Ot.prp. nr. 30 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 7. juni 1996 nr. 31 om Den norske kirke

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaget om å gi ein representant for døvekyrkjelydane plass i Oslo bispedømeråd vil føre til auka møteutgifter for bispedømerådet og Kyrkjemøtet, men korkje dette eller andre delar av lovforslaget vil ha vesentlege økonomiske konsekvensar for staten.

For Kyrkjerådet vil lovforslaget om forsøksverksemd kunne medføre ein del ekstra administrativt arbeid, men dette er likevel så avgrensa at Kyrkjerådet må kunne handtere det innanfor ramma av ordinær tildeling av budsjettmidlar.

Departementet legg elles til grunn at dersom ein ønskjer å setje i verk forsøk som har økonomiske konsekvensar for kommunar, må dei finansielle sidene ved forsøket vere avklarte før forsøket blir sett i verk.

Etter kyrkjelova § 15 første ledd bokstav e har kommunen plikt til å dekkje utgifter til lokale for konfirmasjonsopplæring. Dersom det enkelte stader må skaffast alternativt lokale til skolen, vil det etter tilhøva kunne føre til auka utgifter, men ikkje i særleg omfang.