Ot.prp. nr. 68 (2003-2004)

Om lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

4 Skattefritak for utbetalingar frå kompensasjons- og oppreisingsordning for pionerdykkarar

Stortinget behandla den 9. mars 2004 St.meld. nr. 47 (2002-2003), jf. Innst. S. nr. 137 (2003-2004). I anmodningsvedtak VI ber Stortinget Regjeringa etablere ei kompensasjonsordning for pionerdykkarane i samsvar med fleirtalet sine merknader. Stortinget legg til grunn at utbetalingane frå kompensasjonsordninga kan gjerast både som eingongsutbetalingar eller over fleire år. Stortinget legg også til grunn at utbetalingane ikkje skal vere skattepliktige.

Vidare ber Stortinget i anmodningsvedtak VIII Regjeringa om å leggje fram eit forslag til overslagsbevilgning til utbetaling av oppreising til pionerdykkarane i Nordsjøen. Eit slikt forslag er ikkje omtalt i stortingsmeldinga, og heller ikkje i teksten om utforminga av kompensasjonsordninga i innstillinga. Derfor er det ikkje uttrykkelig uttalt at desse utbetalingane skal vere fritekne frå skatteplikt. Vilkåra for å få oppreising skal likevel følgje dei vilkåra som er sette for utbetalingar frå kompensasjonsordninga. Regjeringa ser det derfor slik at det er underforstått frå komiteen si side at også oppreising skal vere skattefri.

Då det kan vere tvil om det etter gjeldande rett er grunnlag for å behandle heile utbetalingane som skattefri inntekt, legg Regjeringa fram forslag om at ein tek inn eit særskilt unntak frå skatteplikt i skattelova for utbetalingar frå denne statlege kompensasjons- og oppreisingsordninga for pionerdykkarar.

Kompensasjons- og oppreisingsordninga skal bli administrert av ei nemnd som skal opprettast innan 1. juli 2004. Ein tek sikte på at kompensasjon og oppreising kan bli utbetalt så raskt som mogleg etter opprettinga av nemda. Regjeringa føreslår derfor at endringa tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2004.

Ein viser til forslag til endring i skattelova § 5-15 første ledd. Ein gjer framlegg om at endringa trer i kraft straks med verknad frå og med inntektsåret 2004.

Til forsida