Meld. St. 29 (2020–2021)

Heilskapleg nasjonal plan for bevaring av viktige område for marin natur

Til innhaldsliste

5 Tiltak for bevaring av viktige område for marin natur

Regjeringa legg med denne meldinga fram ein heilskapleg nasjonal plan for bevaring av viktige område for marin natur. Planen vil sørgje for at bevaringstiltaka er målretta og effektive. Meldinga byggjer vidare på den politikken for bevaring av natur som blei nedfelt i Meld. St. 14 (2014–2015) Natur for livet (naturmangfaldmeldinga). Bevaring av viktige område for marin natur vil ha effekt på levering av økosystemtenester i havet, som biologisk produksjon, grunnlag for hausting og verdiskaping og kor robuste dei er mot effektar av klimaendringar.

Eitt av dei grunnleggjande prinsippa for havpolitikken frå regjeringa er å fremje berekraftig bruk og bevaring av marine økosystem, jf. Meld. St. 20 (2019–2020) Helhetlige forvaltningsplaner for de norske havområdene. Berekraftig bruk handlar mykje om tiltak og metodar for å sikre at aktivitetane skjer på skånsamt vis og unngår eller avgrensar skadar på naturmangfald og økosystem. Bevaringstiltak set naturen i sentrum og inneber vern eller beskyttelse av eit geografisk avgrensa område med viktig naturmangfald.

Den nasjonale planen for bevaring av viktige område for marin natur er viktig i den vidare utviklinga av ei heilskapleg og berekraftig norsk havforvaltning.

5.1 Gjennomføring av marin verneplan frå 2004

Marint vern etter naturmangfaldlova skal bidra til at eit utval av representative, særeigne, sårbare eller trua marine undersjøiske naturtypar og naturverdiar langs kysten og i territorialfarvatnet blir tekne vare på for framtida. Områda skal – saman med areal som er beskytta etter anna lovverk – danne eit nettverk av verna og beskytta område som skal ta vare på økosystem og naturverdiar. Områda skal dekkje variasjonsbreidda i norsk marin natur.

Marin verneplan frå 2004 skal halde fram. Av dei 36 kandidatområda som inngår i marin verneplan frå 2004, er så langt 16 verna etter naturmangfaldlova og 3 beskytta etter havressurslova. Nokre av dei resterande områda kan ikkje vernast etter naturmangfaldlova fordi dei ligg utanfor territorialgrensa. For mellom anna å utgjere eit representativt utval av naturtypane i norske havområde må områda i marin verneplan også supplerast med fleire område.

Tidleg og god lokal medverknad i arbeidet er viktig i verneprosessar etter naturmangfaldlova og blir mellom anna gjord med lokale referansegrupper, opne innspelsmøte m.m. Vidare er det viktig med god medverknad frå relevante sektorar. Alle forslaga om vern eller anna bevaring skal greiast ut i tråd med reglane i utgreiingsinstruksen, noko som mellom anna inneber å vurdere ulike alternativ, at både positive og negative konsekvensar av eit forslag skal greiast ut. Det er eit mål å vere open i slike prosessar og sørgje for at innhaldet i prosessane er tilgjengeleg for interesserte partar.

Regjeringa vil:

  • Ta sikte på å innan 2024 ha starta opp verneprosessar for dei resterande områda som inngår i verneplanen frå 2004, basert på kunnskapen vi har i dag om naturverdiar og relevant aktivitet.

  • Sørgje for god involvering av sektormyndigheiter, fylkeskommunar, kommunar og andre lokale interesser.

  • Starte ein vidare prosess kopla til forvaltningsplanane for å vurdere korleis vi skal supplere verneplanen frå 2004 med ytterlegare område.

5.2 Vern og bevaring utanfor 12 nautiske mil

Det er område med betydelege naturverdiar utanfor territorialgrensa òg. Regjeringa varsla i Meld. St. 20 (2019–2020) ei vurdering av behovet for vern eller beskyttelse av særeigne og sjeldne naturverdiar i djuphavet.

Ivaretaking av havområda utanfor territorialgrensa skjer i dag gjennom sektorlovgivinga og etter dei overordna prinsippa i naturmangfaldlova, jf. nærare omtale mellom anna i kapittel 3. Det er i dag ikkje heimel for å opprette marine verneområde eller anna vern etter miljøvernlovgivinga i desse områda, og områda blir heller regulerte gjennom tiltak under til dømes havressurslova, petroleumslova, havbotnsminerallova og forureiningslova. Vi bruker i aukande grad havet til både eksisterande og ny verksemd. Då naturmangfaldlova blei vedteken, blei det semje i Stortinget om at regjeringa skulle greie ut om det geografiske verkeområdet til lova i framtida også skulle omfatte havområda og sokkelen utanfor territorialgrensa.

