Meld. St. 38 (2014–2015)

Open og opplyst— Allmennkringkasting og mediemangfald

Til innhaldsliste

14 NRKs kjøp av eksterne produksjonar

14.1 Innleiing

Allmennkringkastingsoppdraget inneheld krav til NRKs programtilbod. NRK skal blant anna styrkje norsk og samisk språk, identitet og kultur, produsere og formidle norsk drama og stimulere det norske filmmiljøet. For å oppfylle allmennkringkastingsoppdraget nyttar NRK ein kombinasjon av innkjøpte program, intern produksjon og program som blir tinga frå eksterne produsentar. I Sundvolden-erklæringa står det at regjeringa har som mål å auke mengda av eksterne produksjonar i NRK. I høyringa av NRK-plakaten vart høyringsinstansane difor inviterte til innspel om bruk av eksterne produksjonar.

I dette kapittelet gjer departementet først greie for kva formelle krav som gjeld for NRKs kjøp av eksterne produksjonar. Deretter blir det vist til kva krav som gjeld for allmennkringkastarar i andre land. Avslutningsvis blir det drøfta i kva grad NRK bør auke mengda av program som blir kjøpte frå eksterne produsentar, og korleis eit slikt mål kan utformast.

14.2 Bakgrunn

Det står i AMT-direktivets artikkel 5 at medlemsland skal påleggje nasjonale kringkastarar å bruke minst 10 pst. av sendetida (eksklusive nyheiter, sport, spel og reklame) på program som er laga av produsentar som er uavhengige av kringkastaren. Alternativt kan eit medlemsland påleggje nasjonale kringkastarar å bruke minst 10 pst. av programbudsjettet på kjøp frå uavhengige produsentar.

I det norske regelverket er kravet teke inn i kringkastingsforskrifta § 2-2:

Minst 10 pst. av sendetiden i fjernsyn som ikke består av nyheter, sport, underholdningsprogram med konkurransepregede innslag, reklame eller tekstfjernsyn, skal avsettes til sending av europeiske verk produsert av produsenter som er uavhengige av fjernsynsselskapet.

I NRK-plakaten pkt. 3 g står det at NRK skal formidle og produsere norsk drama og «stimulere det norske filmmiljøet». Elles er det ikkje utforma konkrete krav om kor stor del av programtilbodet i NRK som skal lagast av uavhengige produsentar.

I St.meld. nr. 30 (2006–2007) la departementet til grunn at NRK burde auke delen av uavhengige produksjonar for å bidra til kontinuitet og sikre kompetansebygging og profesjonalisering i bransjen. Det vart også diskutert om NRK burde påleggjast ei rolle som investor i norske filmar, og om det burde innførast visingsplikt for alle norske filmar. Departementet tilrådde likevel ikkje dette. NRK vart i staden oppmoda til å vise eit breitt utval av norske filmar (kinofilmar, kortfilmar, naturfilmar, animerte filmar og dokumentarfilmar m.m.) og betale skikkeleg for dei. Departementet konkluderte slik:

NRK bør sette ut en større andel av dramaproduksjonen til uavhengige produsenter for å styrke det uavhengige norske produsentmiljøet. Departementet vil ikke pålegge NRK investeringsplikt eller visningsplikt for norsk film.

I TV 2s avtale med Kulturdepartementet (gjeldande fram til 31. desember 2016) står det at TV 2 skal vise norsk film og drama på hovudkanalen. I tillegg er det fastsett at selskapet skal yte eit årleg vederlag til audiovisuell produksjon på 10 millionar kroner. Midla blir forvalta av Norsk filminstitutt.

14.3 NRKs bruk av eksterne produksjonar

Tal frå NRK, (tabell 14.1), viser at selskapet har auka innkjøpet av eksterne produksjonar sidan St.meld. nr. 30 (2006–2007) vart fremja. I 2014 brukte NRK om lag 15 pst. av det totale programbudsjettet for TV på eksterne produksjonar. Dersom nyheiter, innkjøp, distriktsnyheiter, NRK Sápmi, sport og internasjonale innkjøp blir haldne utanfor, altså det som blir kalla det frie programbudsjettet, brukte NRK i 2014 ca. 28 pst. av TV-budsjettet på eksterne produksjonar. I sum tyder det at NRK bidreg med i overkant av 228 mill. kroner til uavhengige produksjonsselskap.

