Ot.prp. nr. 68 (2003-2004)

Om lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

3 Likning av ektefellar, foreldre og barn

3.1 Innleiing

Enkelte reglar i skattelova om likning av ektefellar, foreldre og barn gjer det unødvendig komplisert og ressurskrevjande å gjennomføre maskinell likning. I den førehandsutfylte sjølvmeldinga må likningsmyndigheitene leggje fram forslag til likning og fordeling mellom skattytarar som samskattleggjast. Forslaga må ofte endrast ved den endelege likninga når samskattleggjing er aktuelt. Det er ønskeleg at eit mest mogeleg riktig resultat blir lagt fram ved førehandsutfyllinga av sjølvmeldinga.

Eit hovudproblem i denne samanhengen er reglar som byggjer på at formuen og inntekta til barn skal takast med hos ein bestemt av ektefellane/foreldra. Fordelinga skjer på grunnlag av kven av ektefellane som har høgast personinntekt eller høgast alminnelig inntekt. Også foreldrefrådraget skal først takast med hos den av foreldra som har størst inntekt. Det faktum som ligg til grunn for å kunne finne kven av foreldra som har høgast inntekt, vil ofte vere uklart før likninga er ferdig handsama. Det verker også kompliserande at formuen og inntekta til særkullsbarn skal delast etter særlege reglar, i og med at likningsmyndigheitene ofte ikkje har tilstrekkjeleg kunnskap om kven av barna som er særkullsbarn.

Departementet gjer framlegg om endringar i skattelova for å gjere likninga av samskattlagde skattytarar meir rasjonell.

Regelendringane vil ikkje eller i minimal grad påverke den samla skattebyrden for skattytarane. Endringane vil ha liten eller ingen provenymessig konsekvens.

3.2 Oversikt over endringsforslaga

Det vert foreslått endringar i følgjande paragrafar i skattelova:

  1. Det blir lagt fram forslag om visse redaksjonelle endringar i skattelova § 2-11 første og andre ledd om særskilt likning av ektefellar.

  2. Departementet foreslår å oppheve skattelova § 2-11 fjerde ledd. Etter denne regelen skal formuen liknast hos den av ektefellane som har høgast alminneleg inntekt, når ektefellen liknast særskilt. Ei oppheving av denne regelen vil ikkje innebere nokon materiell regelendring, i og med at ektefellar sin formue alltid blir likna under eitt. Dette følgjer av hovudregelen i § 2-10. Den felles utrekna formueskatten blir framleis delt etter storleiken på formuen i kvar ektefelle si sjølvmelding. Særskilt likning etter § 2-11 gjeld berre ektefellane sine inntekter. Dette kjem klart til uttrykk i paragrafen når fjerde ledd om plassering av den felles likna formuen vert teken ut.

  3. Det blir lagt fram forslag om ei mindre endring i skattelova § 2-13 første ledd for å gjere det klart at regelen inneber ei obligatorisk fordeling av skatt mellom ektefellar.

  4. Skattelova § 2-13 andre, fjerde, femte og sjette ledd vert foreslått oppheva. Desse ledda regulerer nærare når skatten skal fordelast mellom ektefellane etter § 2-13 første ledd. Grunngjevinga for forslaget er at ledda ikkje er nødvendig fordi ektefellar no leverer kvar si sjølvmelding og fordeling etter § 2-13 første ledd derfor er blitt obligatorisk.

  5. Departementet foreslår å oppheve skattelova § 2-13 tredje ledd om barn si inntekt og formue ved deling av skatt mellom ektefellar. Ei oppheving av regelen vil innebere at den fordelinga av formuen og inntekta til barn som er lagt til grunn ved likninga, også vil vere avgjerande for kven av ektefellane som er ansvarleg for skatten.

  6. Departementet foreslår å oppheve regelen i skattelova § 2-14 andre ledd om overføring av formue eller rett til inntekt frå foreldre til ugift barn under 20 år.

  7. Departementet foreslår å endre skattelova § 2-14 tredje ledd om likning av barn sin formue og inntekt. Etter gjeldande rett skal barn sin formue og inntekt som hovudregel bli likna hos den av foreldra som har høgast inntekt. Framlegget går ut på at fordelinga som hovudregel vert gjort med ein halvpart hos kvar av foreldra, men at foreldra kan velje ei anna løysing.

