Ot.prp. nr. 30 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 7. juni 1996 nr. 31 om Den norske kirke

Til innhaldsliste

7 Merknader til dei enkelte føresegnene

Til § 23 første ledd og andre ledd

Endringa gir døvekyrkjelydane i Den norske kyrkja rett til å velje ein representant til Oslo bispedømeråd. Representanten må vere lek og ikkje tilsett i kyrkjeleg stilling, og vil i samsvar med kyrkjelova § 23 første ledd òg bli medlem av Kyrkjemøtet. Endringa i § 23 andre ledd inneber at Kyrkjemøtet kan fastsetje nærare reglar om korleis valet skal gå føre seg, om kven som kan stemme, og om kven som kan veljast.

Til § 24 nytt sjette og sjuande ledd

Sjette ledd gir Kyrkjemøtet mynde til å godkjenne forsøk med valkyrkjelydar som sjølv finansierer verksemda. Ein valkyrkjelyd går på tvers av den geografiske soknestrukturen. Ingen kan bli medlem av ein valkyrkjelyd utan sjølv å vilje det. Det blir opp til Kyrkjemøtet å fastsetje nærare vilkår for forsøka, mellom anna om kva organ valkyrkjelyden skal ha, om valkyrkjelyden skal vere representert i kyrkjeleg fellesråd, og om kva tilhøve det skal vere mellom valkyrkjelyden og bispedømerådet.

Sjuande leddgir Kyrkjemøtet mynde til å godkjenne forsøk som inneber avvik frå §§ 4, 6, 12 og 23 i kyrkjelova.

Som ledd i forsøksverksemd vil det etter forslaget utan hinder av kyrkjelova § 4 første ledd kunne givast kyrkjeleg stemmerett til 17-, 16- eller 15-åringar. Slike forsøk kan ikkje omfatte endringar i aldersgrensa for å kunne veljast. Det vil med andre ord framleis vere slik at ingen kan veljast som medlem av lovfesta kyrkjeleg organ (sokneråd, kyrkjeleg fellesråd, bispedømeråd, Kyrkjemøtet og Kyrkjerådet) før det året ein fyller 18 år. Unge under 18 år kan likevel veljast eller oppnemnast som medlem av andre råd, utval og komitear.

Medan det etter kyrkjelova § 12 første ledd bokstav a er sokneråda som vel medlemer til kyrkjeleg fellesråd, vil forsøk med direkte val til kyrkjeleg fellesråd innebere at alle i vedkomande kommune som har kyrkjeleg stemmerett, kan ta del i valet. Direkte val til kyrkjeleg fellesråd kan òg innebere at personar vil kunne veljast til fellesrådet utan også å vere medlem av eit sokneråd. Tilsvarande vil også direkte val til bispedømeråd innebere at andre enn soknerådsmedlemer kan veljast. Sjølv om forslaget gir opning for at direkte val kan skje i møte, legg departementet til grunn at urneval vil vere mest i pakt med demokratiske omsyn.

Til § 36

Paragrafengjeld bruk av skolen si tid til konfirmasjonsopplæring. Føresetnaden for at kommunen kan gi samtykke, er at det ligg føre særlege grunnar. Tilrettelagd konfirmasjonsopplæring for utviklingshemma og for elevar ved døveskolar og andre spesialskolar vil kunne vere døme på slike særlege grunnar. Andre døme kan vere spreidd busetnad, lange avstandar, behov for skoleskyss og lokale eller geografiske tilhøve elles. Hovudregelen er at konfirmasjonsopplæringa skal gå føre seg utanfor skolen si tid.

Av og til blir det brukt heile eller halve skoledagar til konfirmasjonsopplæring eit fastsett tal gonger i året. I somme kommunar blir det òg nytta to timar annakvar veke gjennom heile skoleåret. For å kunne godta dette heiter det i lovforslaget at det kan nyttast eit timetal tilsvarande to timar i veka dersom opplæringa varer eit halvt skoleår, og éin time i veka dersom opplæringa varer lenger enn eit halvt skoleår.