Meld. St. 38 (2014–2015)

Open og opplyst— Allmennkringkasting og mediemangfald

Til innhaldsliste

11 Finansieringsmodell

11.1 Bakgrunn

Fram til for få år sidan var ei avgift knytt til eigarskap av ein fjernsynsmottakar rekna som ei stabil og sikker form for finansiering av allmennkringkasting i Europa. Den teknologiske utviklinga dei seinare åra inneber at allmennkringkastingsinnhald blir distribuert via fleire ulike plattformer. Folk kan dermed i aukande grad skaffe seg tilgang til og gjere bruk av innhald produsert av allmennkringkastarar frå andre apparat enn det tradisjonelle fjernsynsapparatet. Sidan kringkastingsavgifta i dei fleste land har vore knytt til eigarskap til eit fjernsynsapparat og andre apparat som inneheld fjernsynsmottakarar, har dette i fleire land ført til at fleire omgår avgifta, med etterfølgjande svikt i inntektene frå kringkastingsavgifta. Sjølv om ei slik apparatbasert avgift framleis er den mest vanlege finansieringsmodellen i Europa, har fleire land den siste tida gått over til husstands- eller individbaserte finansieringsmodellar, eller dei vurderer ulike alternativ til apparatbasert kringkastingsavgift.1

11.2 Gjeldande rett og innkrevjingspraksis

11.2.1 Gjeldande rett

Kringkastingslova §§ 8-1 til 8-5 inneheld sentrale reglar om innkrevjing av kringkastingsavgifta. Meldeplikta ved overdraging av mottakarar er heimla i kringkastingslova § 8-1. I § 8-2 i lova er det vidare fastsett meldeplikt for næringsverksemder ved innførsel og innanlandsk sal, utleige eller utlån av kringkastingsmottakarar. § 8-3 heimlar Stortingets rett til å fastsetje avgifta og gjev Kongen heimel til å fastsetje nærare reglar i forskrift og gjennom forskrift eller vedtak gje fritak frå avgifta når særlege grunnar tilseier det. § 8-4 heimlar panterett for inndriving av avgift med vidare. § 8-5 gjev NRK rett til innsyn i opplysingar om kundane til tilbydar av betalingsfjernsyn. Med unntak for § 8-4 gjev alle føresegnene Kongen heimel til å gje nærare reglar i forskrift. Følgjande forskrifter regulerer innkrevjing av kringkastingsavgifta:2

  • forskrift 23. oktober 1980 nr. 8777 om radiohandleres meldeplikt til Norsk rikskringkasting

  • forskrift 15. juni 1981 nr. 8629 om radiohandlerkontroll

  • forskrifter 23. oktober 1980 nr. 8798 om fjernsynsmottakere

Forskriftene inneheld blant anna reglar som definerer avgiftsobjektet, regulerer rettar og plikter knytte til meldeplikta, avgiftsplikt og unntak frå avgifta, kontroll med betaling av avgifta og sanksjonar ved brot på forskriftene.

Eit grunnleggjande trekk er at reglane baserer seg på avgiftsplikt knytt til eigarskap til og kontroll med omsetning av ein viss type teknologi – fjernsynsmottakarar. Medan reglane definerer fleire typar apparat som avgiftspliktige, omfattar meldeplikta berre tradisjonelle fjernsynsapparat. Det er praktiske omsyn som ligg bak denne praksisen. Det store fleirtalet av norske husstandar har framleis minst eitt tradisjonelt fjernsynsapparat. Ein lisens dekkjer alle dei andre avgiftspliktige apparata i ein husstand.

11.2.2 Innkrevjing av kringkastingsavgifta

Det er NRK Lisensavdelinga som står for innkrevjing av kringkastingsavgifta. Lisensavdelinga er organisatorisk underlagd NRK sentralt, men er lokalisert til Mo i Rana. Det er om lag 100 årsverk i Lisensavdelinga. I tillegg sysselset innkrevjing av lisensen 20 årsverk hjå Statens innkrevjingssentral i samband med inndriving av fordringar (tvangsinnkrevjing og inkasso). NRK har dessutan engasjert omkring 40 kontrollørar som kvart år gjennomfører om lag 30 000 husstandskontrollar basert på provisjon.