Tabell 14.1 Del av TV-budsjettet som går til eksterne produksjonar

Totalt TV-budsjett

Det frie programbudsjettet

Ekstern

Norsk film og dokumentar

Ekstern totalkostnad

Prosentdel ekstern

2007

1 244 770

655 958

115 284

115 284

18

2008

1 308 478

701 162

142 498

142 498

20

2009

1 373 991

646 106

133 944

5 490

139 434

22

2010

1 451 379

725 518

199 798

5 960

205 758

28

2011

1 432 458

699 918

195 946

9 448

205 394

29

2012

1 454 734

737 927

205 932

6 649

212 580

29

2013

1 528 747

786 244

236 277

8 398

244 676

31

2014

1 500 415

823 640

221 983

6 632

228 625

28

Merk: Det frie programbudsjettet er programbudsjettet ekskludert nyheiter, sport, distriktskontora, NRK Sápmi og innkjøp.

Kjelde: NRK

NRKs vurdering av kva for eksterne produksjonar dei investerer i, byggjer på fleire kriterium, så som beste idé, behov i sendeskjema, leveringsdugleik, kvalitet og produsentens skjønsemd for NRKs allmennkringkastingsoppdrag. Tabell 14.2 viser korleis NRKs eksterne kjøp fordeler seg på ulike programkategoriar. Den største delen eksterne produksjonar i NRK er innanfor sjangrane drama og underhaldning.

Tabell 14.2 Prosentdel av eksterne produksjonar per sjanger

2010

2011

2012

2013

2014

Drama (born/vaksne)

29

33

26

45

23

Underhaldning

41

29

48

28

36

Fakta-underhaldning

12

25

10

11

10

Dokumentar

8

6

5

6

7

Born

7

4

10

9

23

Animasjon

1

2

0

0

0

14.4 Status i andre land

Som nemnt ovanfor, inneheld AMT-direktivet minimumsreglar for europeiske kringkastarars kjøp frå eksterne produsentar. Alle kringkastarar skal bruke minst 10 pst. av sendetid eller programbudsjett på uavhengige produsentar. Dette gjeld for alle land i EØS-området.

14.4.1 Sverige

I SVTs sendeløyve, Tillstånd för Sveriges Television AB att sända tv och sökbar tekst-tv, blir det lagt vekt på at SVT skal ha variasjon i programproduksjonen med kombinasjon av eigenproduksjon, eksternproduksjon og samproduksjon. I § 7 står det:

SVT skal verka för mångfald i programverksamheten genom en variation i produktionsformer. Vid sidan om en betygande egen programproduktion skal utläggningar, samarbetsprojekt och inköp av program bidra till denne variation liksom utomståendes medverkan i den egna programproduktionen.

Bruk av ytterlegare krav til eksterne produksjonar i form av f.eks. kvotar vart vurdert i proposisjon 2012/13:164 Bildning och tilgänglighet – radio och tv i allmänhetens tjänst 2014–2019. Der vart det konkludert med at kvotar for bruk av eksterne produksjonar ikkje bør innførast, og at det bør vere opp til SVT sjølv å fastsetje mengda på grunnlag av dei allmennkringkastingsforpliktingane som ligg føre. Det vart likevel lagt til grunn at delen av eksterne produksjonar skulle aukast over tid.

Den svenske produsentforeininga og SVT har vorte samde om såkalla «normalvillkor»1. Vilkåra er ikkje obligatoriske, men rettleiande for samarbeidet mellom SVT, produksjonsselskapa og filmskaparar, og er meinte å skape rammer for visingsrettar, vidareutnytting og fordeling av rettar og inntekter.

