Meld. St. 44 (2016–2017)

Noregs deltaking i den 71. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN)

Til innhaldsliste

4 Styrking av FN, reform og aktørar

Reform av FN er eit krevjande og mødesamt arbeid, og prosessane er ofte langsame. Den største utfordringa er som oftast ikkje mangel på framlegg om korleis organisasjonen bør betrast, men heller at det er vanskeleg for dei 193 medlemslanda å bli samde om endringar, særleg der ulike geopolitiske eller økonomiske interesser står mot kvarandre. Dette er ein naturleg del av det multilaterale samarbeidet. Samstundes står FN-reform høgt på dagsordenen til mange av medlemslanda, og arbeidet har fått ein ny giv etter at Guterres vart generalsekretær ved årsskiftet. Det overordna målet til Guterres er å styrkje FN systemet si evne til å førebyggje og løyse konfliktar på tvers av dei tre pilarane til FN, og å auke fleksibiliteten og betre resultata i felt. Generalsekretæren har innført ei tydelegare strategisk leiing i sekretariatet og engasjerer seg òg direkte i konfliktløysing i enkeltland, til dømes i Sør-Sudan og Syria. Guterres har lansert reformer innanfor fred og tryggleik, utvikling og leiing og administrasjon.

Under den 71. generalforsamlinga spelte Noreg ei aktiv rolle for å effektivisere og styrkje FN. Gjennom FN70-initiativet la Noreg, saman med Colombia, Etiopia, Ghana, Indonesia, Jordan, Mexico og New Zealand, fram tilrådingar til reform. FN70-landa, med utanriksminister Brende i spissen, hadde eit møte med den påtroppande generalsekretæren Guterres i november 2016, og overleverte ei omfattande liste med tilrådingar. Prioriteringane til Guterres er samanfallande med mange av tilrådingane til FN70-landa. FN70 vil vere ei viktig plattform for vidare dialog med general-sekretæren om dei ulike reforminitiativa.

I eit felles brev til Guterres frå desember 2016 oppmoda dei nordiske utanriksministrane den nye generalsekretæren til å reformere FNs pilar for fred og tryggleik, integrere menneskerettar og likestilling i den samla verksemda til FN, styrkje samordninga innanfor systemet og leggje vekt på administrative spørsmål.

Det har vore liten framgang i spørsmålet om å reformere samansetnaden av Tryggingsrådet, og særleg om kva land som skal ha fast plass i Rådet. Dette er eit spørsmål som engasjerer mange land, men der synspunkta i høg grad er ulike. Frå norsk side legg vi til grunn at Tryggingsrådet vil tene på å få ein samansetnad som er meir i samsvar med makttilhøva i dag. Ikkje minst meiner Noreg at Afrika bør få ein sterkare representasjon.

ACT-gruppa (Accountability, Coherence and Transparency Group) har 26 medlemsland, mellom anna Noreg. Denne gruppa arbeider for ei meir open og ansvarleg haldning og større grad av innsyn i arbeidet til Tryggingsrådet. I haust såg ein fruktene av gruppa sitt arbeid for eit meir ope val av ny generalsekretær. ACT følgde denne prosessen nøye og hadde felles innlegg og spørsmål under alle møte og høyringar i 2016. Sett med norske auge er det positivt at Sverige, som er valt som medlem i Tryggingsrådet frå 2017, medverkar til ein ny og open praksis ved å sikre meir innsyn i den lukka delen av prosessane i arbeidet til Tryggingsrådet.

Innanfor FN-arbeidet for internasjonal fred og tryggleik har Noreg spelt ei viktig rolle i å støtte det uavhengige panelet som la fram rapporten sin om fredsoperasjonane til FN i juni 2015. Saman med Etiopia og Sør-Korea har Noreg leidd ei uformell venegruppe for panelet, og dette har vore eit viktig forum for å samle støtte til tilrådingane til panelet. Frå norsk side har vi òg prioritert å styrkje FN si evne til å løyse og førebyggje konfliktar. I tillegg har Noreg aktivt støtta Human Rights Up Front-initiativet.

Generalsekretæren og Kontoret for koordinering av utviklingsaktivitetane til FN rapporterer om framgang i arbeidet med reform og effektivisering av utviklingssystemet i FN. Det er framleis potensial for betringar, særleg i lys av dei forventningane som 2030-agendaen stiller til integrerte tilnærmingar. Måten FN vert finansiert på, med omfattande bruk av sterkt øyremerkt prosjektbistand, gjer det krevjande for utviklingssystemet i FN å følgje opp mange av forventningane til reform som er nedfelte i rammeresolusjonen om utviklingsaktivitetane til FN (QCPR). 57 land har no valt tilnærminga om å «levere som éin» for FN-arbeidet på landnivå.

Resolusjonen om revitalisering av Generalforsamlinga, som er ein årleg prosess, har medverka til viktige gjennombrot for reform av hovudorgana til FN. I 2015, under den 69. sesjonen, vart det vedteke ein ny prosess for val av generalsekretær. Dette gjorde at sjølve utveljingsprosessen i 2016 vart meir open og inkluderande enn nokon gong på 70 år. Medlemslanda i Generalforsamlinga vart trekte aktivt inn i prosessen med å kome med framlegg til kandidatar og delta i opne høyringar. Kvalifikasjonane til kandidatane vart sette i fokus. Dette var ei viktig reform. Noreg tok aktivt del i prosessen, både politisk og finansielt, og dessutan ved å stille til rådvelde ein norsk diplomat som leidde arbeidet ved kontoret til presidenten for Generalforsamlinga.

Noreg har vore ein trufast støttespelar for FN sidan etableringa i 1945. Noreg er tent med eit sterkt FN og ein global orden tufta på multilateralt samarbeid og folkeretten. For å få gjennomslag for norske framlegg og posisjonar i FN er Noreg avhengig av samarbeid med andre land. Dei nordiske landa deler grunnleggjande verdiar og interesser. Det nordiske FN-samarbeidet er difor viktig. At samarbeidsklimaet i FN i stor grad er prega av motsetnader mellom store og sterke geografiske blokkar, inneber at Noreg òg må søkje alliansar med viktige land i sør og på tvers av dei regionale grupperingane. FN70-prosjektet, som samla land på tvers av geografiske grupperingar, medverka til å setje FN-reform høgare på dagsordenen. Noreg vil halde fram med å arbeide for at FN skal bli ein meir effektiv og moderne organisasjon som er endå betre rusta til å møte dei mange utfordringane verda står overfor.