Prop. 172 S (2012–2013)

Finansiering av Miljøpakke Trondheim trinn 2

Til innhaldsliste

2 Trinn 1 – gjennomførte tiltak og effektane av desse

Ved behandlinga av St.prp. nr. 85 (2008-2009) blei ramma for trinn 1 av miljøpakka sett til om lag 4,8 mrd. 2009-kr. Av dette skulle 700 mill. kr finansierast med statlege midlar, 150 mill. kr med kommunale midlar, 75 mill. kr med fylkeskommunale midlar og 3,9 mrd. kr med bompengar. I tillegg har fylkeskommunen/kommunen hatt ein 4-årig avtale med Samferdselsdepartementet innafor belønningsordninga for betring av kollektivtransport og mindre bilbruk. Bidraget på 370 mill. kr i perioden 2009-2012 kjem i tillegg til midlane frå miljøpakka, men bruken er samordna med tiltaka som inngår i pakka.

Ein stor del av midlane så langt er nytta til to store riksvegprosjekt på E6 og rv 706. Prosjektet rv 706 Dortealyst – Stavne vart opna for trafikk i november 2012, medan prosjektet E6 Sentervegen – Tonstad er planlagt opna for trafikk i oktober 2013. På lokalvegnettet vart prosjektet Øvre Forsøkslia fullført i 2012. I tillegg er det gjennomført ei rekke tiltak innafor programområda. Det er etablert fleire gang- og sykkelvegar og sykkelfelt for å legge til rette for auka sykkelbruk i Trondheim. Vidare er det gjennomført ei rekke kollektivtrafikktiltak, mellom anna innføring av sanntidsinformasjon på fleire haldeplassar, etablering av signalprioritering langs hovudinnfartsårene og tiltak med sikte på universell utforming av haldeplassar. Det er også gjennomført enkelte trafikktryggleikstiltak i Trondheim sentrum.

Som del av mål- og resultatstyringa av miljøpakka er det utvikla indikatorar for å følgje opp dei ti måla for pakka. Desse er i ferd med å bli implementerte. Så langt er det derfor ikkje gjennomført systematiske vurderingar av effektane av miljøpakka. Nokre førebelse resultat ligg likevel føre. Til dømes viser trafikkteljingar at det vart ein reduksjon i biltrafikken på om lag 10 pst gjennom bomstasjonsnitta då innkrevjinga starta i 2010. Sidan har det vore tilnærma nullvekst i desse snitta. Vidare har kollektivtrafikken auka med om lag 40 pst sidan 2008. Farten til kollektivtrafikken har auka som følgje av etablering av gjennomgåande kollektivfelt og aktiv signalprioritering. Det er også ein positiv trend for reduksjon av trafikkulykker og utslepp av CO2 og NO2. Når målindikatorane er implementerte, skal utviklinga innafor alle ti måla følgjast opp årleg.