Driftskostnadene for NRK Lisensavdelinga var i 2014 på 105 mill. kroner. I tillegg kjem 44 mill. kroner til Statens innkrevjingssentral for inndriving av fordringar på vegner av NRK. I lisensbrevet for 2015 er postane 105,2 og 51,5 mill. kroner. Utgiftsveksten kjem i nokon grad av at effektiv innkrevjing fangar opp fleire «dårlege betalarar», som det igjen kostar meir å følgje opp og krevje inn avgift frå.

NRK sender kvart år ut om lag 4 mill. krav om betaling av kringkastingsavgift. Få formelle klager på kringkastingsavgifta når Medietilsynet. Av dei om lag 400 000 som kontaktar Lisensavdelinga kvart år, vel om lag 50 (drygt ein promille) å sende formell klage over vedtaka til Lisensavdelinga til Medietilsynet.

11.3 Situasjonen i andre land

Ein rapport frå den europeiske kringkastingsunionen EBU3 viser at allmennkringkasting i Europa i aukande grad baserer seg på inntekter frå det offentlege (lisens og tilskot m.m.).4 Offentleg finansiering stod for 77,9 pst. av inntektene til europeiske allmennkringkastarar i 2012. Inntekter frå lisens stod i 2012 for 82,9 pst. av den offentlege finansieringa til allmennkringkastarane, ned frå 86,8 pst. i 2007. Anna offentleg finansiering (statsbudsjett, tilskot, skatt m.m.) har auka tilsvarande (frå 13,2 pst. i 2007 til 17,1 pst. i 2012). I dei fleste territoria kombinerer allmennkringkastarane inntekter frå ulike kjelder (offentleg finansiering, lisens, reklame, sponsing og andre kommersielle inntekter). Lisens var likevel den viktigaste inntektskjelda i 21 av dei 40 marknadene som EBU undersøkte.

11.3.1 Sverige

Sverige har ein lisensmodell som er relativt lik den norske. Lisensen går med til å finansiere dei tre allmennkringkastarane Sveriges Television (SVT), Sveriges Utbildningsradio (UR) og Sveriges Radio (SR). Liksom i Noreg er avgiftsplikta knytt til eigarskap til ein fjernsynsmottakar, og kvar husstand betalar berre ei avgift same kor mange apparat husstanden eig. Også private og offentlege verksemder, organisasjonar og lag pliktar i hovudsak å betale lisens. Ansvaret for å krevje inn avgifta er lagt til Radiotjänst i Kiruna (RIKAB).5 I 2015 var avgifta 2 076 SEK per husstand.

Lisensen blir betalt inn på eigen konto (rundradiokontot) i statskassa. Riksdagen fastset nivået på avgifta og løyver midlar frå rundradiokontot til SVT, SR og UR. Vedtaket baserer seg på forslag frå dei tre allmennkringkastarane til Kulturdepartementet, basert på opplysingar om den økonomiske situasjonen til selskapa og venta utvikling dei kommande åra.

For perioden 2014–2019 vedtok Riksdagen at tilskotet til SR, SVT og UR skal auke med 2 pst. kvart år i avtaleperioden. Riksdagen løyvde 7,4 mrd. SEK i 2013 og 7,6 mrd. SEK i 2014 til SVT, SR og UR.6 Av den totale løyvinga gjekk i 2014 om lag 59 pst. til SVT, 36 pst. til SR og 5 pst. til UR.7