I 2013 års filmavtal2 som er inngått mellom den svenske staten, kringkastarane og filmbransjen, er kringkastarane plikta til å støtte svensk filmindustri for å sikre at Sverige skal vere ein leiande filmnasjon i Europa. I avtala står det blant anna at SVT må bidra med i snitt 41.3 millionar SEK per år til samproduksjon/medfinansiering/kjøp av visingsrett til svensk film (spelefilm, kortfilm, dokumentar), og betale 42.1 millionar SEK i året til Stiftelsen Svenska Filminstitutet. Dei andre kringkastarane TV 4 AB, C More Entertainment AB, Modern Times Group MTG AB, SBS TV AB skal også betale definerte summar.3

14.4.2 Danmark

I Mediepolitisk aftale for 2015–2018 er det spesifisert at DR skal bruke 300 mill. danske kroner på eksterne produksjonar i gjennomsnitt per år i avtaleperioden, og at DR skal bruke eksterne produsentar for utvikling av digitale læringsspel retta mot born. Av omsyn til behov for fleksibilitet kan DR fråvike dei årlege måltala, så lenge kravet er oppfylt for den samla kontraktsperioden. Det er også uttrykt krav om at DR har ansvar for å fremje dialogen med uavhengige produsentar, lage ein offentleg plan for den eksterne utsetjinga, opplyse om programplanlegging og vurderingar om bruk av eksterne produksjonar på ein årleg informasjonsdag og invitere til ein årviss «pitchdag» der uavhengige produsentar kan leggje fram nye idear.

I tillegg stiller Filmaftale 2015–2018 krav til DR og TV 2 om bruk av midlar til dansk film. Av dei 65 mill. danske kronene kvar av dei i gjennomsnitt skal bruke på dansk film årleg, skal kvar kringkastar setje av gjennomsnittleg 57 mill. danske kroner årleg i støtte til spelefilm og dokumentarfilm. Minst 25 pst. av dette skal brukast på film for born og unge. Kvar kringkastar skal i tillegg setje av 8 mill. danske kroner årleg til talentutviklingsordninga New Danish Screen via Det Danske Filminstitut.

14.4.3 Finland

Ifølgje den finske lova om TV- og radioverksemd § 17 a skal ein kringkastar reservere 15 pst. av sendetida til program laga av uavhengige produsentar utanom den fastsette tida til nyheiter, sportshendingar, spel, reklame, tekst-TV-tenester og telekjøp, eller alternativt 15 pst. av det totale programbudsjettet. Frå 1. januar 2015 er det planlagt å auke denne kvoten til 19 prosent.

14.4.4 Storbritannia

Ifølgje den britiske kringkastingslova, The Communication Act 20034, skal kringkastarane ha eit breitt spekter av programtilbod. I § 277 står det at minst 25 pst. av programtilbodet skal vere tinga frå uavhengige produksjonsselskap.

For BBC er det i BBCs Framework Agreement i tillegg kravt at 50 pst. av all programbestilling i BBC skal vere reservert intern produksjon, medan interne og uavhengige produsentar skal konkurrere om dei resterande 25 pst. (jf. punkt 52). Denne modellen, også kalla The Window of Creative Competition (WoCC), vart utvikla av BBC til revideringa av BBCs Royal Charter i 2006 og som følgje av dei visjonane som vart diskuterte i dokumentet Building Public Value – Reviewing the BBC for a digital World5 i 2004.

Føremålet med WoCC, som vart effektuert i 2007, har vore å stimulere til konkurranse mellom BBCs interne produksjonsmiljø og uavhengige produsentar. I praksis fungerer ordninga slik at BBC årleg lagar ein detaljert plan basert på kanal- og sjangerstrategiar og behov i BBC, der det står kva type program dei ser etter og til kva pris. Deretter kan både interne og eksterne produsentar leggje fram programidear og konkurrere om prosjektmidlar. Ordninga blir vurdert annakvart år av BBC Trust.

14.5 Høyringsfråsegnene til NRK-plakaten

Eit gjennomgåande trekk i høyringsfråsegnene er at aktørar i produksjons- og filmmiljøet ønskjer at det blir stilt strengare krav til NRKs bruk av uavhengige produsentar. Andre instansar som Norsk PEN og Norsk Journalistlag er skeptiske til dette av omsyn til NRKs redaksjonelle fridom, og at dei eksterne produksjonsselskapa har utanlandske eigarar.

