Meld. St. 3 (2014–2015)

Statsrekneskapen 2014

Til innhaldsliste

1 Hovudtrekk i statsrekneskapen

1.1 Hovudtal

Finansdepartementet legg med dette fram meldinga om statsrekneskapen for 2014.

Meldinga omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen syner samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. Under utgiftspostane ser ein òg overført løyving frå 2013 til 2014 og overført løyving frå 2014 til 2015. Kapitalrekneskapen syner statens eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn over rekneskapen for Svalbard, statens garantiansvar, tilsegns- og bestillingsfullmakter og oversyn over aksjar som staten eig.

Meldinga gjer greie for løyvingane i statsbudsjettet og for dei rekneskapsførte tala.1 Det er lagt vekt på å forklara avvik mellom budsjett og rekneskap. Budsjettutviklinga gjennom 2014 fram til nysalderinga er nærare omtalt i Prop. 36 S (2014–2015) Ny saldering av statsbudsjettet 2014 og Prop. 41 S (2014–2015) Tillegg til Prop. 36 S (2014–2015) om ny saldering av statsbudsjettet 2014.

I kapittel 1 er det gjort greie for hovudelementa i statsrekneskapen og budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i statsutgiftene og statens skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert òg omtalt. Kapittel 2 tek føre seg områda til kvart departement for seg. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtalt, og i kapittel 4 er det gjort greie for statens balanse og finanspostar.

Tabell 1.1 syner statsrekneskapen 2014 etter postgrupper i statens kontoplan for høvesvis utgifter og inntekter. Utgifter og inntekter knytt til petroleumsverksemda og utbetalingar til og innbetalingar frå Statens pensjonsfond utland (SPU) er sette opp særskilt. Dei samla utgiftene vart 1 631,6 mrd. kroner, medan inntektene før statslånemidlar vart 1 650,0 mrd. kroner. Underskot før lånetransaksjonar i statsrekneskapen og netto lånepostar (post 90–99) gjev eit negativt brutto finansieringsbehov på 18,3 mrd. Dette er postert på kapittel 5999 Statslånemidlar, slik at samla inntekter medrekna statslånemidlar òg vert 1 631,6 mrd. kroner.

Tabell 1.1 Utgifter og inntekter 2014

Utgifter (mill. kroner)

Samla

Sum utan overføring SPU

Utan petroleum og overføring SPU

Netto kontantstraum petroleum

Overføring SPU

Driftsutgifter (01–29)

156 948

156 948

156 948

Investeringar (30–49)

77 536

77 536

42 164

35 372

Overføringar (50–89)

1 204 282

892 615

892 615

311 667

Sum post 01–89

1 438 765

1 127 099

1 091 727

35 372

11 667

Lånetransaksjonar (post 90–99)

192 855

192 855

192 855

Sum utgifter med lånetransaksjonar

1 631 621

1 319 954

1 284 582

35 372

311 667

Inntekter (mill. kroner)

Sal av varer og tenester (01–29)

145 098

145 098

23 651

121 447

Inntekter i samband med nybygg, anlegg m.m. (30–49)

24 687

24 687

2 849

21 838

Skattar, avgifter og andre overføringar (50–89)

1 265 137

1 108 973

905 219

203 754

156 164

Sum post 01–89

1 434 922

1 278 757

931 719

347 039

156 164

Tilbakebetalingar (90–99)

215 040

215 040

215 040

Sum inntekter før statslånemidler

1 649 962

1 493 797

1 146 759

347 039

156 164

Netto post 01–89 utgifter og inntekter (underskot før lånetransaksjonar)

3 844

-151 658

160 008

-311 667

155 502

+ Netto lånetransaksjonar (post 90–99) utgifter og inntekter

-22 185

-22 185

-22 185

= Brutto finansieringsbehov (statslånemidlar)

-18 341

Sum inntekter med lånetransaksjonar

1 631 621

Tabell 1.2 syner samla eigedelar, gjeld og eigenkapital slik det går fram av balansen (kapitalrekneskapen). Avslutningskontoen (eigenkapitalen) auka i 2014 med 1 447,7 mrd. kroner. Det meste av auken skriv seg frå Statens pensjonsfond. Underskotet før lånetransaksjonar reduserer eigenkapitalen, medan eigenkapitalen går opp som følgje av at overføringane av unytta løyving til neste budsjettermin minkar. Anna endring i eigenkapitalen er nærare omtalt i kapittel 4.

Tabell 1.2 Eigedelar, gjeld og eigenkapital (mill. kroner)

2014

2013

Endring

Sum eigedelar

7 768 690

6 402 877

1 365 813

Sum gjeld

635 470

717 349

-81 879

Avslutningskonto (eigenkapital)

7 133 220

5 685 528

1 447 692

Endring i eigenkapitalen:

Auka verdi Statens pensjonsfond

1 416 088

Dekking av underskot før lånetransaksjonar i balansen

-3 844

Redusert avsetjing av overførte midlar

1 881

Anna endring i eigenkapitalen

33 567

Det oljekorrigerte underskotet går fram av netto utgifter og inntekter (post 01–89) utanom kontanstraum frå petroleumsverksemda og overføringane til og frå Statens pensjonsfond utland (SPU). Underskotet vert dekt med ei overføring frå SPU til statsbudsjettet som svarar til det oljekorrigerte underskotet slik det vart rekna i nysaldert budsjett.