I 2012 la den statleg oppnemnde public service-komiteen fram ei utgreiing SOU 2012:59 «Nya villkor för public service».8 Komiteen føreslo å erstatte lisensen med ei individuell TV- og radioavgift utrekna på grunnlag av skattbar inntekt. Forslaget innebar at personar under 18 år og verksemder ikkje skulle betale avgift, at avgifta skulle vere inflasjonsjustert og at det blir fastsett eit tak for avgifta. Komiteen føreslo derimot inga omfattande endring av forvaltninga av inntektene frå avgifta, slik at inntektene som tidlegare skulle betalast til og løyvast frå ein konto i statskassa øyremerkt allmennkringkasting. Komiteen vurderte i tillegg tre andre finansieringsmodellar: husstandsavgift, avgift knytt til eigedom og finansiering over statsbudsjettet. Argumenta mot avgift knytt til eigedom var i hovudsak at ei slik avgift ville få urimelege utslag, blant anna at personar som eig fleire bustader, vil måtte betale fleire avgifter, at forslaget ikkje tek omsyn til om bustaden står tom eller kor mange som bur i den. Hovudargumenta mot ei husstandsavgift var at det var vanskeleg å grunngje kvifor avgiftsobjektet skal vere ein husstand når koplinga til mottakaren fell bort, at kostnadane til innkrevjing framleis vil vere relativt høge og at ei slik avgift ikkje ville gje positiv effekt for einslege eller åleineforeldre. Utgiftsføring over statsbudsjettet var etter komiteens syn ikkje eit realistisk alternativ fordi det vil utfordre allmennkringkastaranes uavhengige posisjon og fridomen frå politisk styring. Utgreiinga la særleg vekt på at val av finansieringsmodell må ha høg legitimitet blant borgarane, at finansieringsmodellen må sikre allmennkringkastarane størst mogleg fridom og sjølvstende frå politisk styring, at den er effektiv og gjev trygg, føreseieleg og stabil finansiering. Utgreiinga la dessutan vekt på at reglane skulle vere enkle å forstå, og at allmenta enkelt skulle forstå kva avgifta finansierer. Regjeringa valde å ikkje følgje opp forslaget frå komiteen om individuell avgift knytt til skattbar inntekt,9 og har grunngjeve dette blant anna med at noverande lisensfinansiering inntil vidare fungerer relativt godt. Regjeringa meiner at eit system skilt frå statsbudsjettet inneber ein garanti for kringkastaranes ubundne posisjon og fridom. Regjeringa varsla likevel at den tek sikte på å greie ut ulike alternativ til finansiering av allmennkringkasting, som skal kunne gjelde frå 2020.

I 2012 gjorde SVT kanalane sine tilgjengelege på nett. Dette resulterte i at stadig fleire nytta tenestene på nett og ikkje betalte lisens. Frå februar 2013 vart reglane endra slik at alle apparat som kan nyttast til TV-innhald skulle vere avgiftspliktige.10 I juni 2014 avgjorde høgsterett i Sverige at RIKAB ikkje hadde rett til å krevje inn lisens for datamaskiner med Internett-tilkopling. RIKAB har etter dette betalt attende lisens til husstandar og verksemder som hadde betalt den og som berre har hatt ei eller fleire datamaskiner med Internett-tilkopling (nettbrett, mobiltelefon, PC og liknande).

11.3.2 Danmark

Danmark har ein lisensmodell som også i det store og heile svarar til den norske. Frå 2007 gjeld lisensen alle som eig apparat som kan ta imot og vise program og tenester som kan vise levande bilete og som blir formidla til allmenta. Ein lisens dekkjer alle apparat i ein husstand. Dei danske reglane opnar for nokre fleire unntak og reduserte satsar, mellom anna med grunnlag i alder, funksjonsnedsetjing og sosiale tilhøve, enn dei norske reglane. I motsetnad til Noreg betalar næringsverksemder, institusjonar, foreiningar mv. frå og med 2015 ikkje lenger lisens.

