Prop. 119 L (2020–2021)

Endringar i svalbardmiljøloven (tungoljeforbod m.m.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Klima- og miljødepartementet foreslår i denne proposisjonen to endringar i lov 15. juni 2001 nr. 79 om miljøvern på Svalbard (svalbardmiljøloven). Svalbardmiljøloven regulerer områdevern, naturinngrep og ferdsel, vern av kulturminne, arealplanlegging i busetjingar, lokal forureining og avfall, og dessutan jakt og fiske på Svalbard.

For det første foreslår departementet i svalbardmiljøloven § 82 a å lovfeste eit generelt forbod mot bruk av tungolje i heile territorialfarvatnet på Svalbard, utforma som eit forbod mot å bruke eller ha om bord petroleumsbaserte drivstoff med høgare tettheit, viskositet eller stivnepunkt enn det som er tillat for marin gassolje. Samtidig blir særreglar om tungoljeforbod i verneforskriftene oppheva, slik at det vil gjelda det same tungoljeforbodet i sjøområda over heile Svalbard. Dagens regulering i verneområda pålegg bruk av ein bestemd type marin gassolje, DMA. Det er i dag derfor ikkje opna for bruk av meir miljøvennlege typar drivstoff, slik som LNG, biogass, hydrogen, metanol, etanol, ammoniakk og petroleumsgass. Forslaget frå departementet inneber at slike meir miljøvennlege typar drivstoff vil vere tillat.

For det andre foreslår departementet ein ny heimel i svalbardmiljøloven § 51, 2. ledd for å gi forskrift om gebyr for behandling av private planforslag. På fastlandet kan kommunane ta gebyr for behandling av private planforslag, med heimel i plan- og bygningsloven § 33-1. Longyearbyen lokalstyre har behov for ein liknande heimel då omfanget av private planforslag aukar.

Til forsida