  8. Skattelova § 6-48 om foreldrefrådrag vert foreslått endra. Etter § 6-48 skal frådrag som hovudregel først bli gitt i den av foreldra si inntekt som er høgast. Det vert foreslått å endre regelen slik at frådrag som hovudregel skal bli gitt med ein halvpart i kvar av foreldra si inntekt. Foreldra skal framleis kunne krevje ei anna fordeling.

3.3 Høyringsutkast av 18. mars 2004

18. mars 2004 sendte departementet eit høyringsnotat på høyring. Høyringsfristen vart sett til 22. april 2004. Forslaga i høyringsutkastet er i hovudsak i samsvar med forslaga i denne proposisjonen, sjå oversikt i avsnitt 1.2 og nærare drøfting i avsnitt 1.5.

3.4 Merknader frå høyringsinstansane

Norges kvinne- og familieforbund sluttar seg til forslaga til endring.

Skattebetalerforeningenuttalar at dei er positive til dei foreslåtte endringane og meiner at skattytarane vil sjå dette som eit meir logisk system. Foreininga uttalar og:

«Særkullsbarn inntekt/formue bør etter vår oppfatning tilordnes biologisk foreldre. Dette bør være mulig ut fra opplysninger om foreldre i folkeregisteret.

Skattebetalerforeningen vil påpeke at mange av problemene som høringsnotatet nevner vil kunne avhjelpes hvis også næringsdrivende hadde fått tilsendt delvis utfylt selvangivelse på samme måte som lønnstakere og pensjonister. Etter det vi kjenner til arbeides det med muligheten for en slik løsning. Den delvis utfylte selvangivelsen kan lett suppleres med opplysninger om næringsinntekt mv.»

Skattedirektoratet uttalar at:

«de foreslåtte endringer innebærer en forenkling av rutinene ved den maskinelle ligning av ektefeller og foreldre og barn. De foreslåtte endringene vil også gjøre regelverket enklere og lettere tilgjengelig for alle brukere.»

Skatteetatens Landsforening(SkL)uttalar at:

«SkL ser positivt på tiltak som kan medvirke til at de tall som presenteres for skattyter i den forhåndsutfylte selvangivelsen er mest mulig korrekte. De endringer det legges opp til her gjør reglene mer forståelige og lettere å praktisere både for skattyterne og for ligningsmyndighetene, ikke minst i forhold til maskinell ligning.

(...) SkL er svært positive til den foreslåtte forenkling av regelverket.»

Elles har ikkje høyringsinstansane hatt merknadar til forslaga i høyringsnotatet.

3.5 Departementet sine vurderingar og forslag

3.5.1 Særskilt likning av inntekta til ektefellar - formue

Skattelova § 2-11 regulerer særskilt likning av ektefellar. Etter fjerde ledd skal den samla formuen til ektefellar ved særskilt likning liknast hos den ektefellen som har høgast alminnelig inntekt. Regelen har ingen praktisk verknad då ektefellane alltid blir likna under eitt for deira samla formue, jf. skattelova § 2-10.

Departementet foreslår derfor at § 2-11 fjerde ledd blir oppheva. Opphevinga inneber ei lovteknisk forenkling og gir eit meir oversiktleg regelverk ved at det no vil framgå meir direkte av regelverket at ektefellane sin formue alltid skal bli likna under eitt, med fordeling av skatt på formuen etter skattelova § 2-13. Det vil seie at skatten vert fordelt etter den nettoformuen kvar av ektefellane har gitt opplysning om i si sjølvmelding.

Ein viser til forslag om oppheving av skattelova § 2-11 fjerde ledd.

3.5.2 Overføring av formue eller rett til inntekt til ugift barn under 20 år

Skattelova § 2-14 andre ledd har følgjande ordlyd:

«Har noen av foreldrene overført til barnet formue eller rett til å oppebære inntekt, skal overført formue med avkastning og overført inntekt lignes under ett med foreldrenes formue og inntekt når barnet er ugift og ikke er fylt 20 år ved utløpet av inntektsåret».

Formålet med regelen er å hindre skattemotivert spreiing av formue og inntekt i familien.