I tillegg til Danmarks Radio (DR) finansierer lisensen dei åtte regionale TV 2-verksemdene, Radio 24syv og lokalradio og -fjernsyn. Det er Folketinget som vedtek lisensen i samsvar med fireårige tverrpolitiske medieavtaler som fastset nivået på lisensen og fordelinga mellom dei ulike mottakarane i avtaleperioden. DR får om lag 84 pst. av inntektene frå lisensen, totalt om lag 7,334 mrd. DKK for toårsperioden 2013–2014. Medieavtala gjer eit overslag over årleg lisensproveny basert på prognosar og nivået på lisensavgifta. I samsvar med medieavtala blir overskytande proveny fordelt av Kulturministeriet etter drøfting med avtalepartnarane. Eit underskot reduserer beløpet DR tek imot. For 2015 er lisensen 2 460 kr per husstand.

I 2012 vart det oppnemnt ei arbeidsgruppe i regi av Kulturministeriet for å følgje opp ein rapport frå 2004 «Licens eller skat».11 Arbeidsgruppa leverte i februar 2014 rapporten «Mulige alternativer til den nuværende licensfinansiering af DR og de regionale TV2-virksomheder mv12 Rapporten vurderte dagens lisensfinansiering mot

  • ein lisensmodell der husstandar som ikkje nyttar tilbodet frå allmennkringkastarane kvart år ville måtte erklære at ein ikkje eig lisenspliktig apparat

  • ei husstandsavgift

  • finansiering via løyvingar over statsbudsjettet (med inntekter frå ordinær skatt)

  • finansiering via løyvingar over statsbudsjettet (med inntekter frå ein medieskatt)

Arbeidsgruppa peikte på at den teknologinøytrale definisjonen av apparat sikrar finansieringsgrunnlaget, og at lisensen difor er ei robust og langsiktig finansieringskjelde. Arbeidsgruppa viste dessutan til at lisensmodellen, til skilnad frå skattefinansiering, styrkjer allmennkringkastaranes uavhengige posisjon og etablerer ein leverandør-kunderelasjon. På den andre sida vart det peikt på at lisensmodellen medfører provenytap fordi mange husstandar ikkje betalar. Det vart også peikt på høge administrasjonskostnader, og at ordninga inneber byrder for folk gjennom tilmelding/fråmelding.

Den danske utgreiinga gjorde ein analyse av tjuvtittarar, og rekna seg til at det mellom dei 230 000 tjuvtittarane er 95 000 som manglar økonomiske ressursar, 15 000 er lisensmotstandarar og at 20 000 unge ikkje betalar (men over noko tid truleg vil betale lisens). Dei resterande 100 000 er nye husstandar (mellom anna unge som har flytt heimafrå, oppløyste par og innvandrarar) som vil betale lisens når dei etablerer seg på nytt.

Arbeidsgruppa la, i samsvar med mandatet, ikkje fram innstilling om kva for modell som er best. I samband med ny medieavtale for perioden 2015–2018 vart partane einige om å føre vidare noverande lisensfinansiering av DR og dei regionale TV2-verksemdene etter gjeldande reglar. Som ledd i ei såkalla vekstpakke vart det likevel vedteke å avskaffe lisensen frå 1. januar 2015 for næringsverksemder, lag og institusjonar.

11.3.3 Finland

Finansiering av allmennkringkastaren YLE skjer gjennom ein eigen særskatt som vart innført med verknad frå 1. januar 2013. Skatteverket krev inn skatten i samband med innkrevjinga av inntektsskatten. Alle personar med skattbar inntekt over 7 500 euro og verksemder og lag med omsetning over 400 000 euro betalar særskatten. Skatten er individuell og progressiv og inneheld såleis fordelingseffektar samanlikna med den gamle TV-avgifta.

Skattenivået er regulert i Lag om Rundradioskatt. Skatten utgjer i utgangspunktet 0,68 pst. av skattbar inntekt, men beløpet kvar enkelt betalar, har ei øvre og nedre grense bunden til arbeids- og kapitalinntekt. Dei som har inntekt under 7 353 euro, betalar ikkje TV-skatt, medan dei som har inntekt over 20 588 euro, betalar maksimalbeløpet på 140 euro. For næringsverksemder er skatten 140 euro om skattbar inntekt er høgare enn 50 000 euro. For inntekt over 50 000 euro betalar verksemda i tillegg 0,35 pst. skatt, men maksimalt 3 000 euro per år. Frivillige lag og liknande betalar ikkje TV-skatt med mindre dei driv kommersiell verksemd med omsetning på over 50 000 euro. Administrasjonskostnadene for innkrevjinga er rekna til om lag 0,4 pst. av provenyet.