Meir konkrete krav

Aktørar frå film- og produksjonsbransjen ønskjer at det blir stilt strengare krav til at NRK set ut meir av programproduksjonen. Norske filmregissører peikar på at NRKs finansieringsdel i fiksjons- og dokumentarfilm er låg og argumenterer for at departementet bør krevje at NRK skal bidra i endå større grad. Dei skriv:

KUD kan kreve i større grad at NRK bruker lisensavgiften til å styrke produksjon av filmer utenfor NRK. Et sterkt produksjonsmiljø utenfor NRK eksisterer allerede og NRK skal bidra i enda større grad med midler til produksjoner som representerer kvalitet, mangfold og ytringsfrihet.

Dei føreslår vidare å leggje ned NRK Super som lineær TV-kanal for å frigjere midlar til produksjon av barnefilmar og program som kan strøymast på nett. Sidan sjåarvanane blant born og unge har endra seg og meir av TV-konsumet skjer «on demand» via NRKs nettsider, føreslår dei at NRKs Super blir ein reindyrka nettkanal.

Produsentforeningen/Virke viser i sitt høyringssvar til at medlemene deira kan levere «dobbelt så mye som de gjør i dag», og at bransjen er konkurransedyktig på pris. Dei understrekar vidare at det er viktig at NRK brukar eksterne produsentar frå heile landet i norske og samiske TV-produksjonar, og at NRK bør ta i bruk eksterne produsentar for å lage norske spel.

NRK stiller seg i si høyringsfråsegn positiv til å setje ut meir av programproduksjonen. Selskapet peikar på at det har auka mengda eksterne produksjonar dei siste fem åra og vil halde fram å auke delen basert på vurderingar av kva som gagnar publikum. NRK ønskjer at eventuelle auka krav blir sett som rullerande mål til eksterne produksjonar over ein tidsperiode, altså ikkje per år. Det er fordi det eksterne tilbodet ikkje er nokon statisk storleik og vil variere etter bl.a. behov i sendeskjema og omstende knytte til produksjonsprosessar.

I brev av 17. desember 2014 til departementet konkretiserer NRK synet sitt og føreslår følgjande mål for eksternutsetjing:

  • Fase 1: opptrapping (2016–2017), der NRK i snitt set ut minimum 35 pst. av TV-budsjettet desse to åra .

  • Fase 2: 3-årig driftsfase (2018–2020), der NRK i snitt set ut minimum 40 pst. av TV-budsjettet desse tre åra.

Utanlandske eigarar

Norsk Journalistlag og Norsk PEN skriv i høyringsfråsegnene at dei er skeptiske til at NRK skal påleggjast å setje ut ein større del av produksjonane til eksterne miljø fordi mange av produksjonsselskapa har utanlandske eigarar. Norsk Journalistlag meiner det dermed er fare for at fleire produksjonar blir lagde til utlandet for å nytte seg av billegare arbeidskraft. Dei skriv følgjande:

Vi er skeptiske til forslaget om å pålegge NRK å sette ut en større andel av produksjonene til eksterne miljøer. Mange av de store produksjonsselskapene har utenlandske eiere. De siste årene har vi sett at flere produksjoner er blitt lagt utenfor Norge for å få tilgang på billigere arbeidskraft. NJ er opptatt av at lisenspengene brukes til å utvikle norske produksjonsmiljøer og journalistiske ideer. NRK samarbeider allerede med andre norske produksjonsmiljøer. Både gjennom utveksling av folk og kompetanse, men også ved utlån av utstyr og lokaler. Dette er et samarbeid NJ mener er nyttig for alle parter, og som ikke trenger å bli låst til faste prosentvise rammer.

