Ot.prp. nr. 68 (2003-2004)

Om lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

9 Retting og presisering av lovtekst

9.1 Likningslova

9.1.1 Presisering av likningskontora si myndigheit til å gjere vedtak om tilleggsskatt

Ved lovendringane i samband med innføring av ny årssyklus for likning av næringsdrivande fekk likningskontora myndigheit til å avgjere endringssaker innanfor ein 12 månaders periode frå sjølvmeldingsfristen til sjølvmeldingsfristen året etter, jf. likningslova § 9-8 nr. 4. På bakgrunn av regelen i likningslova § 9-8 nr. 3 bokstav a som avgrensar likningsnemnda sitt høve til å gi likningskontora fullmakt i endringssaker, har det vore uvisse om likningskontora har høve til å gjere vedtak om tilleggsskatt i endringssaker handsama etter regelen i likningslova § 9-8 nr. 4. I førearbeida kjem det klart fram at likningskontora skal ha myndigheit til å gjere vedtak om tilleggsskatt i desse tilfella. Det kjem også indirekte fram av likningslova § 3-11 nr. 4 siste punktum at likningskontora si myndigheit omfattar vedtak om tilleggsskatt. På bakgrunn av den uvissa som har vore om dette, foreslår departementet at det blir presisert i § 9-8 nr. 4 at likningskontora også kan fatte vedtak om tilleggsskatt.

Departementet viser til forslag til endring i likningslova § 9-8 nr. 4. Departementet foreslår at endringa blir sett i kraft straks.

9.1.2 Likningslova § 6-13A

Lov 13. juni 1980 nr. 24 om ligningsforvaltning (ligningsloven) § 6-13A regulerer utlevering av opplysningar om abonnent til telefonnummer med vidare.

Departementet foreslår at uttrykket telenett eller teletjeneste blir endra til elektronisk kommunikasjonsnett eller -tjeneste. Bakgrunnen for endringa er omsynet til ein einsarta bruk av uttrykk i lovverket, jf. lov 4. juli 2003 nr. 83 om elektronisk kommunikasjon (ekomloven). Forslaget inneber inga materiell endring.

Departementet viser til forslag til endring i likningslova § 6-13A. Departementet foreslår at endringa blir sett i kraft straks.

9.1.3 Likningslova § 8-10

Ved lovendring 12. desember 2003 nr. 105 vart likningslova § 4-7 endra. Som ei følgje av denne endringa blei tilvisingane i likningslova § 8-10 nr. 1 til § 4-7 nr. 6 og nr. 7 om førehandslikning, feil. Dei rette tilvisingane skal vere til § 4-7 nr. 9 og 10.

Departementet viser til forslag til endring i likningslova § 8-10 nr. 1. Departementet foreslår at endringa blir sett i kraft straks.

9.1.4 Likningslova § 9-8 nr. 4

Frå 1. januar 2004 blei likningslova endra i samband med innføring av ny årssyklus for likning av næringsdrivande skattytarar, jf. lov 12. desember 2003 nr. 105. Sjølvmeldingsfristen for næringsdrivande blei som hovudregel sett til utgangen av mai i året etter inntektsåret, jf. likningslova § 4-7 nr. 1. Denne fristen byggjer på at dei næringsdrivande leverer sjølvmeldinga elektronisk, gjennom skatteetaten sitt system for likning av næringsdrivande (SLN). Samstundes har ein lagt til grunn at ikkje alle næringsdrivande kan levere sjølvmeldinga elektronisk og at det i ein overgangperiode vil vere behov for ein tidlegare frist for innlevering av papiroppgåver. Derfor vart det også innført ein regel om at Skattedirektoratet kan fastsetje ein eigen sjølvmeldingsfrist for dei som leverer sjølvmeldinga i papirformat, jf. likningslova § 4-7 nr. 8.

