Prop. 172 S (2012–2013)

Finansiering av Miljøpakke Trondheim trinn 2

Til innhaldsliste

9 Garanti

Som det går fram av kapittel 4, har Sør-Trøndelag fylkeskommune i møte i fylkestinget 25. april 2012 gått inn for at det blir opna for eit låneopptak på inntil 1,5 mrd. kr for gjennomføring av prosjekt og tiltak innafor Miljøpakke Trondheim, basert på garantiar frå Trondheim kommune og Sør-Trøndelag fylkeskommune. Fylkeskommunen fatta vidare vedtak om fylkeskommunal garanti på inntil 1 mrd. kr. Trondheim kommune har i sitt vedtak i møte i bystyret 26. april 2012 lagt til grunn lånefinansiering av inntil 1 mrd. kr, men har ikkje tatt stilling til storleiken på den kommunale garantien. Dette inneber at kommunen og fylkeskommunen sine vedtak om lån og garanti ikkje er samanfallande.

Samferdselsdepartementet legg til grunn eit maksimalt låneopptak på 1,0 mrd. kr. Samferdselsdepartementet føreset at fordelinga av garantiar blir endeleg avklara mellom Trondheim kommune og Sør-Trøndelag fylkeskommune før låneopptak. Fylkeskommunal garanti skal godkjennast av Kommunal- og regionaldepartementet, medan kommunal garanti skal godkjennast av fylkesmannen. Kommunal- og regionaldepartementet si førehandsvurdering er at fylkeskommunen sin garanti kan godkjennast. Kommunal- og regionaldepartementet vil ta endeleg stilling til godkjenning av garantivedtaket etter at Stortinget har behandla saka. Garantistane sine utlegg kan dekkast gjennom ein auke av realtakstane med inntil 20 pst og ei forlenging av bompengeperioden med inntil 5 år.