NRKs redaksjonelle fridom

Norsk PEN er prinsipielt mot for stor detaljstyring av NRK fordi det kan påverke NRKs redaksjonelle sjølvstende. Dei skriv:

Valg av produksjonskompetanse berører sentrale redaksjonelle spørsmål. Norsk PEN reagerer prinsipielt kritisk og spørrende hvis departementet og politisk ledelse vil influere på slike faglige og redaksjonell beslutninger. Enhver kvotering eller begrensning av NRKs frie produksjonsvalg er inngrep i den redaksjonelle frihet og vil være politisk detaljstyring og vil måtte underkastes kritisk offentlig debatt.

14.6 Departementets vurdering

14.6.1 Grunngjeving for fleire eksterne produksjonar i NRK

Som nemnt innleiingsvis står det i Sundvolden-erklæringa at regjeringa har som mål å auke delen eksterne produksjonar i NRK. Etter departementets syn bør NRK ha ambisiøse planar om eksternutsetjing av produksjonar. NRK er i kraft av storleiken på programbudsjettet sitt ein stor aktør i den norske marknaden. Dersom NRK plasserer ein større del av programbudsjettet i eksterne produksjonar, vil det gje ein positiv stimulans til den uavhengige produksjonsbransjen i heile Norge. Blant anna vil det kunne føre til større kontinuitet i det einskilde produsentselskapet. Konkurranse frå ekstern utsetting verker positivt inn på NRKs eigenproduksjon. NRKs interne produksjonsmiljø må vere opne for moglegheita for at ein større del av programbudsjettet kan brukast på eksterne produksjonar, dersom dei eksterne produksjonane har ein høgare kvalitet enn interne produksjonar. Konkurransen vil kunne stimulere til auka innovasjon og kreativitet hos NRKs eigne produsentmiljø.Departementet vil samstundes understreke kor viktig det er at NRK held ved lag eit sterkt internt produksjonsmiljø. Sterke, kreative miljø med ymse former for kompetanse i NRK kan ha positiv overføringsverdi på tvers av redaksjonane. Vidare kan NRK med sine tradisjonar og breie røynsle fungere som eit kompetansesenter i bransjen. Når NRK investerar i eksterne produksjonar, kan dette og innebere gjensidig utveksling av kompetanse og erfaring til beste for både NRK og dei eksterne produksjonsmiljøa. Krafta i det interne produksjonsmiljøet er viktig for oppfylling av allmennkringkastingsoppdraget. Eit vitalt internt produksjonsmiljø kan også vere ein viktig føresetnad for at NRK skal kunne opptre som ein profesjonell og kompetent tingar av eksterne produksjonar.

Spørsmålet om kva krav som skal stillast til NRK om eksternutsetjing, dreiar seg dermed om å finne god balanse mellom omsynet til NRKs interne kompetansemiljø på den eine sida og omsynet til eit vitalt miljø av uavhengige produsentar på den andre.

Departementet har merkt seg at somme høyringsinstansar er opptekne av at nokre av produsentselskapa har utanlandske eigarar. Dette kan etter departementets syn ikkje tilleggjast vekt. Den kulturpolitiske interessa kjem av eit mangfald av uavhengige produksjonsmiljø, og av at einskilde produksjonar er forankra i ein norsk kontekst og atterspeglar norsk røyndom. Sjølv om mange av produksjonsselskapa har utanlandske eigarar, vil produksjonsmiljøa i desse selskapa vere norske. Etter departementets syn er det difor i seg sjølv ikkje problematisk at somme produksjonsselskap har utanlandske eigarar. Det kan i denne samanhengen også visast til at ei rad norske medieselskap, f.eks. TV 2 og P4, har utanlandske eigarar, jf. kapittel 3.

Figur 14.1 
Kampen om tungtvannet er ei ekstern produksjon produsert av Filmkameratene for NRK. Serien er ei dramatisering av tungtvatnaksjonen mot Norsk Hydros fabrikk på Vemork ved Rukjan under annan verdskrig. Serien fikk høge seertall og vann seks priser u...

Figur 14.1 Kampen om tungtvannet er ei ekstern produksjon produsert av Filmkameratene for NRK. Serien er ei dramatisering av tungtvatnaksjonen mot Norsk Hydros fabrikk på Vemork ved Rukjan under annan verdskrig. Serien fikk høge seertall og vann seks priser under Gullruten 2015. På bildet sjåas Eirik Evjen som Idland, Mads Sjøgård Pettersen som Kayser, Tobias Santelmann som Rønneberg, Frank Kjosås som Haukelid, Endre Ellefsen som Storhaug og Ole Christoffer Ertvaag som Strømsheim.

