Ot.prp. nr. 68 (2003-2004)

Om lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

5 Endringar i meirverdiavgiftslovgjevinga

5.1 Frådrag for inngåande meirverdiavgift på kjøp og drift o.a. av varebil klasse 1

Det gjeld i dag ein avgrensa rett til å trekkje frå inngåande meirverdiavgift på kjøp og drift o.a. av kjøretøy som etter meirverdiavgiftslova blir definert som personkjøretøy, jf. meirverdiavgiftslova § 22 første ledd nr. 3, jf. § 14 tredje ledd. Bakgrunnen for dette er mellom anna faren for urettmessig frådrag på grunn av privat bruk som det er vanskeleg å kontrollere.

Såleis er det berre rett til å trekkje i frå inngåande meirverdiavgift ved kjøp og drift av slike kjøretøy til bruk som salsvare, som utleigekjøretøy i verksemd med utleige av slike kjøretøy eller som middel til å transportere personar mot vederlag i persontransportverksemd (til dømes kjøp av ei drosje). Innkjøp av personkjøretøy til anna verksemd gir med andre ord ikkje rett til frådrag for inngåande meirverdiavgift på kjøretøyet, sjølv om verksemda elles har frådragsrett for inngåande meirverdiavgift.

Varebilar blir etter dagens meirverdiavgiftsreglar ikkje definert som personkjøretøy. For varebilar gjeld dermed ikkje dei same stengslene i retten til å trekkje i frå inngåande meirverdiavgift. Ein avgiftspliktig kan såleis kjøpe ein varebil og trekkje i frå inngåande meirverdiavgift dersom kjøretøyet skal nyttas i den avgiftspliktige verksemda. Desse reglane blir i dag utnytta ved at stadig fleire avgiftspliktige næringsdrivande kjøper ein varebil (klasse 1) og trekkjer i frå meirverdiavgifta. Deretter vert kjøretøyet gjort om/omklassifisert til personbil etter kort tid utan at dette får nokon verknad for meirverdiavgifta som er trekt i frå. I mange tilfeller ventar ein heller ikkje med å omklassifisere kjøretøyet før det blir brukt som ein personbil, blant anna ved at baksetet i bilen vert slått opp.

Varebilar klasse 1 betaler same eingongsavgift (særavgift som skal betalast ved registrering første gong i det sentrale motorvognregisteret) som personbilar.

Ein varebil klasse 1 er kort fortalt ei stasjonsvogn der baksetet ikkje må kunne nyttast (ikkje noko krav om å fjerne dei) og der det er ein 40 cm høg vegg/gitter bak førarsetet. I ein varebil klasse 2 må derimot seta vere fjerna og det må vere ein heil vegg frå golv til tak bak førarsetet. Og ikkje minst gjeld det for slike kjøretøy strenge krav til storleiken på lasterommet, som må kunne romme ei kasse i dimensjon 140x90x105 cm (i lengde, bredde, høgde). Varebilar klasse 1 har dessutan kvite og ikkje grøne skilt slik som varebilar klasse 2.

Sett i samanheng med dei strenge reglane som gjeld frådragsrett for personbilar, er det uheldig at personbilar i realiteten kan kjøpast utan meirverdiavgift. Personbilar som er skaffa og reinsa for meirverdiavgift på ein slik måte, vil dessutan ha store fordelar i marknaden for brukte bilar.

Når det gjeld varebilar klasse 2, utgjer ikkje omklassifisering frå varebil til personbil det same problemet. Dette skyldast mellom anna at varebilar klasse 2, i motsetning til varebil klasse 1, ikkje betaler full eingongsavgift. Dersom ein varebil klasse 2 skal omgjerast til ein personbil, må difor differansen i eingongsavgift mellom varebil klasse 2 og personbil betalast. Når det gjeld varebil klasse 1, er desse likestilte med personbilar etter reglane om eingongsavgift og ein betaler såleis full eingongsavgift slik som for personbilar.

Departementet ønskjer på denne bakgrunn å endre reglane slik at varebilar klasse 1 frå 1. juli 2004 blir behandla som personkjøretøy også i høve til reglane om meirverdiavgift.