Av tabell 1.1 går det fram at det oljekorrigerte underskotet i 2014 vart 160,0 mrd. kroner, medan statsrekneskapen vart gjort opp med eit underskot på 3,8 mrd. kroner.

Statens pensjonsfond består av Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Renteinntekter og utbyte i Statens pensjonsfond inngår i samla oppstilling over statsbudsjettet og Statens pensjonsfond, og overskotet er eit uttrykk for statens nettofinansinvesteringar, jf. tabell 1.4.

Tabell 1.3 syner endring i kapitalen til Statens pensjonsfond og samanhengen med overskot, valutakursregulering og realiserte og urealiserte vinstar og tap.

Tabell 1.3 Statens pensjonsfond (mrd. kroner)

SPU

SPN

Samla

Netto kontantstraum

311,7

311,7

Overført statsbudsjettet

156,2

156,2

Renter og utbyte

152,6

7,5

160,1

Overskot

308,1

7,5

315,6

Kapital per 31.12.2013

5 032,4

167,8

5 200,2

Overskot

308,1

7,5

315,6

Valutakursregulering

702,3

702,3

Realiserte/urealiserte vinstar/tap

387,8

10,4

398,2

Kapital per 31.12.2014

6 430,6

185,7

6 616,3

Endra verdi fondskapital

1 398,2

17,9

1 416,1

Overskotet i Statens pensjonsfond vart 315,6 mrd. kroner. Til saman vert statsrekneskapen og Statens pensjonsfond gjorde opp med eit overskot på 311,7 mrd. kroner i 2014, jf. tabell 1.4.

1.2 Budsjettpolitikken og det strukturelle, oljekorrigerte underskotet

Eit fleirtal i Stortinget slutta seg våren 2001 til retningsliner for den økonomiske politikken, jf. St.meld. nr. 29 (2000–2001) Retningslinjer for den økonomiske politikken. Dei inneber at petroleumsinntektene gradvis vert fasa inn i økonomien, om lag i takt med venta realavkastning av Statens pensjonsfond utland. Budsjettpolitikken skal medverka til ei stabil utvikling i norsk økonomi. Meininga med retningslinene er å syta for ein jamn auke i bruken av petroleumsinntektene til eit langsiktig forsvarleg nivå. Samstundes opnar retningslinene for at handlefridomen som petroleumsinntektene gjev, kan brukast til å stimulera produksjon og sysselsetjing i periodar med høg og aukande arbeidsløyse. Motsett vil det vera naudsynt å halda attende i budsjettpolitikken i periodar med høg kapasitetsutnytting og presstendensar i økonomien. Bruken av petroleumsinntekter vert målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet. I utrekninga av dette underskotet tek ein mellom anna omsyn til at ein del av statens inntekter og utgifter varierer med konjunkturane og med endringar i rekneskapstilhøve, sjå boks 1.1.

Boks 1.1 Samanhengen mellom det strukturelle og det oljekorrigerte budsjettunderskotet

Retningslinene for budsjettpolitikken tek sikte på ein jamn og langsiktig forsvarleg auke i bruken av petroleumsinntekter i norsk økonomi, om lag i takt med venta avkastning av Statens pensjonsfond utland. For å unngå ein budsjettpolitikk som kan føra til ustabil økonomisk utvikling, er bruken av petroleumsinntekter målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet og ikkje det faktiske oljekorrigerte budsjettunderskotet. Det oljekorrigerte budsjettunderskotet er ikkje berre avhengig av budsjettpolitikken, men òg av konjunkturane. Til dømes vil det oljekorrigerte budsjettunderskotet normalt auka i ein konjunkturnedgang og minka i ein konjunkturoppgang. Om ein skulle ta sikte på å la det faktiske budsjettunderskotet følgja utviklinga i venta avkastning av Statens pensjonsfond utland, måtte ein stramma til politikken i nedgangstider, medan ein kunne setja ned skattane eller auka utgiftene i oppgangstider. Ein slik politikk ville auka etterspurnaden i gode tider og dempa han i dårlege tider. Når ein styrer budsjettpolitikken etter eit mål for utviklinga i det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet, er det mellom anna for å unngå denne typen medsyklisk politikk.

For å koma frå det oljekorrigerte budsjettunderskotet til det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet gjer ein desse korreksjonane:

  • Ein korrigerer for verknaden av at konjunkturane skil seg frå det normale, og reknar budsjettverknadene av at dei ulike inntektene frå skattar og avgifter skil seg frå trendnivået sitt. Dessutan tek ein omsyn til at utbetalingane av trygd til arbeidslause følgjer konjunkturane.

