Ot.prp. nr. 30 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 7. juni 1996 nr. 31 om Den norske kirke

Til innhaldsliste

2 Representasjon frå døve i Oslo bispedømeråd

2.1 Bakgrunnen for forslaget

I 2003 gjekk Kyrkjemøtet (sak 13/03) inn for at døvekyrkjelydane burde få ein representant i Oslo bispedømeråd. Etter § 4 i forskrift 17. april 1998 om ordninga for døvekyrkjelydar og døveprestteneste, fastsett med heimel i kyrkjelova § 2 tredje ledd og Grunnlova § 16, ligg det til Oslo bispedømeråd mellom anna å tilsetje prestar som gjer teneste i døvedistrikta.

2.2 Gjeldande rett

Kyrkjelova § 23 første ledd fastset at bispedømerådet har desse medlemene: biskopen, ein prest vald av prestane i bispedømet, ein lek kyrkjeleg tilsett vald av dei leke kyrkjeleg tilsette i bispedømet og fire andre leke som er valde av soknerådsmedlemene i bispedømet. I tillegg er det ein nordsamisk representant i Nord-Hålogaland bispedømeråd, ein lulesamisk representant i Sør-Hålogaland bispedømeråd og ein sørsamisk representant i Nidaros bispedømeråd.

2.3 Departementet si vurdering

Etter gjeldande ordning har Oslo bispedømeråd mynde til å gjere vedtak som gjeld døvekyrkjelydane i alle dei fire døvedistrikta. Desse kyrkjelydane står òg under tilsyn av Oslo biskop. Departementet finn det derfor naturleg at døvekyrkjelydane får ein representant i Oslo bispedømeråd, og foreslår lovendring i samsvar med dette. Når det gjeld nærare reglar om valet, kven som kan røyste og kven som kan veljast, foreslår departementet å gi Kyrkjemøtet mynde til å fastsetje dette.