Departementet er i lova gitt fullmakt til mellom anna å gi forskrift om kva som meinast med personkjøretøy, jf. meirverdiavgiftslova § 14 fjerde ledd. Dette er gjort i forskrift nr. 49 til meirverdiavgiftslova, som vil bli endra som følgje av dette forslaget. Departementet ønskjer i tillegg at endringa kjem til uttrykk i lova. Ein presiserer at det ikkje blir gjort framlegg om endring av reglane for varebil klasse 2.

Departementet legg til grunn at endringa vil gi ein provenygevinst på om lag 50 mill. kroner påløpt, og om lag 35 mill. kroner bokført for 2004.

Ein viser til framlegg til endring av meirverdiavgiftslova § 14 tredje ledd tredje punktum. Departementet foreslår at endringa trer i kraft 1. juli 2004.

5.2 Kjøp av tenester frå Svalbard og Jan Mayen

Etter meirverdiavgiftslova § 62 skal det betalast meirverdiavgift ved innførsel av varer frå utlandet, Svalbard og Jan Mayen. For tenester gjeld slik avgiftsplikt berre ved innførsel frå utlandet, jf. meirverdiavgiftslova § 65 a. At Svalbard og Jan Mayen ikkje er omtalt i samband med tenester, må sjåast som ein inkurie som i det seinaste har ført til at enkelte tenesteleverandørar (særleg teleselskap) ønskjer å etablere seg på Svalbard, slik at dei kan yte tenester til kundar på fastlandet utan at det skal betalast meirverdiavgift.

Dette er uheldig og vil virke konkurransevridane i forhold til tenesteleverandørar som er etablert på fastlandet og som må betale meirverdiavgift av si omsetning til dei same kundane. Dersom ein ikkje likestiller kjøp av tenester frå utlandet og Svalbard/Jan Mayen, er det forventa eit press mot at fleire verksemder ønskjer å flytte personell og andre ressursar (til dømes teknisk utstyr) til Svalbard, slik at dei kan omsette tenester utan meirverdiavgift til kundar på fastlandet.

Departementet ønskjer ikkje at Svalbard blir nytta til å levere tenester avgiftsfritt til kundar på fastlandet på ein slik måte, og vil derfor foreslå at § 65 a straks vil bli utvida slik at også kjøp av tenester frå Svalbard og Jan Mayen blir omfatta av lova. Departementet vil presisere at endringa ikkje vil gjelde tenester som blir omsett på Svalbard, da forbruk av varer og tenester på Svalbard framleis skal skje utan meirverdiavgift.

Kjøp av tenester frå Svalbard og Jan Mayen har ikkje vore særleg utbreitt fram til no, og forslaget vil derfor ikkje ha særlege provenyverknader.

Ein viser til framlegg til endring av meirverdiavgiftslova § 65 a første punktum.

Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks.

5.3 Presisering av retten til frådrag for inngåande meirverdiavgift ved kjøp av personkjøretøy

I samband med innføringa av meirverdiavgift på persontransport frå 1. mars 2004 vart frådragsreglane for personkjøretøy utvida slik at verksemder som bruker slike kjøretøy som middel til å transportere personar mot vederlag, skulle ha høve til å trekkje frå inngåande meirverdiavgift ved kjøp og drift av slike kjøretøy.

Det er ønskeleg å presisere i lova at kjøretøyet må nyttast som middel til å transportere personar mot vederlag. Når kjøretøyet blir nytta til andre føremål, til dømes til bruk i verksemda sin administrasjon osv., er det ikkje grunn til at retten til å trekkje i frå inngåande meirverdiavgift skulle vere annleis enn i andre verksemder som ikkje driv med persontransport.

Departementet foreslår å endre ordlyden i meirverdiavgiftslova § 14 tredje ledd første punktum. Endringa trer i kraft straks. Som det er gjort merksam på er forslaget ei presisering av gjeldande rett, og det vil såleis ikkje ha provenyverknad.

Til forsida