  • Ein korrigerer for skilnaden mellom normalnivået for dei statlege renteinntektene og renteutgiftene og dei verkelege rentestraumane, og for skilnaden mellom normalnivået for overføringane frå Noregs Bank og dei verkelege overføringane.

  • Ein korrigerer òg for endringar i rekneskapstilhøve og endringar i funksjonsdelinga mellom staten og kommunane som ikkje påverkar den underliggande utviklinga i budsjettbalansen.

Ei rekkje andre land nyttar utviklinga i ein strukturell budsjettbalanse som utgangspunkt for innrettinga av budsjettpolitikken. I samsvar med dette utarbeider OECD og EU standardiserte utrekningar av strukturelle budsjettunderskot i medlemslanda. Desse utrekningane byggjer på meir aggregerte utrekningar enn dei tala for Noreg som Finansdepartementet publiserer i budsjettdokumenta.

Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2014 er bruken av petroleumsinntekter i 2014 no rekna til 146,7 mrd. kroner, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Dette er om lag 7,7 mrd. kroner meir enn i Saldert budsjett 2014, der det strukturelle, oljekorrigerte underskotet vart rekna til 139,0 mrd. kroner. Venta realavkastning av Statens pensjonsfond utland i 2014 er rekna til 201,3 mrd. kroner, eller om lag 54,6 mrd. kroner høgare enn det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet svarar til 5,8 prosent av trend-BNP for Fastlands-Noreg og til 2,9 prosent av Statens pensjonsfond utland.

I Revidert nasjonalbudsjett 2014 vart anslaget på det strukturelle, oljekorrigerte underskotet sett opp med 1,9 mrd. kroner, til 140,9 mrd. kroner. Dei strukturelle skatte- og avgiftsinntektene vart redusert med 2,9 mrd. kroner, medan budsjettet vart styrkt med netto 1,0 mrd. kroner på andre postar. Frå Revidert nasjonalbudsjett 2014 til nysaldert budsjett 2014 vart det strukturelle, oljekorrigerte underskotet sett opp med 0,4 mrd. kroner, til 141,3 mrd. kroner, mellom anna etter ny informasjon om utgiftene i statsbudsjettet. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet er no rekna til å vera 5,4 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett.

1.3 Utviklinga i det oljekorrigerte underskotet

Tabell 1.4 gjev eit samla oversyn over inntektene, utgiftene, oljekorrigert overskot og overskotet i statsbudsjettet, statsrekneskapen og Statens pensjonsfond i 2013 og 2014.

1.3.1 Utviklinga i rekneskapen frå 2013 til 2014

Samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond minka med 48,0 mrd. kroner, frå 359,8 mrd. kroner i 2013 til 311,7 mrd. kroner i 2014. Det oljekorrigerte underskotet auka med 43,6 mrd. kroner frå 2013 til 2014.

Tabell 1.4 Inntekter og utgifter utanom lånetransaksjonar i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond 2014 (tal i mill. kroner)

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Nysaldert budsjett 2014

Rekneskap 2014

1.

Statsbudsjettet

A

Inntekter i alt

1 291 821

1 293 027

1 274 225

1 278 757

A.1

Inntekter frå petroleumsverksemda

378 737

344 131

345 946

347 039

A.2

Inntekter utanom petroleumsverksemda

913 084

948 896

928 279

931 719

B

Utgifter i alt

1 063 124

1 116 400

1 121 445

1 127 099

B.1

Utgifter til petroleumsverksemda

33 585

30 002

37 002

35 372

B.2

Utgifter utanom petroleumsverksemda

1 029 538

1 086 398

1 084 443

1 091 727

Oljekorrigert overskot i statsbudsjettet (A.2–B.2)

-116 454

-137 502

-156 164

-160 008

+

Overført frå Statens pensjonsfond utland

117 340

137 502

156 164

156 164

=

Overskot i statsbudsjettet før lånetransaksjonar1)

885

0

0

-3 844

2.

Statens pensjonsfond

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1–B.1), vert overført til Statens pensjonsfond utland

345 151

314 129

308 944

311 667

-

Overført frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet

117 340

137 502

156 164

156 164

+

Renteinntekter og utbyte i fondet2)

131 072

147 900

161 700

160 084

=

Overskot i Statens pensjonsfond1)

358 884

324 527

314 480

315 586

3.

Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond

Samla overskot1)

359 769

324 527

314 480

311 743

1) Overskotet i statsbudsjettet, Statens pensjonsfond og samla overskot er i samsvar med definisjonane av nettofinansinvesteringar i nasjonalrekneskapen og utanriksrekneskapen, som Statistisk sentralbyrå set opp. Etter definisjonane i nasjonalrekneskapen er realiserte og urealiserte vinstar og tap ikkje rekna som netto finansinvestering, og difor er dei ikkje med i dette oppsettet, som er nytta i statsbudsjettet og statsrekneskapen.