For å sikre sjølvstende frå staten er TV-skatten øyremerkt. Skatteprovenyet går direkte inn i statens TV-og radiofond og inngår ikkje i statsfinansane, men blir rapportert i statsbudsjettet. Allmennkringkastaren får kvart år overført ein sum som er stipulert i lova om statens TV- og radiofond. Overføringa skal i utgangspunktet indeksregulerast, men for 2015 vedtok Riksdagen å fryse overføringa til YLE på 2014-nivå.13

Fram til 2013 hadde Finland lisens for kvart TV-apparat som var i permanent bruk. Lisensen var på 253 euro i 2012. Lisensinntektene var totalt om lag 435 mill. euro. Frå 2000 gjekk talet på lisensbetalarar kraftig ned. Dette, kombinert med eit forelda kontrollsystem og ei teknologisk utvikling som skapte utfordringar, var grunnen til at systemet vart endra.

Av alternative finansieringsformer vurderte Finland fleire finansieringsmodellar:

  • innkrevjing via særskatt – lik for alle eller inntektsavhengig

  • auke nivået på inntektsskatten for individ og selskap

  • auke eigedomsskattane

  • auke meirverdiavgifta

Finske styremakter meinte at ein særskatt ville gje YLE stabile inntekter og vere meir sosialt rettferdig.

11.3.4 Tyskland

I 2013 gjekk Tyskland over frå apparatavhengig og individbasert lisens til ei teknologiuavhengig avgift for husstandar og verksemder. Kvar husstand må betale avgift jamvel om ein ikkje nyttar tilbodet frå allmennkringkastarane. Avgifta er flat og tek ikkje omsyn til kor mange personar og apparat det er i husstanden. Lisensen for ein husstand dekkjer også apparat i bilar, men ikkje i sekundærbustader.14 Næringsverksemder betalar ei avgift utrekna etter talet på lokale, tilsette og køyrety.

Lisensavgifta blir fastsett for fire år om gongen av delstatsparlamenta etter forslag frå ein uavhengig kommisjon som vurderer krava frå allmennkringkastarane ARD og ZDF. Lisensavgifta var i 2014 17,98 euro i månaden per husstand, men vart redusert til 17,50 euro i 2015 fordi avgifta på husstandar ville innebere ein auke i dei samla inntektene frå avgifta. I 2014 var dei samla lisensinntektene cirka 7 500 millionar euro årleg. Allmennkringkastarane kan også ha reklameinntekter, og under visse føresetnader drive næringsverksemd. Allmennkringkastarane har generelt ikkje nytta høvet til å selje reklame.

Før omlegginga til avgift på husstandar var det ein klår trend til fråfall i talet på lisensbetalarar. Styremaktene rekna ut at ein innan 2020 ville tape inntekter på om lag 1 milliard euro, tilsvarande 15 pst. av inntektene frå avgifta. Vidare vart det peikt på at ein ny modell må vere teknologiuavhengig. Auka sosial rettferd vart også brukt som argument i favør av ei avgift på husstandar. Ein vurderte også strengare reglar for reklame på allmennkringkastarane, men forslaget fekk ikkje oppslutnad fordi ein frykta at reduksjon i reklameinntekter ville redusere inntektene til kringkastarane og gjere dei meir bundne av støtte frå staten.

11.3.5 Storbritannia

BBCs allmennkringkastingsverksemd er finansiert med ein lisens som i hovudsak svarar til den norske. Lisensen er teknologinøytral og gjeld alle apparat som kan brukast til å sjå på TV (PC, TV, mobil med vidare). Verksemder som har fjernsyn er også avgiftspliktige og betalar ein lisens per adresse.