Som oftast må skattytar sjølv gi opplysningar om ei slik overføring i sjølvmeldinga, dersom opplysningane skal leggjast til grunn ved likninga. Derfor er det ikkje mogeleg å handheve regelen på ein einsarta måte for alle skattytarar. Regelen gjeld i tillegg berre fram til barnet fyller 20 år eller giftar seg. Det er vidare berre når overføringa skjer frå foreldra at regelen blir nytta. Overføringar frå andre, som besteforeldre blir ikkje råka. Problemstillinga med skattereduksjon gjennom spreiing av inntekta er mindre aktuell i og med at inntekter frå kapital no vert skattlagde med flat sats.

Departementet foreslår at regelen blir oppheva.

Fram til slutten av det året barnet fyller 16 år, vil barnet framleis liknast under eitt med foreldra, jf. skattelova § 2-14 første ledd. Ved ei oppheving av regelen i § 2-14 andre ledd, vil det vere mogeleg for foreldra å overføre formue eller rett til inntekt til barna sine med skattemessig verknad, frå det året barnet fyller 17 år.

Endringane vil ha liten eller ingen provenymessig konsekvens.

3.5.3 Likning av barn si inntekt og formue

a. Felles barn sin formue og inntekt

Etter dei reglane ein har i dag, inneber likninga av foreldre og barn tidkrevjande utrekningar. Fordelinga av barn sin formue og inntekt skjer på ulike grunnlag. Når barn blir likna under eitt med foreldra, og foreldra liknast særskilt, skal formuen til barnet takast med hos den av foreldra som har høgast alminneleg inntekt, jf. skattelova § 2-14 tredje ledd a. Inntekta til barna skal takast med hos den av foreldra som har høgast personinntekt, jf. skattelova § 2-14 tredje ledd b. Regelen inneber at ein ved likninga først må rekne ut kven av foreldra som skal liknast for formuen og inntekta til barnet. Etter at desse utrekningane er gjort, må total skattepliktig formue og inntekt for ektefellane reknast ut på ny.

For foreldre som må levere ulike typar sjølvmelding med ulik frist, er regelverket særleg tungvint. Inntekta til barnet blir vanlegvis teken med i den førehandsutfylte sjølvmeldinga, for å vere sikker på at den vert rekna med. Dersom den eine av foreldra skal levere sjølvmelding for næringsdrivande med frist i mars månad, og den andre skal levere vanleg sjølvmelding i april, må foreldra allereie i mars finne ut kven som skal ta barnet si inntekt med i sjølvmeldinga. Om den næringsdrivande har høgast personinntekt, må den andre av foreldra endre dei opplysningane som er ført opp i den førehandsutfylte sjølvmeldinga som kjem i april.

Departementet meiner at det vil bli klart enklare for skattytar og for likningsmyndigheitene, om barn sin formue og inntekt blir fordelt med ein halvpart hos kvar av foreldra. Ei slik endring vil ta bort behovet for dei førebels utrekningane som er nemnde ovanfor. Ei slik endring vil også gi betre samsvar mellom forskuddsutskrivinga og den endelege likninga. Provenytapet vil vere lite monaleg.

Som ei følgje av dette, gjer departementet framlegg om å endre skattelova § 2-14 første ledd, slik at barn sin formue og inntekt blir delt mellom ektefellane med ein halvpart hos kvar. Foreldra skal kunne krevje ei anna fordeling, jf. forslaget til § 2-14 første ledd andre punktum.

Om foreldra ikkje lenger bur saman, følgjer det av likningspraksis at barnet skal bli likna saman med den av foreldra som har omsorga for barnet. Då likningsmyndigheitene ofte manglar kunnskap om kven som har omsorga for barnet, foreslår departementet at barnet som utgangspunkt skal bli likna saman med den av foreldra som barnet er registrert saman med i folkeregisteret pr. 31. desember i inntektsåret. Som oftast vil dette vere den av foreldra som har omsorga for barnet. Viss foreldra ikkje er einige om kvar barnet skal vere folkeregistrert, vil folkeregisteret leggje til grunn døgnkvileregelen, eller den stad der barnet har størst tilknytting.