2) For 2014 utgjer renter og utbyte i Statens pensjonsfond utland (SPU) 152,634 mrd. kroner og i Statens pensjonsfond Noreg 7,450 mrd. kroner. For 2013 var renter og utbyte i SPU 125,327 mrd. kroner og i Statens pensjonsfond Noreg 5,746 mrd. kroner. Overskotet i Statens pensjonsfond i 2014 vart 315,6 mrd. kroner. Av dette var overskotet for SPU 308,1 mrd. kroner, medan det i 2013 var 353,1 mrd. kroner. Kapittel 3 inneheld eit detaljert resultatoppsett for Statens pensjonsfond.

Kjelde: Finansdepartementet

1.3.2 Utviklinga frå saldert til nysaldert budsjett2

Inntektsløyvingane utanom lånetransaksjonar for 2014 vart 18,8 mrd. kroner lågare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftsløyvingane vart 5,0 mrd. kroner høgare. Utanom petroleumsverksemda vart inntektene 20,6 mrd. kroner lågare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftene vart 2,0 mrd. kroner lågare. Samla gav dette eit oljekorrigert underskot på 156,2 mrd. kroner i nysaldert budsjett for 2014, som er 18,7 mrd. kroner meir enn i saldert budsjett.

Auken i det oljekorrigerte underskotet frå saldert til nysaldert budsjett på 18,7 mrd. kroner kjem av 23,6 mrd. kroner i lågare skatte- og avgiftsinntekter. Rente- og utbyteinntektene auka med netto 0,9 mrd. kroner, medan andre inntekter under departementa auka med 2,1 mrd. kroner. Utgiftene vart 2,0 mrd. kroner lågare. Renteutgiftene vart 0,3 mrd. kroner lågare, medan andre utgifter vart om lag 1,7 mrd. kroner lågare, medrekna nedsetjinga på kapittel 2309 Ymse utgifter i nysalderinga.

Budsjettutviklinga gjennom 2014 fram til nysalderinga er omtalt nærare i Prop. 36 S (2014–2015) Ny saldering av statsbudsjettet 2014 og Prop. 41 S (2014–2015) Tillegg til Prop. 36 S (2014–2015) om ny saldering av statsbudsjettet 2014.

1.3.3 Utviklinga etter nysalderinga

I statsrekneskapen for 2014 er det oljekorrigerte underskotet 160,0 mrd. kroner. Dette er 3,8 mrd. kroner meir enn i nysalderinga og 22,5 mrd. kroner meir enn i saldert budsjett, jf. tabell 1.4. Som del av BNP for Fastlands-Noreg er endringane i det oljekorrigerte underskotet små, høvesvis 0,2 prosent og 0,9 prosent. Det vil alltid vera uvisse knytt til framskrivingar av budsjettal og andre makroøkonomiske tal, og endringane i 2014 skil seg ikkje frå det som har vore normale avvik dei siste 30 åra. Sjå boks 1.2 om uvisse i budsjettanslaga.

Boks 1.2 Om uvisse i budsjettanslaga

Statsbudsjettet har både ein konstitusjonell, ein politisk og ein administrativ funksjon. Eit viktig føremål med budsjettet er å sikra at ressursane til fellesskapet vert nytta i samsvar med politiske prioriteringar og slik at ein får mest mogeleg att for pengane. Finanspolitikken må stø opp under sysselsetjing, verdiskaping og rettferdig fordeling. Kor godt ein lukkast med dette, kan ikkje målast i rekneskapen.

Rekneskapen fortel kor godt ein har treft med anslaga ein gjorde ved byrjinga av året og gjennom året. For ei rekkje budsjettpostar er utfallet eit resultat av summen av avgjerdene til einskildmenneske, verksemder og andre aktørar innanlands og utanlands. Til dømes er skatteinntektene avhengige av utviklinga i sysselsetjing, privat forbruk og investeringar i bustader og verksemder. Utbetalingane av mellom anna arbeidsløysetrygd svingar med utviklinga i arbeidsmarknaden.

Når budsjettet vert laga, har ein ikkje all informasjon om den økonomiske utviklinga i budsjettåret. Rekneskapen er på si side påverka av endringar i det økonomiske opplegget og av eventuelle endringar i føringsmåte og oppstilling på postar i statsbudsjettet. Det er såleis mykje uvisse knytt til framskrivingar av budsjettal og andre makroøkonomiske tal.

Statsbudsjettet spelar dessutan ei viktig rolle i stabiliseringspolitikken. I Noreg har skiftande regjeringar lagt stor vekt på at dei såkalla automatiske stabilisatorane skal få verka. Stabilisatorane dempar verknaden som brå endringar i økonomien har på den samla etterspurnaden og dermed på aktivitetsnivået i økonomien, men gjev tilsvarande stort utslag i offentlege budsjett. I ein høgkonjunktur vil til dømes skatte- og avgiftsinntektene til staten auka. Så lenge andre budsjettpostar ikkje vert endra, dreg dette inn kjøpekraft frå husstandar og verksemder og dempar aktiviteten i økonomien. Samstundes aukar statens inntekter. I ein lågkonjunktur vert skatteinntektene mindre og utgiftene til trygd større. Dette kan endra rekneskapsresultatet ved utgangen av året monaleg. Eit avvik vil då berre visa at stabilisatorane har verka slik dei skulle.