Foto: Filmkameratene AS/Jiri Hanzl

14.6.2 Utforming av krav til NRK

Produsentforeningen/Virke har i høyringsfråsegna nemnt at bransjen har kapasitet til å ta på seg mange fleire bestillingar enn i dag. NRK har peikt på at for rask opptrapping av NRKs eksterne kjøp vil kunne føre til uheldig prispress i bransjen.

Konsulentfirmaet Ideas2evidence har på oppdrag frå Kulturdepartementet kartlagt økonomien i den norske film- og TV-produksjonsbransjen. Ifølgje rapporten Åpen fremtid – en utredning om økonomien og pengestrømmene i filmbransjen (7/2014) har den norske produksjonsbransjen vel 1000 tilsette i rundt 180 selskap. I rapporten blir det vist til at omsetninga i produksjonsbransjen har auka med 55 pst. frå 2008 til 2012, og at bransjen omsette for ca. 2,3 mrd. kroner i 2012. Samanlikna med NRK-budsjettet for eksterne produksjonar same året, som låg på om lag 212 millionar, tyder det at NRK står for om lag 9 pst. av omsetninga i produksjonsmarknaden.

I rapporten blir det også vist til at sjølv om bransjen som heilskap opplever vekst, er den prega av fragmentering. Lønsemda varierer for ulike typar produksjonsselskap og dei som i hovudsak driv med TV-produksjon, er meir robuste enn selskapa som engasjerer seg i film- og dokumentarproduksjon.

Rapporten inneheld også eit estimat for fordelinga av finansieringskjeldene til produksjonsselskapa. Estimatet er sett opp på grunnlag av ei spørjeundersøking blant uavhengige produsentar. Ifølgje estimatet står kringkastarane for 66 pst. av samla inntekter i produksjonsselskapa. Av desse står NRK for 11 pst. og dei kommersielle for 55 prosent. Det er derimot relativt store variasjonar i kor stor rolle kringkastarane spelar for ulike former for produksjonsselskap,6 jf. tabell 14.3. I rapporten blir det elles vist til at TV-produsentane i spørjeundersøkinga nemner at NRK har fått ein gradvis mindre sentral posisjon som finanseiringskjelde dei siste åra.

Tabell 14.3 Prosentvis fordeling av finansiering på ulike kjelder

Spelefilm

Dokumentarfilm

TV-produksjon

Lån

3,8

0,1

0

Regionale fond

4,7

1,2

1,0

Private investorar

9,6

0,7

0,3

Minimums-garanti – distributør

14,2

0,3

7,8

Kommersielle TV-kanalar

0,9

21,3

76,3

NRK

6,6

21,5

10,1

Førehandssal av visingsrettar

2,7

3,9

0,1

Privat støtte

1,7

3,7

0,4

Støtte frå internasjonale kjelder

4,9

2,8

0,1

Anna norsk offentleg støtte

4,2

13,5

0,9

NFI

39,1

21,2

1,7

Overslaget er basert på ei spørjeundersøking blant norske produksjonsselskap. Undersøkinga vart gjord på eit tidspunkt då dei største TV-produsentane nettopp hadde meldt seg ut av Produsentforeningen, noko som kan ha påverka svarprosenten blant TV-produksjonsselskapa. Tabellen må difor lesast med atterhald om dette.

Kjelde: Ideas2Evidence Åpen fremtid – en utredning om økonomien og pengestrømmene i filmbransjen (7/2014)

Rapporten indikerer at NRK i dag har relativt avgrensa tyding for produksjonsbransjen. Det er difor sannsynleg at NRK kan auke eksterne kjøp over tid utan at dette utfordrar kapasiteten i bransjen. Departementet vil i denne samanhengen også vise til at NRK i nokon mon nyttar seg av ekstern arbeidskraft når dei produserer program internt. Denne arbeidskrafta vil truleg vere tilgjengeleg for dei uavhengige produksjonsselskapa dersom NRK set ut meir av produksjonen sin.