Personar over 75 år får automatisk gratis lisens på hovudadressa, men må betale lisens dersom dei har TV på meir enn ei adresse. Statsbudsjettet dekkjer det BBC tapar som følgje av gratislisensen til dei eldre. Blinde, svaksynte og personar som bur på sjukeheim betalar redusert sats. BBC har ansvar for innkrevjing av lisensen, men kjøper denne tenesten av private.

Eit såkalla Royal Charter fastset dei overordna måla for verksemda til BBC. Charteret gjeld for ti år om gongen og nogjeldande charter varar ut 2016. Den britiske regjeringa fastset lisensavgifta, men den skal godkjennast kvart år av parlamentet. Lisensen har sidan 2012 vore frosen til £ 145,5 for fargefjernsyn og £ 49 for svart-kvitt fjernsyn fram til utgangen av noverande charterperiode i 2016, dvs. i praksis fram til 31. mars 2017.

Ifølgje BBC-rekneskapen for 2013 var BBCs totale lisensinntekter i 2013 på 3,66 mrd. GBP og estimerte inntekter for 2014 er 3,73 mrd. GBP. BBC har monalege kommersielle inntekter, særleg frå sal av visingsrettar til innhald. Ifølgje BBCs rekneskap er det eit mål å få mest mogleg ut av andre finansieringskjelder, spesielt frå det kommersielle dotterselskapet BBC Worldwide. I 2013 genererte BBC kommersielle inntekter på 1,4 mrd. GBP, i hovudsak frå BBC Worldwide. For 2014 er kommersielle inntekter rekna til 1,3 mrd. GBP.

Storbritannia har fleire allmennkringkastarar ved sida av BBC. Fram til 2013 var BBC åleine om å få inntekter frå lisensen. Frå 2013 er BBC med på å delfinansiere den walisiskspråklege allmennkringkastaren S4C.

11.3.6 Finansiering av allmennkringkasting over statsbudsjettet

Fleire land finansierer allmennkringkastarar over statsbudsjettet med skatteinntekter.

I Nederland gjekk ein i 2000 over frå lisensfinansiering til finansiering over statsbudsjettet med inntekter frå generell skattlegging. I 2012 utgjorde løyvingar over statsbudsjettet om lag 66 pst. av samla inntekter, medan 24 pst. kom frå reklame og 9 pst. frå andre kommersielle kjelder. For å effektivisere og forenkle kringkastingssystemet vil styremaktene redusere talet på allmennkringkastarar frå 24 til 8 innan 2016 og kutte offentlege overføringar til allmennkringkasting med 125 mill. euro.

På Island er allmennkringkastaren RUV finansiert over statsbudsjettet gjennom øyremerkt skatt som skatteverket krev inn. RUV har meir restriktive reglar for vising av reklame og sponsing og produktplassering er forbode. RUV er dessutan pålagt beløpsgrenser når det gjeld kommersielle inntekter. Historisk sett har statleg finansiering utgjort 2/3 av inntektene til RUV, medan kommersielle inntekter har utgjort 1/3. I 2012 var dei kommersielle inntektene oppe i 40,5 pst., ein auke på 9,8 pst. frå 2011.

Andre land som i hovudsak finansierer allmennkringkastarar over statsbudsjettet, er Latvia, Litauen, Estland, Belgia, Spania, Ukraina, Vatikanstaten, Bulgaria, Kypros, Andorra, Armenia, Georgia, Moldova og Marokko.

11.4 Alternativ til framtidig finansiering av NRK

Desse hovudtypane av offentleg finansiering av allmennkringkasting er i bruk i Europa:

Individ- eller husstandbasert koppskatt

Koppskatt er eit fast beløp som alle skattepliktige (individ eller husstand) må betale uavhengig av betalingsevna til skattytaren. Skattesummen varierer såleis ikkje med storleiken på inntekta til dei skattepliktige. I dei europeiske landa som har ein slik modell, er inntektene frå koppskatten øyremerkt til føremålet.