For å styra finanspolitikken må ein dessutan vita om endringane i økonomien er konjunkturelle, og vert borte etter ei stund, eller om dei er strukturelle og vert verande att når konjunkturane snur. Samanhengen mellom det strukturelle og det oljekorrigerte budsjettunderskotet er forklart i boks 1.1. Det strukturelle underskotet er berekna tal. Fyrst etter fleire år er det mogeleg å slå fast om utslaga i økonomien kom av konjunkturane eller var eit uttrykk for underliggjande strukturelle endringar. Difor vert anslaga for den strukturelle budsjettbalansen reviderte i ettertid. Anslaga for strukturell budsjettbalanse i Noreg har vist seg å treffe betre enn i mange andre land, jf. boks 3.2 i Nasjonalbudsjettet 2014.

Figur 1.1.A syner totaltala for anslag og rekneskap for budsjettbalansen utanom inntekter og utgifter knytte til petroleumsverksemda, det vil seia den oljekorrigerte budsjettbalansen. Tala er målte i høve til BNP for Fastlands-Noreg. Figuren syner at budsjett og rekneskap følgjer kvarandre godt. Revisjonane av budsjettet gjennom året kan utgjera store kronebeløp, men er gjennomgåande små rekna i prosent. Revisjonane kan botna i ynskte endringar i politikken eller i at utviklinga på ulike område har vore annleis enn venta. Til dømes vart underskotet i 2010 monaleg mindre enn i budsjettframlegget fordi verknaden av finanskrisa vart mindre enn frykta.

Dei store svingingane i den oljekorrigerte budsjettbalansen må fyrst og fremst sjåast i samanheng med konjunkturutviklinga i norsk økonomi. I dårlege år vert underskotet til staten større enn det elles ville ha vore. I gode år er det motsett. Dette kjem av dei automatiske stabilisatorane, men òg av korleis politikken vert innretta. Den finanspolitiske tiltakspakka mot finanskrisa i 2009 er eit døme på dette.

Figur 1.1.B syner avvik mellom budsjett og rekneskap for den oljekorrigerte budsjettbalansen. Der avviket er mindre enn null, har ein budsjettert med eit større oljekorrigert underskot enn det som vart resultatet i rekneskapen. Nokre år er avviket mindre enn null og andre år større enn null og i om lag 1/3 av åra var avviket frå saldert budsjett til rekneskap større enn null. Tala tyder på at det ikkje er systematiske over- eller undervurderingar.

Figuren syner òg at det er lettare å budsjettera seinare på året når uvissa har minka. Avvika er mindre i november enn tidleg på året. Etter 1984 har likevel ikkje avvika i gjennomsnitt vore større enn -0,4 prosentpoeng frå saldert budsjett til rekneskapen og -0,2 prosentpoeng frå nysaldert budsjett til rekneskapen.

Figur 1.1 Oljekorrigert underskot frå 1984 til 2014. Budsjett og rekneskap1)

Figur 1.1 Oljekorrigert underskot frå 1984 til 2014. Budsjett og rekneskap1)

1) For dei tidlegaste åra er det oljekorrigerte underskotet berekna, ut frå dagens definisjon. Dei historiske BNP-tala er oppdatert etter SSB si revisjon i 2014.

Kjelde: Finansdepartementet og Statistisk sentralbyrå.

Tilbakeføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet vart endeleg fastlagd i nysaldert budsjett for å dekkja det venta oljekorrigerte underskotet. På denne bakgrunnen vert statsrekneskapen for 2014 gjord opp med eit underskot på 3,8 mrd. kroner. Inntektene utanom petroleumsinntekter auka med 3,4 mrd. kroner, frå 928,3 mrd. kroner til 931,7 mrd. kroner. Utgiftene utanom petroleumsverksemda auka med 7,3 mrd. kroner, frå 1 084,4 mrd. kroner til 1 091,7 mrd. kroner. Sjå tabell 1.5 og 1.6 for detaljar om endringane.

