Prop. 119 L (2020–2021)

Endringar i svalbardmiljøloven (tungoljeforbod m.m.)

Til innhaldsliste

4 Overgangsordningar

4.1 Departementet sitt forslag på høyring

Departementet foreslo at det for stykkgodstrafikken til og frå Longyearbyen og Barentsburg skulle vere ein overgangsperiode avgrensa i tid til 2 år, fram til 2024, av omsyn til aktørane og lokalsamfunna, slik at dei får noko tid til å gjere tilpassingar og bytte drivstoff.

4.2 Synet til høyringsinstansane

Det har komme inn to merknader til spørsmålet om overgangsordningar.

Trust Artikugol støttar som nemnt eit tungoljeforbod, men meiner det bør vere overgangsordningar i tråd med tidsløpet til tungoljeforbodet i IMO. Det vil seie å setje ein overgangsperiode for kolskip som bruker brenselolje for å frakte kol, fram til 1. januar 2024, og forlenge overgangsperioden fram til 1. juli 2029 for skip som svarer til krava i MARPOL-konvensjonen for ei slik forlenging. Trust Artikugol peiker på at kolutvinning er deira hovudverksemd, og at det no er kolførekomstar til å sikre utvinning fram til 2030–2032. Årleg transporterer dei fire til seks skipslaster med kol utvinne i Barentsburg gruve til land i EU, og kolskipa går på brenselolje. Trust Artikugol meiner at innføringa av tungoljeforbodet i Svalbards territorialfarvatn vil skada deira økonomiske interesser, og vil innebere ei slutt på kolutvinning.

Svalbard Næringsforening støttar tiltak som bidrar til ei utvikling med bruk av lettare og mindre forureinande drivstofftypar innanfor maritim næring, men peiker på at sterkt avgrensande tiltak, som eit totalforbod, bør innførast med rimeleg tid for å kunna omstilla seg. Svalbard Næringsforening meiner at 5 år er eit kort perspektiv, og dei støttar prinsippa som blir lagde til grunn i dei internasjonale organa for shipping og tilrår at ein følgjer desse også for tungoljetiltaka rundt Svalbard.

AECO og Hurtigruta kommenterer ikkje overgangsordningar.

Visit Svalbard peiker på at det må sikrast overgangsordningar som kompenserer for bortfall av inntekter for lokale bedrifter. Dei er særleg opptatt av at ekspedisjonscruisenæringa delvis var tenkt å skulle veie opp for inntektstapet eit tungoljeforbod vil påføra lokalsamfunnet, og viser til at på grunn av pandemien er denne næringa utan aktivitet. Dei peiker vidare på at bortfall av oversjøiske cruiseskip og ekspedisjonscruiseskip samtidig får konsekvensar for ambisjon om heilårsdrift i mange selskap, og dermed utfordrar målet om å vera ein heilårleg destinasjon. I denne samanhengen ber Visit Svalbard om at departementet er oppmerksam på problemstillingane som omhandlar konsekvensar for lokal verdiskaping, næringsgrunnlag og tilpassingar som må gjerast.

Departementet oppfattar at dei høyringsinstansane som representerer cruisenæringa, ikkje primært er opptatt av overgangsordningar.

Visit Svalbard peiker på konsekvensane av pandemien. Departementet viser til at dette er spørsmål som er uavhengig av eit tungoljeforbod, og at inntektsbortfall som følgje av pandemien derfor ikkje er eit tema i denne proposisjonen. Dei økonomiske konsekvensane av tungoljeforbodet for lokale verksemder er omtala under kapitelet om økonomiske konsekvensar. Departementet har i arbeidet med lovforslaget vært oppmerksam på dei økonomiske konsekvensane for det lokale næringslivet, og det ligg til grunn for forslaget om overgangsregler for stykkgodstrafikk til lokalsamfunna.

4.3 Departementet sin vurdering

Departementet har vurdert høyringsinnspela, og finn det riktig at næringsverksemd på Svalbard får tilstrekkeleg tid på å omstilla seg. Av omsyn til det sårbare naturmiljøet på Svalbard må ei overgangsordning ikkje vere lang. Departementet finn det naturleg med ei overgangsordning fram til 2024 for skip som transporterer kol frå Barentsburg og Longyearbyen, lik overgangsordninga for varetransport til og frå dei same stadene, i lys av innspelet frå Trust Arktikugol i høyringa. Ein overgangsordning heilt til 2029 ville vere for lang sett i lys av miljørisikoen knytt til tungolje.

Når det gjeld cruiseverksemd vurderer departementet at innspela frå cruisenæringa i høyringa viser at det ikkje er behov for ei tilsvarande overgangsordning der.

Til forsida