Samstundes med desse endringane fikk likningskontora myndigheit til å avgjere endringssaker innanfor ein 12 månaders periode frå sjømeldingsfristen til sjølvmeldingsfristen året etter. Dette følgjer av likningslova 9-8 nr. 4. Det er lagt til grunn at likningskontora sin kompetanse skulle gjelde uavhengig av om sjølvmeldinga blei levert elektronisk eller på papir. Men i likningslova § 9-8 nr. 4 er det berre vist til saker som gjeld skattytarar som leverer sjølvmelding etter likningslova § 4-7 nr. 1 og ikkje til saker som gjeld dei som leverer på papir etter den særskilte fristen i § 4-7 nr. 8. Dette var ikkje meininga, og departementet foreslår at dette blir retta opp ved at bestemminga i likningslova § 9-8 nr. 4 også viser til § 4-7 nr. 8.

Departementet viser til forslag til endring i likningslova § 9-8 nr. 4. Departementet foreslår at endringa blir sett i kraft straks.

9.2 Svalbardskattelova

Ved lovendringar 12. desember 2003 blei reglane i likningslova §§ 7-3 og 7-4 om takstutval i kommunar og fylke oppheva. I svalbardskattelova § 4-3 er det framleis vist til dei oppheva reglane. Departementet foreslår at tilvisingane vert tekne bort.

Departementet viser til forslag til endring i svalbardskattelova § 4-3 andre punktum. Departementet foreslår at endringa blir sett i kraft straks.

9.3 Skattelova

9.3.1 Skattelova § 2-30

Departementet foreslår å oppheve skattefritaket for Medisinsk Innovasjon Rikshospitalet (Medinnova) i skattelova § 2-30 første ledd bokstav g nr. 2. Medinnova blei oppretta i 1986 som statsbedrift, omdanna til statsføretak i 1993 og deretter omdanna til aksjeselskap 1. november 2003. Statsføretaket Medisinsk Innovasjon Rikshospitalet er såleis avvikla, og verksemda er vidareført i selskapet Medinnova AS. Dette selskapet er skattepliktig, sjå skattelova 2-2 første ledd bokstav a. Ei vidareføring av skattefritaket for Medinnova AS er etter departementet si oppfatning ikkje aktuelt, bla. ettersom eit slikt fritak vil vere i strid med statsstøttereglane i EØS-avtalen artikkel 61. På denne bakgrunn foreslår departementet at § 2-30 første ledd bokstav g nr. 2 blir oppheva. Departementet foreslår at opphevinga trer i kraft straks og med verknad frå og med inntektsåret 2004. Av praktiske grunnar vil skatteplikta for Medinnova AS inntre frå same tidspunkt.

9.3.2 Skattelova § 6-3 femte ledd

Ved lov av 26. mars 1999 nr. 14 blei det vedteke ei ny lov om skatt av formue og inntekt (skatteloven). Lova var ein teknisk revisjon av tidlegare gjeldande skattelovgjeving, og skulle ikkje føre til realitetsendringar. Føresegna i § 6-3 femte ledd i skattelova frå 1999 skal føre vidare det materielle innhaldet i § 45 andre ledd femte punktum i skattelova frå 1911. Denne føresegna i lova frå 1911 blei endra ved lov 27. mars 1998 nr. 12, og fekk då følgjande ordlyd:

«Når det i overenskomst med fremmed stat er bestemt at inntekt eller gevinst skal være unntatt fra skattlegging i Norge, kommer tilhørende utgift eller tilsvarende tap ikke for noen del til fradrag ved ligning av inntekt her i landet.»

Hovudføremålet med lovendringa i 1998 var å etablere ein klar og allmenn lovheimel for å nekte frådrag for tap i tilfelle der ein motsvarande gevinst ville vore unntatt frå norsk skattlegging etter skatteavtale med framand stat. Ein viser til Ot.prp. nr. 35 (1997-1998). Ved ein feil fekk § 6-3 femte ledd ved vedtakinga av den nye skattelova i 1999 ein ordlyd der det ikkje klart går fram at frådrag skal nektast for tap, når ein motsvarande gevinst er unntatt frå norsk skattlegging etter skatteavtale. Med bakgrunn i lovendringa frå 1998 og føremålet bak lovrevisjonen i 1999, er det likevel ikkje tvil om at § 6-3 femte ledd i skattelova frå 1999 er slik å forstå. Etter departementet si oppfatning bør dette gå klart fram av ordlyden i lovføresegna. Ein viser til forslag til endring i skattelova § 6-3 femte ledd.

Til forsida