Tabell 1.5 Endringar i inntektene etter nysalderinga

Endringar i inntektene utanom lånetransaksjonar og petroleumsinntekter frå nysaldert budsjett til rekneskapen (tal i mill. kroner):

Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

-1 245

+

Renteinntekter og utbyte utan Statoil

-67

+

Inntekter frå statens forretningsverksemd utanom renteinntekter

176

+

Andre inntekter

264

=

Auka inntekter utan standardrefusjonar og meirinntekter

-872

+

Meirinntekter frå meirinntektsfullmakter

1 900

+

Meirinntekter frå standardrefusjonar

2 413

=

Samla endring, inntekter

3 440

Tabell 1.6 Endringar i utgiftene etter nysalderinga

Endringar i utgiftene utanom lånetransaksjonar og petroleumsutgifter frå nysaldert budsjett til rekneskapen (tal i mill. kroner):

Momskompensasjon til kommunar, fylkeskommunar og frivillige, kap. 1632

-482

+

Renteutgifter, statsgjeld, kap. 1650, post 89

619

+

Stønader i folketrygda medrekna utgifter til dagpengar, kap. 2530–2790

509

+

Tilskot til svalbardbudsjettet, kap. 0480

1 195

+

Kjøp av materiell m.m. under forsvaret, kap. 1760–1761

1 114

+

Statens vegvesen, kap. 1320

789

+

Klima og skogsatsinga, fornybar energi, klimakvotar, kap. 0166, 1481 og 1482

756

+

Forsvarsbygg, kap. 1710

658

+

Jernbaneverket, kap. 1350

-506

+

Politidirektoratet, kap. 0440

377

+

Arbeids- og velferdsetaten, kap. 0604 og 0605

364

+

Omsorgstenester, kap. 0761

332

+

Direktoratet for nødkommunikasjon, kap. 0456

-259

+

Tilskot til bygging av studentbustader, kap. 0270, post 75

242

+

Nasjonalt folkehelseinstitutt, kap. 0710

203

+

Skatteetaten, kap. 1618

187

+

Erstatningslokaler departementa, kap. 0534

-173

+

Kriminalomsorgsdirektoratet, kap. 0430

141

+

Kystverket, kap. 1360

108

+

Andre utgifter, netto

1 111

=

Samla endring, utgifter

7 284

Medrekna i desse tala er meirinntekter og meirutgifter frå standardrefusjonar som ikkje vert budsjetterte med beløp på løyvingane i nysaldert budsjett. Dette er refusjonar frå mellom anna arbeids- og velferdsetaten og folketrygda som heimlar meirutgifter for utgifter til arbeidsmarknadstiltak i statlege verksemder, løn under fødsels- og adopsjonspermisjon, løn til lærlingar og løn under sjukdom. Medrekna er òg meirinntekter på løyvingar med meirinntektsfullmakter som heimlar meirutgifter i departementa og forvaltninga.

Overførte, unytta løyvingar frå 2014 til 2015 vart 1,9 mrd. kroner lågare enn overføringane frå 2013 til 2014, noko som medverkar til høgare utgifter i rekneskapen.

Departementa har rapportert 1,9 mrd. kroner i meirinntekter på ymse budsjettpostar som det er knytt meirinntektsfullmakter til. Nokre departement har høve til å utføra oppdragsverksemd mot refusjon av utgiftene. Andre inntekter under departementa vart 0,3 mrd. kroner høgare enn budsjettert.

Auken i tilskotet til svalbardbudsjettet dekkjer opp for ein stor skattenedgang. Dette har samanheng med ei stor tilbakeføring av svalbardskatt i 2014 etter ei avklaring om skatteplikt til Svalbard. Det auka tilskotet vart ikkje budsjettert i nysalderinga. Spesifiserte endringar i utgiftene og andre netto endringar i utgiftene på 1,1 mrd.kroner må sjåast i samanhengen med bruken av inntekter frå standardrefusjonar, andre meirinntektsfullmakter i departementa og forvaltninga og enring i overført, unytta løyving.

Overført, unytta løyving til 2015

Frå 2013 til 2014 vart det overført unytta løyvingar, utanom lånetransaksjonar og statleg petroleumsverksemd, på til saman 14,2 mrd. kroner, medan overførte løyvingar frå 2014 til 2015 er på 12,4 mrd. kroner. Det er ein nedgang på knapt 1,9 mrd. kroner.

Det er særleg Forsvarsdepartementet (1,4 mrd. kroner), Klima- og miljødepartementet (0,7 mrd. kroner), Kunnskapsdepartementet (0,2 mrd. kroner) og Helse- og omsorgsdepartementet (0,3 mrd. kroner) som har ein nedgang i overførte løyvingar. Hovudgrunnane er nybygg, nyanlegg og materiellkjøp i Forsvaret og høgare utgifter til klima og skogsatsinga, omsorgstenester under Helse- og omsorgsdepartementet og tilskot til bygging av studentbustader under Kunnskapsdepartementet.

Den største auken i overførte beløp finn ein under Samferdselsdepartementet (0,5 mrd. kroner), jf. reduserte utgifter under Jernbaneverket. Tabell 1.2 i vedlegg 1 gjev eit meir detaljert oversyn over endra overføring per departement.

