 3. mars 2015 har styret i Folketrygdfondet gjort greie for styrearbeidet i 2014. Det er halde ni styremøte i 2014, med eit oppmøte på i gjennomsnitt 90 pst. Styret nemner i meldinga si at det gjennom 2014 har vore arbeidd mykje med grundig gjennomgang og oppdatering av strategisk plan for investeringsverksemda. Styret ser kontrollsystema og kontrollmiljøet i Folketrygdfondet som gode, og det er ikkje avdekt vesentlege operasjonelle feil i drifta.

8.3 Statens pensjonsfond Noreg

Marknadsverdien til SPN var ved utgangen av 2014 185,7 mrd. kroner, som er 17,9 mrd. kroner høgare enn ved inngangen til året. Verdien av aksjane i SPN utgjorde ved årsskiftet 107,9 mrd. kroner.

Gevinst og tap på finansielle eigendelar og gjeld til verkeleg verdi over resultatet utgjorde 18 034 mill. kroner. Av dette utgjorde renteinntekter 2 896 mill. kroner, utbyte 5 265 mill. kroner og andre porteføljeinntekter og -kostnader -571 mill. kroner. Forvaltningskostnadene utgjorde 140 mill. kroner, og dei vert dekte ved at godtgjersla til Folketrygdfondet vert trekt frå bruttoavkastninga i SPN.

I 2014 var avkastninga av SPN 10,7 prosent målt nominelt i kroner, og resultatet er prega av oppgang i aksjemarknadene og ein god utvikling for obligasjonar i fjor. Folketrygdfondet oppnådde i 2014 eit høgare resultat enn referanseindeksen. Meiravkastninga vart 2,1 prosentpoeng før forvaltningskostnader.

Styret i Folketrygdfondet peikar i årsmeldinga for 2014 på at dei vurderer det slik at det strukturelle rammeverket som no er etablert, er tenleg for dei oppgåvene Folketrygdfondet er sett til å ta seg av.

I årsmeldinga for 2014 peikar styret på at Folketrygdfondet vert vurdert til å ha eit godt risikostyringssystem for forvaltninga av SPN jamført med beste praksis. Dei fastsette risikorammene ligg etter styret si vurdering på eit forsvarleg nivå, og den forventa relative volatiliteten har i 2014 lege innanfor dei fastsette rammene.

Ekstern revisor for Folketrygdfondet, Ernst & Young, har gjeve revisjonsmelding for 2014. Ifølgje meldinga er årsrekneskapen for SPN levert i samsvar med lov og forskrifter og gjev eit rett bilete av den økonomiske stillinga til SPN per 31.12.2014 og av resultatet i rekneskapsåret, i samsvar med god rekneskapsskikk i Noreg.

Ei nærare vurdering av Folketrygdfondets si forvaltning av SPN er gjeven i Meld. St. 21 (2014–2015).

8.4 Særlovselskapet Folketrygdfondet

Administrasjonskostnadene til Folketrygdfondet utgjorde 144 mill. kroner i 2014 medrekna utbytte til staten. Dei samla administrasjonskostnadene var snaut 1 mill. kroner lågare enn i 2013. Overførte forvaltningshonorar frå SPN utgjorde i følge Folketrygdfondet 140 mill. kroner, eller 0,083 prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital i 2014. Dette er innanfor ramma som er fastsett av departementet.

Årsrekneskapen for Folketrygdfondet for 2014 viser eit overskot på om lag 1,4 mill. kroner. Det er gjort framlegg om at beløpet vert sett av til utbyte til staten, jf. Prop. 1 S (2009–2010). Folketrygdfondet sin eigenkapital var 31. desember 2014 på 27,6 mill. kroner, mot 46,7 mill. kroner ved utgangen av 2013. Reduksjonen i eigenkapitalen mjå sjåast i samband med skyldnader knytte til pensjonar.

Ekstern revisor for Folketrygdfondet konkluderer i si revisjonsmelding for 2014 med at årsrekneskapen for Folketrygdfondet er avgjeven i samsvar med lov og forskrifter og gjev eit korrekt bilete av den økonomiske stillinga per 31.12.2014 og av resultatet i rekneskapsåret, i samsvar med god rekneskapsskikk i Noreg.

Revisor har for året 2014 fått i oppdrag å gjennomføra eit attestasjonsoppdrag knytt til rammeverket for risikostyring og kontroll av aktiv forvalting. Revisor konkluderer i attestasjonsfråsegna si med at utforminga og gjennomføringa av rammeverket i det alt vesentlegaste er i samsvar med internasjonalt anbefalt praksis og leiiande praksis.

Til forsida