Departementet vil samstundes nemne NRKs behov for intern produksjonskompetanse. NRK bør halde ved lag sterke interne produksjonsmiljø som kan sikre høg fagleg kvalitet og vareta allmennkringkastingsverdiar. Som nemnt tidlegare, er det difor ikkje ønskeleg at NRK blir ein rein innkjøpsorganisasjon. Det er likevel rom for at NRK aukar mengda eksterne kjøp.

Som nemnt ovanfor, praktiserer Storbritannia ei tredelt løysing der 50 pst. av programbestillinga er reservert for intern produksjon, 25 pst. er sett av til ekstern produksjon, medan eksterne og interne produksjonsmiljø skal konkurrere om dei resterande 25 prosentane. Sidan denne løysinga vart innført i 2007, har det skjedd ei oppblomstring av den uavhengige produksjonsbransjen i Storbritannia. Fordelen med ei slik løysing er at den fremjar konkurranse mellom interne og eksterne produksjonsmiljø, noko som igjen kan stimulere kreativitet og kvalitet. På den andre sida skapar ein slik modell trong for eit omfattande administrativt apparat for å sikre rettvise konkurransevilkår. Etter departementets syn vil ei slik løysing vere for administrativt krevjande til å passe for norske tilhøve.

Departementet viser til at NRK stiller seg positiv til å setje ut meir av programproduksjonen. I 2014 brukte NRK ca. 28 pst. av det frie programbudsjettet på eksterne produksjonar. NRK har sjølv signalisert at denne delen vil auke. NRK har i eit innspel til departementet sagt at dersom departementet vil fastsetje formelle krav, kan dette gjerast ved at selskapet for åra 2016 og 2017 i gjennomsnitt skal setje ut minst 35 pst. av det frie programbudsjettet for TV (dvs. programbudsjettet for TV utanom nyheiter, sport, distriktsnyheiter, NRK Sápmi og innkjøp av utanlandske program). For åra 2018–2020 kan kravet vere at selskapet leggar ut minimum 40 pst. av desse åras budsjett til eksterne produsentar.

Som nemnd over meiner departementet at NRK bør ha ambisiøse planar om eksternutsetjing av produksjonar. Departementet føreset at NRK gradvis trapper opp kjøp frå eksterne produsentar og tek NRKs opplegg for kjøp av eksterne produksjonar i 2016 og 2017 til etterretning og føreset at dei blir gjennomførde. Frå og med 2018 meiner departementet at NRK i rullerande treårsperiodar skal leggje ut minst 40 pst. i gjennomsnitt av det frie programbudsjettet for TV til eksterne produksjonar. Departementet legg til grunn at dette vil sikre auka innkjøp av eksterne produksjonar i NRK, samstundes som NRK får ein viss tidsmessig fleksibilitet til å nå dette målet.

14.6.3 NRKs individuelle avtaler med eksterne produsentar

Fleire av høyringsinnspela frå produksjonsbransjen tek opp tema som pris, kontraktar, visingsrettar og opphavsrettslege spørsmål.

Behovet for regulering av avtaler som blir inngådde mellom NRK og produksjonsselskapa, vart diskutert i St.meld. nr. 30 (2006–2007). I meldinga blir det vist til Einarssonutvalets tilråding om å setje opp standardkontraktar mellom fjernsynskanalane og produsentane. Departementet konkluderte då med følgjande:

Departementet viser til at standardkontrakter må fastsettes i avtale mellom partene og ikke reguleres av myndighetene. Departementet ser det imidlertidig som svært ønskeleg at partene kommer til enighet om slike kontrakter.

Departementet meiner framleis at standardkontraktar bør fastsetjast i avtaler mellom partane. Det blir elles vist til at NRK i 2009 skipa ein eksternredaksjon for å profesjonalisere kontakten med den eksterne produsentbransjen. Eksternredaksjonen legg til rette for kontaktmøte og arrangement for å fremje godt samarbeid med den uavhengige produksjonsbransjen. Departementet legg til grunn at NRK held fram med å fokusere på tiltak som kan fremje godt samarbeidsklima med produksjonsbransjen.

