Meld. St. 3 (2014–2015)

Statsrekneskapen 2014

Til innhaldsliste

3 Statens pensjonsfond

Lov om Statens pensjonsfond tok til å gjelda 1. januar 2006. Same dato vart Statens pensjonsfond skipa som overbygning over det som før var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Desse to fonda skifta samstundes namn til høvesvis Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Verksemda i fonda er vidareført under den nye overbygningen. Tabell 3.1 syner at samla verdi av dei to fonda var 6 616,3 mrd. kroner ved utgangen av 2014, ein auke på 1 416,1 mrd. kroner frå utgangen av 2013. Kapitalen i fonda vert teken med i kapitalrekneskapen i kontogruppe 61 Spesielle fond og forsikringar.

Tabell 3.1 Samla verdi av Statens pensjonsfond (tal i mill. kroner)

2013

2014

Endring

SPU

5 032 397

6 430 591

1 398 193

SPN

167 770

185 664

17 894

Statens pensjonsfond

5 200 167

6 616 256

1 416 088

3.1 Statens pensjonsfond utland

Inntektene og utgiftene i SPU er definerte i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond. Inntektene i 2014 er summen av statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, netto finanstransaksjonar (medrekna ev. kjøp og sal av aksjar i Statoil ASA), og avkastninga av fondets investeringar. Utgiftene i fondet er ei årleg overføring frå fondet til statskassa etter vedtak i Stortinget.1 Med utgangspunkt i innstillinga frå finanskomiteen om handsaminga av tidlegare lov om Statens petroleumsfond vart det etablert som praksis at overføringa svarar til det oljekorrigerte underskotet i statsbudsjettet. Overføringa frå SPU til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett. Etter handlingsregelen for budsjettpolitikken skal det strukturelle oljekorrigerte underskotet over tid svara til venta realavkastning av SPU, berekna til 4 prosent.

SPU vert forvalta som eit kroneinnskot i Noregs Bank og er ein del av balansen i rekneskapen til banken. Kroneinnskotet har same verdi som banken sin særskilde portefølje av utanlandske eigedelar tilknytt SPU. Rekneskapen for kroneinnskotet vert såleis ført etter dei same retningslinene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Rekneskapen er ført etter IFRS. Det stortingsoppnemnde representantskapet skal etter sentralbanklova føra tilsyn med drifta av banken, medrekna kapitalforvaltninga. Representantskapet peikar ut ekstern revisor for Noregs Bank.

Tabell 3.3 nedanfor syner eit resultatoppsett for SPU med resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond. Tabell 3.4 syner balansen til fondet. I tabell 3.2 er dei månadlege kontantoverføringane til fondet spesifiserte.

Resultatoppsettet i tabell 3.3 syner ein netto auke i verdiane i SPU på 1 398,2 mrd. kroner i 2014. Netto kontantstraum frå statens petroleumsverksemd var på 311,7 mrd. kroner. Etter vedtak i nysaldert budsjett 2014 vart det overført 156,2 mrd. kroner frå SPU til statsbudsjettet. Staten hadde i 2014 ikkje finanstransaksjonar, jf. lov om Statens pensjonsfond § 3. Avkastninga av plasseringane til fondet var 1 242,7 mrd. kroner, jf. Noregs Banks årsmelding om SPU. Av dette kjem til saman 152,6 mrd. kroner2 frå renter, utbyte og andre netto inntekter, med frådrag for forvaltningskostnader, medan 86,4 mrd. kroner kjem frå netto realiserte vinstar/tap på verdipapir og 301,3 mrd. kroner kjem frå netto urealiserte vinstar/tap på verdipapir. Valutakursreguleringar førte til ein auke i verdien av fondet målt i norske kroner svarande til 702,3 mrd. kroner som følgje av svekt kronekurs i 2014. Noregs Banks årsmelding om SPU syner eit positivt resultat frå forvaltning på 543,6 mrd. kroner, før valutakursregulering og forvaltningskostnader (jf. spesifikasjon i tabell 3.3, note 4).

Kontantstraumen frå petroleumsverksemda medrekna eventuelle finanstransaksjonar i samband med at staten har kjøpt eller selt aksjar i Statoil ASA, og med frådrag for overføringa til statsbudsjettet, utgjer netto avsetjing til fondet i statsbudsjettet. For 2014 er netto avsetjing 155,5 mrd. kroner.3 Kontantoverføringane frå statskassa til fondet gjennom året vert fastlagde ut frå ein prognose for netto avsetjing der ein òg tek omsyn til om det vart overført for mykje eller for lite året før. Dei månadlege kontantoverføringane og samanhengen med netto avsetjing til SPU kjem fram i tabell 3.2.