Etter lovforslaget vil den av foreldra som har barnet folkeregistrert hos seg ved utgangen av året, kunne krevje at barnet si inntekt/formue blir likna saman med den andre av foreldra dersom denne forelderen får status som einsleg forsørgjar det året. Dette forslaget samsvarer med tidlegare likningspraksis. Ein viser til utkast til § 2-14 andre ledd.

b. Inntekta og formuen til særkullsbarn

Etter skattelova § 2-14 tredje ledd bokstav c skal formuen og inntekta til særkullsbarn bli likna hos den av foreldra som er mor eller far til barnet, når den andre ektefellen ikkje har adoptert barnet. Ofte har ein ved likninga ikkje tilstrekkjelege opplysningar til å vite om barnet er særkullsbarn. For å registrere det, må det vere innmelde bidrag eller barnepensjon på barnet, der fødselsnummeret til forsørgjar kjem fram. Eit alternativ kan vere at foreldra sjølv har meldt frå om at eit barn er særkullsbarn. I oktober 2003 blei det innført skattefritak for barnebidrag, noko som innebar at det ikkje lenger skal meldast frå om barnebidrag. Melding om bidrag fell dermed bort som kjelde til kunnskap om eit barn er særkullsbarn eller ikkje. Når likningsmyndigheitene manglar kunnskap om at det er særkullsbarn, blir formue og inntekt fordelt som for andre barn, jf. ovanfor. Dersom opplysningane som er utfylt på førehand i sjølvmeldinga skal gi ei riktig fordeling av formuen og inntekta til barnet, vil det vere naudsynt at også særkullsbarn sin formue og inntekt blir fordelt mellom den av foreldra som har omsorga for barnet og denne forelderen sin ektefelle.

Departementet gjer framlegg om endring av skattelova § 2-14 tredje ledd, slik at også særkullsbarn sin formue og inntekt som hovudregel skal bli likna med ein halvpart hos kvar av ektefellane, på same måte som felles barn. Ein viser til utkast til § 2-14 tredje ledd første punktum.

Etter forslaget skal den av ektefellane som ikkje er mor eller far til barnet kunne krevje at formuen og inntekta blir teken med hos den andre ektefellen. Ein viser til utkast til § 2-14 tredje ledd første punktum. Den løysinga regelverket gir i dag vil dermed bli resultatet, om den andre ektefellen ønskjer ei slik løysing.

For den av foreldra som barnet ikkje bur saman med, vil endringane ikkje ha noko å seie, fordi ho eller han ikkje vert skattlagd for barnet sin formue eller inntekt.

c. Særleg om sambuarar

For foreldre som er sambuarar, gjeld reglane i skattelova § 2-14 om fordeling av barn sin inntekt og formue mellom foreldre berre når foreldra er meldepliktige, jf. § 2-16. For andre sambuarar følgjer fordelinga av praksis ved likninga, jf. Lignings-ABC 2003 side 896:

«Særkullsbarns formue og inntekt som etter reglene i sktl. § 2-14 (1) og (2) skal lignes hos foreldrene, lignes hos den av samboerne som er barnets far eller mor.

Formue og inntekt som tilhører felles barn, skattlegges med en halvpart hos hver av foreldrene, med mindre samboerne har krevet en annen fordeling. Skyldes formuen eller inntekten overføring fra en av samboerne, skattlegges den hos denne.»

Dei endringane som departementet foreslår i skattelova § 2-14, gjer at sambeskatninga av foreldre og barn blir meir lik for gifte og for sambuarar, når barna er felles. Å la § 2-14 gjelde direkte for sambuarar er ikkje mogeleg, mellom anna fordi det ofte ikkje er registrert i det maskinelle systemet ved likninga kven som er sambuarar. Med omsyn til særkullsbarn kan det og vere omsyn som tilseier andre løysingar når mor eller far er sambuar og ikkje gift. Departementet vil vurdere denne problemstillinga nærare.

3.6 Deling av skatt mellom ektefellar

I samband med at førehandsutfylt sjølvmelding blei innført som ei permanent ordning ved lov 15. desember 2000, vart ektefellar sin tilgang til å levere felles sjølvmelding oppheva, jf. opphevinga av likningslova § 4-2 nr. 2. Når ektefellar leverer kvar si sjølvmelding, inneber det og eit krav om fordeling av skatt etter skattelova § 2-13. Fordeling av skatt mellom ektefellar etter § 2-13 er derfor blitt obligatorisk. Første ledd i § 2-13 må derfor endrast slik at formuleringa «kan kreve» fordeling utgår. Ein viser til utkast til endring i § 2-13 første ledd.

I skattelova § 2-13 første ledd er det vist til skattelova § 2-11 fjerde ledd. Denne tilvisinga må fjernast, fordi § 2-11 fjerde ledd er foreslått oppheva, jf. avsnitt 1.5.1.