Ei utgreiing bør sjå på om og eventuelt korleis lovgivinga vi har i dag, kan forbetrast.

Regjeringa vil:

  • Gjere ein gjennomgang av om og eventuelt korleis dagens lovgiving for vern og bevaring utanfor 12 nautiske mil kan forbetrast.

5.3 Effektiv bevaring gjennom arealbaserte sektortiltak

Sektorlovgivinga gir moglegheita for å beskytte marin natur mot skade som følgje av aktivitet i den einskilde sektoren. Fleire sektortiltak er difor, saman med marine verneområde, viktige bidrag til bevaring av marine område med viktig natur. Til dømes er 18 korallrevområde langs kysten beskytta gjennom bruk av havressurslova mot skade frå fiskeria. Samstundes har vi i Noreg ikkje ei systematisk tilnærming for å kunne vurdere korleis bevaringstiltak i medhald av ulike sektorregelverk bidreg til effektiv bevaring.

Utgangspunktet for ei slik vurdering er at vi veit kva slags natur som blir bevart gjennom tiltaket. For dei kystnære områda har vi generelt eit godt kunnskapsgrunnlag om miljøverdiar og kvar vi har område med bevaringsverdig natur. I havområda lenger ut frå kysten er kunnskapen varierande og ofte mindre detaljert. Vurderinga av kunnskapen skjer i første rekkje i arbeidet med å identifisere dei særleg verdifulle og sårbare områda (SVO). Samstundes har vi store havareal med sektortiltak som bidreg til effektiv bevaring, og som byggjer på kunnskap om naturverdiane frå langvarig og omfattande havforsking.

Fiskeridirektoratet og Miljødirektoratet har nyleg gjennomført vurderingar av den arealmessige utbreiinga av relevante fiskeritiltak og betydninga deira for bevaring. Sjå nærare omtale i kapittel 4. Med utgangspunkt i desse vurderingane og arbeidet med SVO-ane legg regjeringa opp til ein systematisk gjennomgang av korleis tiltak i dei enkelte sektorane bidreg til effektiv bevaring. Vurderinga vil i tillegg omfatte korleis bevaringstiltak i ein sektor heng saman med aktivitetar i andre sektorar.

Regjeringa vil:

  • Etablere ei meir systematisk tilnærming til bevaring av viktige område for marin natur gjennom marine verneområde og andre effektive arealbaserte tiltak. Ein slik gjennomgang skal prioritere SVO-ar og inkludere område som er omfatta av dei mest relevante bevaringstiltaka etter sektorlovgivinga.

5.4 Noregs rapportering etter internasjonale mål

Når Noreg sluttar seg til nye og høgare globale mål for bevaring av viktige område for marin natur, er det naturleg å gjere ei ny vurdering av den norske praksisen for rapportering.

Samanlikna med andre land har Noreg lagt opp til ein streng praksis for rapportering av bidraget vårt til å oppfylle dei internasjonale måla om bevaring.

Regjeringa vil vurdere korleis fleire andre effektive arealbaserte bevaringstiltak, slik som i fiskerisektoren, skal kunne kalkulerast inn når Noregs «verneprosent» blir meldt inn internasjonalt til konvensjonen om biologisk mangfald (CBD). Samstundes må vi halde ved lag dei grunnleggjande krava til innhald i og kvalitet på tiltaka i områda som det blir rapportert om. Det skal særleg leggjast vekt på område som er særleg viktig for biologisk mangfald og økosystemtenester, og at tiltaka effektivt beskyttar desse verdiane.

Regjeringa vil:

  • Setje i gang ein eigen prosess for å gjennomgå og vurdere praksisen for rapportering av Noregs bidrag til å oppfylle dei internasjonale måla om bevaring. Det faglege arbeidet vil skje under leiing av Miljødirektoratet og Fiskeridirektoratet, med mellom anna hjelp frå Havforskingsinstituttet.

5.5 Marine bevaringsområde som tiltak for karbonbinding

Marint vern og restaurering blir i klimasamanheng omtalte som naturbaserte løysingar på grunn av evna dei ulike økosystema har til å ta opp og lagre karbon. Bevaringsområde kan til dømes beskytte marine artar eller område med sediment som i stor grad tek opp og lagrar karbon, slik at funksjonen deira som karbonlager blir sikra og forsterka i klimasamanheng. Marine verneområde og nettverk av verneområde og beskytta område er også eit aktuelt tiltak for å gjere havøkosystema meir robuste mot klimaendringar.