Tabell 1.7 Overføring av unytta løyvingar utanom lånetransaksjonar dei siste fem åra (tal i mill. kroner)

År

Overført løyving

Auke/nedgang (-) frå året før

2010–2011

10 832

-1 360

2011–2012

11 143

311

2012–2013

13 481

2 338

2013–2014

14 247

766

2014–2015

12 366

-1 881

1.4 Veksten i utgiftene i statsbudsjettet

Utviklinga i utgiftene i statsbudsjettet frå år til år kjem til utrykk ved den reelle, underliggjande veksten. I den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert det korrigert for utgifter til dagpengar, renter og petroleumsverksemda og for visse rekneskapstilhøve og ekstraordinære endringar. Ved utrekninga av den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert det òg korrigert for prisendringar, slik at talet er uttrykk for volumendringar knytte til driftsutgiftene, investeringane og overføringane i statsbudsjettet. Nærare omtale av korleis den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert utrekna, står i kapittel 3 i nasjonalbudsjettet.

I Nasjonalbudsjettet 2014 var den reelle, underliggjande veksten i utgiftene i statsbudsjettet rekna til 2,5 prosent. I revidert nasjonalbudsjett for 2014 vart han rekna til 3,1 prosent, mellom anna som følgje av at utgiftene i 2013 vart lågare enn rekna hausten 2013. Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2014 er veksten rekna til 3,1 prosent. Tal for reell, underliggjande utgiftsvekst dei siste ti åra går fram av tabell 1.8.

Tabell 1.8 Reell, underliggjande utgiftsvekst

År

Årleg vekst i prosent

2005

1,1

2006

0,9

2007

2,0

2008

2,2

2009

5,5

2010

0,9

2011

1,6

2012

1,9

2013

2,4

2014

3,1

1.5 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov

Tabell 1.9 syner utviklinga i finansieringsbehovet i statsbudsjettet. Samanlikna med rekneskapen for 2013 har finansieringsbehovet minka med 154,4 mrd. kroner, frå 136,1 mrd. kroner i 2013 til -18,3 mrd. kroner i 2014. Utlån og aksjeteikning m.m. auka med 9,0 mrd. kroner, medan tilbakebetalingane auka med 118,8 mrd. kroner. Redusert lånebehov må sjåast i samanheng med at kapitalen på 100 mrd. kroner i Statens finansfond og Statens obligasjonsfond vart tilbakeført i 2014 og teknisk ført som ei tilbakebetaling til statskassa. Det var ein nedgang i betalt avdrag på statsgjelda på 49,3 mrd. kroner i 2014 samanlikna med 2013. Endringane i gjeldsavdrag må sjåast i samanheng med avdragsprofilen på statsgjelda.

Tabell 1.9 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov 2014 (tal i mill. kroner)

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Nysaldert budsjett 2014

Rekneskap 2014

Lånetransaksjonar utanom petroleumsverksemda

Utlån, aksjeteikning m.m.

166 664

150 636

177 834

175 649

-

Tilbakebetalingar

96 233

87 846

212 310

215 040

-

Overskot i statsbudsjettet

885

0

0

-3 844

=

Netto finansieringsbehov

69 545

62 790

-34 475

-35 547

+

Gjeldsavdrag

66 544

0

17 206

17 206

=

Brutto finansieringsbehov i statsbudsjettet

136 089

62 790

-17 269

-18 341

Kjelde: Finansdepartementet.

Utgiftene til utlån vart om lag 2,2 mrd. kroner lågare enn venta ved nysalderinga. Endringar i utlån frå nysaldert budsjett går fram av tabell 1.10.

Tabell 1.10 Endringar i lånetransaksjonar, utgifter etter nysalderinga (tal i mill. kroner)

Statens lånekasse for utdanning, kap. 2410

177

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga, kap. 0614

-154

Husbanken , kap. 2412

-45

Innovasjon Noreg, kap. 2421

-380

Eksportfinansieringsordninga, kap. 2429

-1 783

Andre utlån, netto

0

Samla endring utlån

-2 185

Mindreutgiftene under Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga svarar til 0,6 prosent av løyvinga, og meirutgiftene under Lånekassa svarar til 0,8 prosent av løyvinga. Mindreutgiftene på lån frå Husbanken svarar til 0,3 prosent av løyvinga, medan mindreutgiften utgjer 0,8 og 6,6 prosent for høvesvis Innovasjon Noreg og eksporfinansieringsordninga.

Tilbakebetalingane vart 2,7 mrd. kroner høgare enn det var venta i nysalderinga. Endringar i tilbakebetalingar frå nysaldert budsjett går fram av tabell 1.11.

Tabell 1.11 Endringar i lånetransaksjonar, inntekter etter nysalderinga (tal i mill. kroner)

Statens lånekasse for utdanning, kap. 5310

315

Forskot på rammetilskot til kommunar, kap. 3571

6

Husbanken, kap. 5312

642

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga, kap. 3614

1 109

Innovasjon Noreg, kap. 5325

-340

Eksportfinansieringsordninga, kap. 5329

772

Tilbakeføring av fondskapital, kap. 4600

233

Andre låntakarar, netto

-7

Samla endring i tilbakebetalingane

2 730

Netto utlån vart dermed 4,9 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett. Sidan rekneskapen syner eit underskot på drygt 3,8 mrd. kroner, vart netto finansieringsbehov 1,1 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett.