Departementet foreslår å oppheve reglane i skattelova § 2-13 andre, femte og sjette ledd. Reglane gir nærare vilkår for fordeling av skatt etter første ledd. Ettersom fordelinga av skatt etter første ledd no er obligatorisk, har desse reglane ikkje lenger nokon funksjon.

Departementet foreslår å oppheve skattelova § 2-13 tredje ledd som gjeld foreldre sitt ansvar for skatt av formuen og inntekta til barn. Konsekvensane av opphevinga vil bli at den fordelinga av barn sin formue og inntekt som er lagt til grunn ved likninga, også vil avgjere kven av ektefellane som får ansvar for skatten.

Regelen i § 2-13 tredje ledd bokstav a regulerer fordelinga av skatt når formue og/eller inntekt er overført frå foreldre til barn etter § 2-14 andre ledd. Skattelova § 2-14 andre ledd er foreslått oppheva, jf. avsnitt 1.5.2. Skattelova § 2-13 tredje ledd bokstav a vil derfor vere overflødig.

Regelen i § 2-13 tredje ledd bokstav b regulerer fordelinga av skatt på formuen og inntekta til særkullsbarn. I tråd med departementet sitt forslag om å likne formuen og inntekta til barnet med ein halvpart på kvar av ektefellane, jf. punkt 1.5.3, foreslår departementet å oppheve skattelova § 2-13 tredje ledd bokstav b. Som nemnt ovanfor vil det framleis vere mogeleg å velje ei anna løysing.

Etter skattelova § 2-13 tredje ledd bokstav c, skal formuen og inntekta til barnet i andre samanhenger bli fordelt med ein halvpart på kvar ektefelle. Eit slikt resultat vil no følgje av dei endringane departementet foreslår i andre reglar, og tredje ledd bokstav c kan derfor opphevast.

Etter § 2-13 fjerde ledd kan ektefellane avtale ei anna fordeling enn det som følgjer av tredje ledd. Fordi det blir lagt opp til ei obligatorisk deling av skatten, foreslår departementet at fjerde ledd blir oppheva.

3.7 Presisering i skattelova § 2-16

I skattelova § 2-16 vert det vist til folketrygdlova § 25-4. Dette foreslår ein presisert til å gjelde folketrygdlova § 25-4 første ledd første punktum. Presiseringa har ingen materiell verknad, men bør gjerast for å unngå tvil ved tolkinga.

Som ei lovteknisk oppretting foreslår departementet og at overskriften i § 2-16 blir endra frå «Meldepliktige eller registrerte samboere» til «Meldepliktige samboere» Ei slik endring vil gjere overskrifta meir i samsvar med ordvalet i folketrygdlova.

3.8 Fordeling av foreldrefrådrag

Etter skattelova § 6-48 første ledd kan ein få foreldrefrådrag for legitimerte kostnader til pass og stell av heimeverande barn som er under 12 år i inntektsåret. Stortinget set eit tak for foreldrefrådraget kvart år. Taket er det same for ektefellar og for sambuarar, med felles barn. Frådraget blir først gitt i den høgaste inntekta, om ikkje ektefellane eller sambuarane er einige om ei anna fordeling.

Departementet gjer framlegg om at foreldrefrådraget blir delt med ein halvpart hos kvar av ektefellane/sambuarane, med mindre dei ønskjer ei anna fordeling. Forslaget gjere det enklare å handtere frådraget, fordi det ikkje lenger vert kravd at ektefellane/sambuarane si alminnelige inntekt er kjent før frådraget blir fordelt mellom dei.

Departementet viser til forslaget til endring av skattelova § 6-48 første ledd fjerde punktum.

Forslaget vil ikkje få verknad for den mor eller far som barnet ikkje bur saman med, då foreldrefrådrag berre blir gitt den av foreldra som barnet bur hos størstedelen av året.

Dersom barnet etter avtale skal bu, eller faktisk bur like mye hos kvar av foreldra, får foreldra foreldrefrådrag annakvart år, om det ikkje er forhold som tilseier at ein av dei har hovudomsorga. Denne regelen vil stå uendra med lovforslaga.

3.9 Ikrafttreding

Departementet foreslår at reglane blir iverksette straks med verknad for inntektsåret 2004.

Til forsida