Tabell 3.2 Kontantoverføringar til SPU (tal i mill. kroner)

Månad

Overføring

Januar

14 700

Februar

14 700

Mars

14 700

April

14 700

Mai

14 700

Juni

14 900

Juli

14 900

August

14 900

September

6 700

Oktober

6 700

November

9 200

Desember

9 200

Sum kontantoverføringar til SPU 2014*)

150 000

+ For mykje overført til SPU i 2013

2 448

– Netto avsetjing til SPU i 2014

155 502

= For lite overført til SPU i 2014

3 054

*) For 2014 vart det til saman overført 150 mrd. kroner til fondet. I 2013 vart det overført 2 448 mill. kroner for mykje frå statskassa til fondet, jf. mellomrekninga med statskassa per 31.12.2013. Dei kontante overføringane i 2014 vart 3 054 mill. kroner lågare enn netto avsetjing til SPU og mellomrekninga per 31.12.2013 skulle tilseie. I kapitalrekneskapen per 31. desember er differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa. Sjå òg tabell 3.4 for spesifikasjon. I tråd med tidlegare praksis vert mellomrekninga gjord opp i overføringane til fondet året etter.

Samla verdi av fondet ved utgangen av 2014 er bokført til 6 430,6 mrd. kroner i kapitalrekneskapen. Dette svarar til marknadsverdien av fondet på 6 427,5 mrd. kroner og mellomrekninga på 3,1 mrd. kroner i favør av fondet. Balansen i SPU er nærare spesifisert i tabell 3.4, der bruttotal for balansen til fondet òg kjem fram.

Kapitalen i SPU er plassert i renteberande verdipapir, i aksjar noterte på børs og i eigedom. Noregs Bank forvaltar SPU på oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i mandatet for fondet definert nærare innretting for forvaltninga. Samansetjinga av referanseindeksen for fondet er nærare omtalt i Meld. St. 21 (2014–2015) Forvaltninga av Statens pensjonsfond i 2014.

Den 13. mars 2015 offentleggjorde Noregs Bank årsmeldinga for forvaltninga av SPU.

Årsmeldinga til Noregs Bank gjer greie for korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir i SPU, som svarar til verdien av innskotet i Noregs Bank, vart forvalta i 2014. I samsvar med forskrift om årsrekneskap m.m. gjeldande frå 2011 følgjer Noregs Bank dei internasjonale rekneskapsstandardane IFRS i rekneskapsrapporteringa.4 Årsmeldinga syner at den bokførte verdien av den særskilde porteføljen var 6 427,5 mrd. kroner ved utgangen av 2014. Avkastninga av dei utanlandske investeringane i fondet vart på 7,6 prosent for heile 2014 målt i valutakorga til fondet. Valutakorga er ei vekta samansetjing av valutaene i referanseindeksane for aksjar og obligasjonar. Når ein fordeler avkastninga på aksje-, obligasjons- og eigedomsporteføljane, ser ein at aksjeinvesteringane gav ei avkastning på 7,9 prosent, obligasjonsinvesteringane gav 6,9 prosent og eigedomsinvesteringane 10,4 prosent.

Verdien av den norske krona svekte seg i 2014 mot fleire av valutaene fondet er investert i. Isolert sett vart verdien av fondet målt i norske kroner 702,3 mrd. kroner høgare som følgje av dette. Det er avkastninga i utanlandsk valuta som er relevant når ein skal vurdera utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet.

Dei samla kostnadene til forvaltninga vert dekte av avkastninga i fondet i samsvar med mandatet for Noregs Bank si forvaltning av SPU. For 2014 utgjorde dei samla kostnadene for SPU 0,06 prosent av gjennomsnettleg forvalta kapital. Avkastningsavhengige honorar til eksterne forvaltarar er rekna med, og kom på om lag 0,6 mrd. kroner i 2014, mot 0,7 mrd. i 2013. Til saman utgjorde forvaltningskostnadene til Noregs Bank 3 202 mill. kroner i 2014. Forvaltningskostnadene er nærare spesifiserte i note 11 i Noreg Bank si årsmelding om SPU for 2014, og kostnadsutviklinga er nærare omtalt i Meld. St. 21 (2014–2015).

Årsmeldinga til Noregs Bank er uprenta vedlegg til Meld. St. 21 (2014–2015).

Tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU1 (tal i mill. kroner)

Tekst

Notar

2013

2014

Statens pensjonsfond utland

Inntekter frå netto kontantstraum (jf. kap. 2800, 50)

1

345 151

311 667

Inntekt frå netto finanstransaksjonar (jf. kap. 2800, 96)

2

0

0

Utgift ved overføring til statsbudsjettet (jf. kap. 5800, 50)

3

-117 340

-156 164

Netto avsetjing til SPU i statsbudsjettet

227 812

155 502

Avkastning av plasseringane til fondet

4

980 069

1 242 691

Samla endring SPU

1 207 881

1 398 193

1 Tabellen inneheld resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond.

Note 1 Inntekter frå netto kontantstraum

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vert overført til SPU over kapittel 2800, post 50 i statsbudsjettet. Netto kontantstraum utgjer desse postane i statsbudsjettet (tal i mill. kroner):

Kap.

Post

Tekst

2013

2014

INNTEKTER

5507

Skatt og avgift på utvinning av petroleum

71

Ordinær skatt på formue og inntekt

76 118

64 212

72

Særskatt på oljeinntekter

125 386

105 837

74

Arealavgift m.m.

1 700

1 536

Sum kap. 5507

203 204

171 586

5508

70

Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen

3 293

4 516

5509

70

Avgift på utslepp av NOx i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen

-61

62

5440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

24

Driftsresultat

131 604

121 447

30

Avskrivingar

20 262

21 838

80

Renter av statens kapital

6 041

4 968

85

Renter på mellomvære

-27

-24

Sum kap. 5440

157 880

148 229

5685

85

Utbyte Statoil ASA

14 421

22 646

Sum inntekter frå petroleumsverksemda

378 737

347 039

UTGIFTER

2440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

30

Investeringar

33 585

35 372

2442

Disponering av innrettingar på kontinentalsokkelen

21

Særskilde driftsutgifter

1

0

Sum utgifter til petroleumsverksemda

33 585

35 372

Sum netto kontantstraum

345 151

311 667

2800

Statens pensjonsfond utland

50

Overføring til fondet

345 151

311 667

Note 2 Inntekt frå netto finanstransaksjonar

Det har ikkje vore finanstransaksjonar som påverkar resultatoppsettet for SPU i 2013 og 2014.

Note 3 Utgift ved overføring til statsbudsjettet

Overføringa frå SPU til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember og ført til inntekt over kapittel 5800, post 50 (tal i mill. kroner):

Kap.

Post

Tekst

2013

2014

5800

50

Overføring frå fondet

117 340

156 164

Note 4 Inntekter frå avkastning av fondet

Noregs Banks resultatrekneskap for SPU (tal i mill. kroner):

20131)

2014

Renteinntekter av innskot i bankar

61

48

Renteinntekter av utlån knytte til attsalsavtalar

150

159

Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå:

– aksjar og andelar

681 787

388 521

– obligasjonar og andre renteberande verdipapir

5 897

158 027

– eigedom

3 236

7 160

– finansielle derivat

1 590

-8 208

Rentekostnad på innlån knytte til attkjøpsavtalar

-34

-35

Andre renteinntekter og -kostnader

2

-9

Skattekostnad2)

-1 133

-2 026

Andre kostnader

-26

-3

Porteføljeresultat før vinst/tap valuta3)

691 530

543 634

Vinst/tap valuta

291 428

702 259

Porteføljeresultat

982 958

1 245 893

Forvaltningskostnad

-2 889

-3 202

Periodens resultat og totalresultat

980 069

1 242 691

1) Tala for 2013 er noko omarbeidde samanlikna med førre året. Sjå note 2 og 16 i Noregs Banks rekneskapsrapportering for SPU.

2) Sjå note 13 Skattekostnad i Noregs Banks rekneskapsrapportering for SPU.

3) I note 3 til Noregs Banks resultatrekneskap for SPU er resultat frå forvaltning før valutakursreguleringar i 2014 spesifisert slik (tal i mill. kroner):

Renter

Utbyte

Inntekt/ kostnad

Real. vinst/tap

Ureal. vinst/tap

Sum

Renteinntekter av innskot i bankar

48

48

Renteinntekter av utlån knytte til attsalsavtalar

159

159

Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå:

– aksjar og andelar

87 962

2 578

75 832

222 149

388 521

– obligasjonar og andre renteberande verdipapir

65 472

21

14 831

77 703

158 027

– eigedom

1 368

598

5 194

7 160

– finansielle derivat

-285

-11

-4 215

-3 697

-8 208

Rentekostnad innlån knytte til attkjøpsavtalar

-35

-35

Andre renteinntekter og rentekostnader

-9

-9

Skattekostnad

-2 026

-2 026

Andre kostnader

-3

-3

Sum resultat frå forvaltning før valutakursreguleringar

66 718

88 560

559

86 448

301 349

543 634

Summen av renteinntekter (66,7 mrd. kroner), aksjeutbyte (88,6 mrd. kroner) og andre nettoinntekter 0,6 mrd. kroner), med frådrag av forvaltningskostnader (3,2 mrd. kroner), utgjer 152,6 mrd. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1.