Finansiering over statsbudsjettet

Finansiering over statsbudsjettet inneber å bruke etablerte skattegrunnlag til å finansiere NRK. Då må ein enten auke skattane eller redusere utgiftene til andre føremål.

Kringkastingsavgift på mottakarar

Kringkastingsavgifta er ei øyremerkt, teknologiavhengig avgift. Inntektene går uavkorta til allmennkringkastaren. Kringkastingsavgifta opnar for at dei som melder frå om at dei ikkje eig ein mottakar eller har sett den bort kan sleppe å betale.

11.5 Departementets vurdering

Dagens kringkastingsavgift baserer seg på meldeplikt, som inneber at forhandlarar og private som overdreg og sel fjernsynsapparat har plikt til å melde frå til NRK Lisensavdelinga.

Innkrevjinga av kringkastingsavgifta er teknologiavhengig, sidan den i hovudsak baserer seg på registrering av omsette (tradisjonelle) fjernsynsapparat. Det har som nemnt tidlegare, i alle fall dei ti siste åra, vore mogleg å sjå fjernsynsinnhald utan å ha eit tradisjonelt fjernsynsapparat.15 For delvis å redusere risikoen for omgåing, vart meldeplikta for dei som omset TV-apparat frå 2009 supplert med ein heimel i kringkastingslova som gjev NRK rett til innsyn i kundelistene til tilbydarar av betalingsfjernsyn. Talet på lisensbetalarar aukar meir enn talet på husstandar i Noreg.16 Det kan difor slåst fast at talet på dei som omgår avgifta i Noreg er redusert det siste tiåret, sjølv om teknologien har lagt til rette for auka omgåing.

Det statistiske materialet som ligg føre, viser at kringkastingsavgifta så langt har tolt utfordringa frå teknologiske endringar. Trass i at det har late seg gjere å sjå fjernsyn utan fjernsynsmottakar i ei årrekkje, har talet på «tjuvtittarar» gått svakt ned dei siste 10 åra. Kvart år aukar talet på lisensbetalarar. NRK legg til grunn at 10 000 fleire husstandar vil betale avgifta i 2016. Sjølv om strøyming av innhald på kort tid har vorte svært utbreidd, særleg blant yngre, står strøyming for ein liten del17 av det totale konsumet av fjernsynsinnhald.

Kringkastingsavgifta baserer seg på å fange opp nye lisensbetalarar gjennom meldeplikta for omsetning av tradisjonelle fjernsynsapparat supplert med ein kontroll med kundane til betal-TV-tilbydarar. Dersom strøyming skulle føre til at husstandane kvitta seg med tradisjonelle fjernsynsapparat og slutta å abonnere på norske betal-TV-tenester, ville det gjere innkrevjinga av kringkastingsavgifta vanskelegare. Det er så langt ikkje lagt fram empiri som tyder på at norske husstandar kvittar seg med fjernsynsapparat. Dei fleste ser framleis ein god del på lineært fjernsyn på skjermen i stova, og truleg skjer dessutan ein god del av strøyminga på fjernsynsskjermen via smart-TV, Apple-TV, spegling av datamaskiner og liknande teknologiar. Mykje attraktivt innhald vil også i framtida utelukkande bli tilbode mot betaling. NRK Lisens har lovheimla tilgang til kunderegistra til selskap som tilbyr betal-TV.

Departementet legg til grunn at kringkastingsavgifta vil gje relativt stabile og føreseielege inntekter for NRK i nokre år til, men at medieutviklinga på sikt kan gjere det naudsynt å endre NRKs finansieringsgrunnlag.

Alternativ til kringkastingsavgifta har ulike styrkar og veikskapar. Departementet har heller ikkje fullgodt oversyn over dei konkrete konsekvensane ulike alternativ vil ha. Det er til dømes naudsynt å få meir kunnskap om dei administrative kostnadene som følgjer med ulike løysingar. Departementet meiner difor at ein må analysere nærare kva dei praktiske og økonomiske konsekvensane av ulike modellar vil bli. Departementet vil greie ut dette nærare, og eventuelt kome tilbake til Stortinget med eit lovforslag om ny finansieringsmodell for NRK.