14.6.4 Tilskot frå allmennkringkastarane til norsk filmproduksjon

I Sverige og Danmark er allmennkringkastarane plikta til å investere i nasjonal filmproduksjon gjennom fleirårige filmavtaler som med jamne mellomrom blir forhandla fram mellom staten og bransjen. I Noreg har TV 2 som nemnt vore pålagt å betale eit årleg vederlag til Filmfondet som ein del av vilkåra i avtala mellom Kulturdepartementet og TV 2. For 2015 utgjer TV 2s vederlag til Filmfondet 10,7 mill. kroner. Med unntak av TV 2-vederlaget har ikkje dei norske allmennkringkastarane formell plikt til å investere i filmproduksjon.

Fleire norske dramaseriar, bl.a. Halvbroren (NRK), Frikjent (TV 2) og Kampen om tungtvannet (NRK), har dei siste åra hatt mellom 600 000 og 1 300 000 sjåarar på nokre episodevisingar. Norske seriar ser dermed ut til å kunne utgjere eit monaleg konkurransefortrinn for dei norske kringkastarane i konkurransen om merksemda til norske sjåarar. Så sant allmennkringkastarane framleis har stor interesse av å investere i norske kvalitetsseriar og filmar, er det etter departementets vurdering ikkje behov for å leggje statlege føringar for omfanget av investeringane til allmennkringkastarane i norske audiovisuelle produksjonar. Departementet viser elles til at kulturministeren saman med næringsministeren og EØS- og EU-ministeren har teke initiativ til drøfting av nye, berekraftige forretningsmodellar for å sikre vidare produksjon av og tilgang til norsk audiovisuelt kvalitetsinnhald i ein digital marknad, jf. omtale i stortingsmeldinga om film (2014–2015). Bransjen har teke ansvar for å føre arbeidet vidare, og vil kome tilbake til departementet med resultatet av arbeidet med å finne berekraftige løysingar for filmbransjen som også handlar om bl.a. ansvaret kringkastarane har for å sikre produksjon og formidling av norsk film og serieinnhald i framtida.

Boks 14.1 Departementets konklusjonar om tilhøvet mellom eksterne produsentar og NRK

  • Departementet tek til etterretning NRKs opplegg for å auke mengda eksterne produksjonar av det frie programbudsjettet for TV til gjennomsnittleg 35 pst. i 2016 og 2017 og føreset at opplegget blir gjennomførd.

  • Frå og med 2018 skal NRK i rullerande treårsperiodar leggje ut minst 40 pst. i gjennomsnitt av det frie programbudsjettet for TV til eksterne produsentar.

Fotnotar

1.

http://www.svtb2b.se/?page_id=92

2.

Avtala vart forlenga til 31. desember 2015 den 11. september 2014.

3.

TV 4 AB skal betale høvesvis 11,2 mill. kroner årleg til stiftinga og 23 mill. kroner til samproduksjon, medfinansiering og kjøp av visingsrett. C More Entertainment AB skal betale 2,3 mill. svenske kroner årleg til stiftinga og 0,6 mill. svenske kroner til samproduksjon, medfinansiering og kjøp av visingsrett. Modern Times Group MTG AB skal betale 4,6 mill. svenske kroner årleg til stiftinga og 1,1 mill. svenske kroner til samproduksjon, medfinansiering og kjøp av visingsrett. SBS TV AB skal betale 2,3 mill. svenske kroner årleg til stiftinga og 0,6 mill. svenske kroner til samproduksjon, medfinansiering og kjøp av visingsrett.

4.

Communications Act 2003, http://www.legislation.gov.uk/ukpga/2003/21/contents.

5.

http://downloads.bbc.co.uk/aboutthebbc/policies/pdf/bpv.pdf.

6.

Ideas2Evidence skil mellom selskap som i hovudsak produserer spelefilm, dokumentar og TV-produksjon. Dei peikar sjølve på at inndelinga er basert på skjønn.

Til forsida