Tabell 3.4 Balanse for SPU per 31.12. (tal i mill. kroner)

Eigedelar

2013

2014

Mellomrekning med statskassa1)

0

3 054

Konto i Noregs Bank2)

5 034 846

6 427 537

Sum eigedelar

5 034 846

6 430 591

Gjeld og eigenkapital

Mellomrekning med statskassa1)

2 448

0

Eigenkapital

5 032 397

6 430 591

Sum gjeld og eigenkapital

5 034 846

6 430 591

1) Statsrekneskapen syner at netto avsetjing til SPU i 2014 vart 3 054 mill. kroner høgare enn det som faktisk vart overført frå statskassa til fondet og teken omsyn til mellomrekninga mellom fondet og statskassa per 31.12.2013. Denne differansen utgjer per 31.12.2014 eit krav for fondet mot statskassa, og vert innløyst med ein auke i overføringa til fondet i 2015. Tilsvarande tal per 31.12.2013 var ein krav på 2 448 mill. kroner i statskassas favør som vart innløyst med ein reduksjon i overføringa i 2014.

2) I samsvar med mandat for forvaltninga av Statens pensjonsfond utland fastsett 8. november 2010 vert fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskot i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Noregs Banks balanse for SPU fordelte seg slik per 31.12. (tal i mill. kroner):

Eigedelar

20131)

2014

Finansielle eigedelar

Innskot i bankar

3 982

11 731

Utlån knytte til attsalsavtalar

89 189

45 536

Uoppgjorde handlar

1 125

1 376

Aksjar og andelar

2 972 317

3 790 853

Utlånte aksjar

161 150

166 842

Obligasjonar og andre renteberande verdipapir*)

1 804 456

2 324 626

Utlånte obligasjonar

75 807

25 163

Finansielle derivat

1 416

5 777

Eigedom

51 032

106 431

Andre eigedelar

3 522

5 136

Sum eigedelar

5 163 996

6 483 471

Gjeld og eigenkapital

Kortsiktige innlån

29

0

Innlån knytte til attkjøpsavtalar

69 147

13 512

Motteken kontantsikring

48 064

27 006

Uoppgjorde handlar

7 654

4 001

Finansielle derivat

972

7 895

Anna gjeld

395

318

Skuldig forvaltningskostnad

2 889

3 202

Sum gjeld

129 150

55 934

Eigenkapital SPU

5 034 846

6 427 537

Sum gjeld og eigenkapital

5 163 996

6 483 471

1) Tala for 2013 er noko omarbeidde samanlikna med førre året. Sjå note 2 og 16 i Noregs Banks rekneskapsrapportering for SPU.

3.2 Statens pensjonsfond Noreg

Folketrygdfondet forvaltar Statens pensjonsfond Noreg (SPN) på oppdrag frå Finansdepartementet.

Folketrygdfondet offentleggjorde 3. mars 2015 årsmeldinga for forvaltninga av SPN i 2014.

Eigenkapitalen i SPN var 185,7 mrd. kroner ved utgangen av 2014, jf. tabell 3.6 nedanfor. Balansen syner at den bokførte verdien av dei samla eigenkapitalplasseringane (aksjar m.m.) til fondet var 107,7 mrd. kroner. Bokført verdi av obligasjonar og andre renteberande papir var 80,9 mrd. kroner. Bokført verdi av finansielle derivat var 3,3 mrd. kroner og samla krav var på 2,1 mrd. kroner. Uoppgjorde handlar var på 0,9 mrd. kroner. SPN har òg 8,6 mrd. kroner i bankinnskot.5 Det er òg gjeld for motteken kontantsikring på 9,7 mrd. kroner. Resterande gjeldpostar i balansen er fyrst og fremst finansielle derivat og innlån knytt til attkjøpsavtalar.