Boks 11.1 Departementets konklusjon om NRKs finansieringsmodell

  • Dagens kringkastingsavgift gjev NRK framleis stabile inntekter, og departementet vil føre vidare kringkastingsavgifta i inneverande stortingsperiode.

  • Departementet vil greie ut konsekvensar av ulike finansieringsmodellar for NRK.

  • Regjeringa kjem eventuelt tilbake til Stortinget med eit lovforslag om ny finansieringsmodell for NRK.

Fotnotar

1.

Andre land (Danmark, Storbritannia og Sverige) har valt å føre vidare eksisterande kringkastingsavgift og endre reglane i meir teknologinøytral retning.

2.

I tillegg inneheld forskrift om kringkasting og audiovisuelle bestillingstenester ei bestemming som slår fast at Medietilsynet er klageinstans for enkeltvedtak fatta av Norsk rikskringkasting som gjeld innkrevjing av kringkastingsavgift og fritak frå avgiftsplikta.

3.

Funding of Public Service Media 2013 http://www3.ebu.ch/contents/publications/restricted/ media-intelligence-service/ebu-report---funding-of- public-1.html

4.

Data er frå 2012 og stammar frå medlemslanda i EU (minus Luxemburg, Malta og Hellas) og dessutan Noreg, Sveits, Island, Albania, Andorra, Armenia, Makedonia, Georgia, Moldova, Marokko, Serbia, Tyrkia, Ukraina og Vatikanstaten.

5.

Dei tre allmennkringkastarane SVT, SR og UR eig Radiotjänst i Kiruna AB.

6.

2013-talet omfattar 276 mill SEK (fordelt med 264,7 til SVT og 11,3 mill. til UR) frå det såkalla distributionskontot, som er midlar Riksdagen løyver til allmennkringkastarane for å finansiere digitalovergangen i bakkenettet for fjernsyn.

7.

http://www.radiotjanst.se/Documents/Arsredovisning/ RRR2013.pdf

8.

Public Service-kommittén (2012).

9.

Sjå Regeringens proposition 2012/13:164, http://www.regjeringen.se/content/1/c6/21/96/88/ e5ab6f6a.pdf

10.

Radiotjänst (2014). Pressmeddelande med anledning av Högsta förvaltningsdomstolens dom. http://www.radiotjanst.se/sv/Om-Radiotjanst/Press-och- media/Pressmeddelande-med-anledning-av-Hogsta- forvaltningsdomstolens-dom/

11.

http://kum.dk/servicemenu/publikationer/2004/ licens-eller-skat/

12.

http://kum.dk/uploads/tx_templavoila/ Licensrapport%20endelig.pdf

13.

http://www.lvm.fi/pressreleases/4420145/funding-of- finnish-state-broadcaster-yle-to-remain-at-the-present-level

14.

Lenke til informasjon om ordninga: https://www.rundfunkbeitrag.dei/e360/e364/e224/e637/ resources1413/Informationsflyer_buergerinnen_und_ buerger_englisch.pdf

15.

Allereie for 10 år sidan var dette ein så klår trend at problemstillinga vart omtala i eit eige kapittel i St.meld. nr. 30 (2006–2007) der ulike alternativ til kringkastingsavgifta vart vurderte.

16.

Medan talet på lisensar sidan 2004 har auka med 11,3 pst. poeng, har talet på husstandar auka med 9,7 pst. poeng. Tilhøvet mellom lisensar og husstandar har stige frå 87 pst. i 2004 til 88 pst. i 2013.

17.

I følgje NRK Analyse står strøyming for om lag 5 pst. av konsumet http://www.bt.no/nytte/digital/TV-vaner-i-endring-Eller-2995580.html

Til forsida