Det vart utgiftsført avdrag på innanlandsk statsgjeld i 2014 i samsvar med budsjettet, og brutto finansieringsbehov er dermed òg 1,1 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett. Lånetransaksjonar knytte til petroleumsverksemda vert dekte med overføring frå Statens pensjonsfond utland. Det vart ikkje rekneskapsført lånetransaksjonar knytte til petroleumsverksemda i 2014.

Statens lånebehov og behovet for lånefullmakter kan avvika frå finansieringsbehovet som går fram av tabell 1.9. Grunnen er at ein ved utforming av lånefullmakter tek omsyn til einskilde lånetransaksjonar som inngår i lånebehovet, men som ikkje har likviditetseffekt. Det gjeld til dømes ved overføring av kapital til og frå tilskotsfond som infrastrukturfondet. Dette er nærare omtalt i dei årlege proposisjonane om fullmakt til å ta opp statslån o.a. I 2014 vart det overført 20 mrd. kroner i kapital til infrastrukturfondet og 9,3 mrd. kroner til klimafondet.

1.6 Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

Statsrekneskapen for 2014 syner at dei samla inntektene frå skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg utgjorde 868,2 mrd. kroner i 2014, ein auke på 19,1 mrd. kroner eller 2,3 prosent frå året før.

I statsrekneskapen for 2014 vart dei samla skatte- og avgiftsinntektene om lag 24,8 mrd. kroner lågare enn i saldert budsjett. I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2014 vart anslaget sett ned 9,2 mrd. kroner. Ved nysalderinga av 2014-budsjettet er berekna skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg sett ned med endå 14,4 mrd. kroner, i hovudsak på grunn av lågare skattar frå føretak. Samla inntekter frå skattar og avgifter vart i statsrekneskapen om lag 1,2 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett.

Av dei samla skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg på 868,2 mrd. kroner i statsrekneskapen for 2014 utgjorde skatt på inntekt og formue medrekna arveavgifta 240,9 mrd. kroner. Dette var 1,9 prosent lågare enn i 2013. Trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift utgjorde 284,0 mrd. kroner i 2014, ein auke på 5,4 prosent frå året før. Inntektene frå meirverdiavgifta auka med 3,7 prosent, til 242,6 mrd. kroner i 2014. Frå 2013 til 2014 auka andre særavgifter og tollinntekter med 0,6 prosent, frå 100,1 mrd. kroner til 100,8 mrd. kroner. Sjå detaljar i vedlegg 1, tabell 1.1 og løyvingsrekneskapen i vedlegg 2, tabell 2.2.

1.7 Utgifter og inntekter frå petroleumsverksemda – Statens pensjonsfond utland

Utgiftene til petroleumsverksemda skriv seg frå investeringar i statens direkte deltaking i petroleumsverksemda (SDØE). Utgiftene til petroleumsverksemda vart 35,4 mrd. kroner i 2014. Inntektene frå petroleumsverksemda omfattar skatt og avgift på utvinning, aksjeutbyte frå Statoil ASA og inntekter frå SDØE. Inntektene frå SDØE er for det meste driftsresultat og kalkulatoriske avskrivingar og renter. Dei samla innbetalte skattane og avgiftene frå petroleumsverksemda og CO2-avgifta vart 176,2 mrd. kroner i 2014. Inntektene frå SDØE vart 148,2 mrd. kroner, medan utbyte frå Statoil ASA i 2014 vart 22,6 mrd. kroner. Samla inntekter frå petroleumsverksemda vart dermed 347,0 mrd. kroner i 2014, og netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vart 311,7 mrd. kroner. Det er 2,5 mrd. kroner mindre enn i saldert budsjett og 2,7 mrd. kroner meir enn i nysaldert budsjett, jf. tabell 1.12.

Tabell 1.12 Endring i netto kontantstraum frå statleg petroleumsverksemd etter nysalderinga (tal i mill. kroner)

Reduserte petroleumsskattar og CO2-/NOx-avgift

-236

+

auka inntekter frå statleg petroleumsverksemd (SDØE) og utbyte frå Statoil ASA

1 329

reduserte utgifter, statleg petroleumsverksemd

-1 630

=

Netto endring i petroleumsinntekter

2 723

Overføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett, medan overføringa til fondet over kapittel 2800 er tilpassa netto kontantstraum frå petroleumsverksemda. Netto avsetjing til fondet i 2014 vart 155,5 mrd. kroner. I kapittel 3 er det gjort nærare greie for resultat og verdiutvikling i Statens pensjonsfond utland.

Fotnotar

1.

I tabellane i statsrekneskapen kan det vera avvik mellom sumtala i tabellane og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vera i samsvar med rekneskapen.

2.

Nysaldert budsjett, vedteke av Stortinget desember 2014.

Til forsida