Regjeringa legg opp til å gjennomføre prosessar med kartlegging og utgreiing av eigna område for bevaring av verdifulle område for naturmangfald og karbonlagring i kystsona i regi av statsforvaltarane, i samarbeid med kommunane. Hensikta er å setje i verk tiltak for å motverke tap av marine naturtypar med særleg verdi for både naturmangfaldet og for binding av karbon, slik som mellom anna våtmark.

Naturmangfaldlova nemner ikkje eksplisitt klimaomsyn som eit aktuelt verneformål, sjølv om klimaendringar kan vere eit relevant moment i vurderinga av kva for område som kan vernast etter naturmangfaldlova § 39. Ved vurderinga av bevaringstiltak i marint miljø med klimaomsyn som del av grunngivinga, bør dette sjåast i samanheng med marine våtmarker, karbonlagring i strandsona og strandenger mv. og produktive og rike forhold som på stader der det òg er tilførsel av ferskvatn til sjøen. Det er vidare eit spørsmål om gjeldande regelverk er dekkjande, eller om det er behov for justeringar i verkemidla eller verkemiddelbruken. Regjeringa vil vurdere dette nærare som ein del av det vidare arbeidet med marint vern og anna bevaring.

Regjeringa vil:

  • Kartleggje marine område som er viktige for karbonlagring med sikte på bevaring.

  • Greie ut behov for endringar i lovgivinga for å gi klimaomsyn status som eit sjølvstendig bevaringsomsyn.

5.6 Bevaringsprosjekt for naturmangfald og auka biologisk produksjon

Å byggje opp igjen økosystem til god miljøtilstand eller restaurering av område som har vore utsette for stor påverknad, er aktuelt i marine miljø òg. I nokre område, særleg i kystnære, har økosystema blitt sterkt påverka av menneskeleg aktivitet. Mange sterkt påverka marine økosystem har vist seg å kunne byggjast opp igjen over tid om ein reduserer eller fjernar lokale påverknadsfaktorar i delar av dei aktuelle områda. I områda prega av påverknad kan slik naturleg tilbakeføring av artar, sunn aldersstruktur i bestandane og økosystemfunksjonar sikre auka økologisk kvalitet og styrkje naturlege prosessar og den biologiske produksjonen.

Som eit ledd i arbeidet med bevaringstiltak og naturbaserte løysingar ønskjer regjeringa å etablere eit prosjekt med eitt eller fleire større marine verneområde i Nordsjøen–Skagerrak–Oslofjorden, som vil veljast ut på grunnlag av faglege råd. Formålet vil vere å naturleg byggje opp igjen økosystemet og grunnlaget for hausting og samstundes byggje opp kunnskapen om effekten av slike marine verneområde. Det bør knytast kartlegging og overvaking av tilstanden og forsking på effektane av vernetiltaka til eit slikt prosjekt. Arbeidet kan byggje på fagleg arbeid som er gjennomført i seinare år mellom anna i Ytre Oslofjord, knytt til nasjonalparkane Færder og Ytre Hvaler.

Det er sterke kunnskapsmiljø knytte til havmiljø i Noreg. Desse kan vidareutvikle kunnskap og kompetanse for havforvaltning gjennom ein ny og målretta fagleg innsats retta mot bevaringsområde og effekten på økosystema. Tiltaket vil vere ei målretta satsing på betring av havmiljø, det vil vere venta at det får positiv effekt for økosystema og haustingspotensialet. Samstundes er det relevant som ein betydeleg fagleg innsats frå norsk side for både FNs tiår for havforsking for berekraftig utvikling (2021–2030) og FNs tiår for naturrestaurering (2021–2030).

Regjeringa vil:

  • Som eit ledd i arbeidet med bevaringstiltak og naturbaserte løysingar etablere eit pilotprosjekt i tilknyting til ein eller fleire av nasjonalparkane i området Skagerrak–Oslofjorden for å byggje opp igjen økosystem og byggje opp kunnskapen om effekt av slike tiltak.

  • Setje i gang arbeid med følgjeforsking og analyse av verknaden av etablering og tiltak for marine verneområde.

  • Leggje til rette for utvikling av kunnskap og teknologi for restaurering av marine økosystem.

  • Gjennomføre ein kunnskapssyntese om verknader av marine verneområde for økosystemfunksjon og potensial for hausting i område som ligg rundt.

Til forsida