I 2014 syner resultatet til SPN eit overskot på 17,9 mrd. kroner, jf. tabell 3.5 nedanfor.6 Renteinntekter utgjorde 2,9 mrd. kroner, medan utbyte frå selskap i porteføljen utgjorde 5,3 mrd. kroner. Verdipapirvinstane var på 10,5 mrd. kroner, med 6,2 mrd. kroner i vinst på eigenkapitalplasseringar, 4,1 mrd. kroner i vinst på renteplasseringar og 0,2 mrd. kroner i vinst på finansielle derivat. Netto andre inntekter var negative med 0,6 mrd. kroner. Samla forvaltningskostnader var 140 mill. kroner, som er 0,08 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital i 2014. Forvaltningskostnadene er kostnadene til Folketrygdfondet si forvaltning av fondet. Dette er nærare omtalt i årsmeldinga til Folketrygdfondet og i Meld St. 21 (2014–2015).

Årsmeldinga til Folketrygdfondet gjer greie for korleis porteføljen av verdipapir i SPN vart forvalta i 2014. Avkastninga av fondet i 2014 var på 10,7 prosent. Avkastninga av plasseringane i renteinstrument var på 9,8 prosent, medan avkastninga av aksjar var på 10,7 prosent.

Folketrygdfondet si forvaltning av SPN vart i 2014 revidert av revisjonsselskapet Ernst & Young, som er oppnemnt av Finansdepartementet.

Tabell 3.5 Folketrygdfondets resultatrekneskap for SPN (tal i mill. kroner)

2013

2014

Vinst og tap på finansielle eigedelar og gjeld til verkeleg verdi over resultatet:

– aksjar

17 405

6 246

– obligasjonar og andre renteberande papir

1 066

4 066

– finansielle derivat

-1 534

169

Renteinntekter

2 637

2 896

Aksjeutbyte

3 605

5 265

Andre porteføljeinntekter/-kostnader

-357

-571

Transaksjonskostnader

-35

-37

Porteføljeresultat

22 787

18 034

Forvaltningskostnader

-139

-140

Totalresultat SPN1)

22 648

17 894

1) Summen av renteinntekter (2 896 mill. kroner), aksjeutbyte (5 265 mill. kroner) og netto andre inntekter (-571 mill. kroner), med frådrag for forvaltningskostnader (140 mill. kroner), utgjer 7 450 mill. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4, i kapittel 1.

Tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN per 31.12. (tal i mill. kroner)

2013

2014

Eigedelar

Bankinnskot

4 518

8 554

Stilt kontantsikring

0

4

Uoppgjorde handlar

13

912

Aksjar

96 074

95 911

Utlånte aksjar

8 705

11 838

Obligasjonar og andre renteberande papir

63 986

80 928

Finansielle derivat

1 577

3 258

Krav knytte til attkjøpsavtalar

574

2 082

Krav

36

33

Sum eigedelar

175 483

203 520

Gjeld og eigenkapital

Innlån knytt til attkjøpsavtalar

0

6 425

Motteken kontantsikring

6 871

9 663

Uoppgjorde handlar

41

362

Finansielle derivat

739

1 366

Skuldig forvaltningsgodtgjersle

38

40

Andre plikter og avsetjingar

24

0

Statens kapitalinnskot

Eigenkapital SPN

167 770

185 664

Sum gjeld og eigenkapital

175 483

203 520

Fotnotar

1.

Overføringa frå fondet til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember.

2.

Summen av renteinntekter og aksjeutbyte og andre netto inntekter, med frådrag for forvaltningskostnader, på 152,6 mrd. kroner, inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1. I tabell 3.3, note 4 er elementa i dette sumtalet nærare spesifiserte.

3.

Sjå tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU. Netto avsetjing til fondet for 2014 (155 502 mill. kroner) er netto kontantstraum (311 666,6 mill. kroner) med frådrag av overføringa til statsbudsjettet frå fondet (156 164,5 mill. kroner).

4.

Meir om retningsliner for Noregs Banks årsrekneskap og rekneskapsprinsipp står i note 1 i Noregs Banks årsrekneskap for SPU.

5.

Aksje- og obligasjonsplasseringane er førte til marknadsverdi i Folketrygdfondet sitt rekneskapsoppsett for SPN jf. tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN. I årsrapporten til Folketrygdfondet for 2014 omtalar styret verdien av høvesvis aksjeporteføljen og renteporteføljen noko annleis enn i tabell 3.6 fordi dei òg har teke omsyn til bankinnskota for dei ulike porteføljeområda. Fleire opplysningar står i Folketrygdfondet sitt rekneskapsoppsett for SPN, note 5 Porteføljeområde.

6.

Sjå fotnote til resultatet i tabell 3.5 som syner samanhengen med statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1.

Til forsida