Prop. 119 L (2020–2021)

Endringar i svalbardmiljøloven (tungoljeforbod m.m.)

Til innhaldsliste

5 Den nærmare utforminga av tungoljeforbodet

5.1 Gjeldande rett

I svalbardmiljøloven § 82 a er det en heimel til ved forskrift å sette krav til drivstoffkvalitet for skip som anløper Svalbards territorialfarvatn. I forskrifta kan ein opne for at det i ein eller fleire leier skal vere tillat å ha med eller bruke anna drivstoff enn det som er bestemt. Forskriftsheimelen er ikkje nytta.

I forskrift om nasjonalparkane Sør-Spitsbergen, Forlandet og Nordvest-Spitsbergen, om naturreservata Nordaust-Svalbard og Søraust-Svalbard, og om naturreservata for fugl på Svalbard, er det innført tungoljeforbod for skip der. Tungoljeforbodet der er utforma som eit påbod om å ikkje bruke eller ha om bord anna drivstoff enn kvaliteten DMA i samsvar med ISO 8217 Fuel Standard.

5.2 Departementet sitt forslag på høyring

Departementet foreslo i høyringa at det i ein ny paragraf 82 a skulle bestemmast at skip som anløper territorialfarvatnet rundt Svalbard, ikkje kan bruke eller ha om bord annet petroleumsbasert drivstoff enn naturgass og marin gassolje. Vidare foreslo departementet at naturgass og marin gassolje skulle definerast i ei forskrift gjeve av departementet. Formålet med ei slik utforming var å opne for at ein kunne bruke anna og meir miljøvennleg drivstoff enn det som no er tillate i verneområda. Eksempel på slik miljøvennleg drivstoff var elektrisitet og gass.

Vidare foreslo departementet at det i forskrift skulle stå at naturgass og marin gassolje (MGO) som er tillate etter svalbardmiljøloven § 82 a, betyr drivstoff som er definert som DMA, DMX, DMZ, DFA eller DFZ i siste utgåve av standarden ISO 8217. Ved å vise til konkrete typar av marin drivstoff ville departementet presisere at ein ikkje ville tillate tyngre drivstofftypar, slik som hybridolje. Departementet foreslo å vise til den siste versjonen av standarden ISO 8217 for å sikre at definisjonen ville vere oppdatert til ein kvar tid.

5.3 Synet til høyringsinstansane

Fleire av høyringsinstansane meinte at det burde innførast ein strengare drivstoffregel enn det som departementet foreslo.

Innovasjon Norge meiner at ambisjonsnivået som lovendringa legg opp til gjennom å framleis tillate petroleumsbaserte drivstofftypar, er for låg samanlikna med Noregs nasjonale målsetjingar som stimulerer til ein overgang til nullutsleppsløysingar for skipsfarten.

The Clean Arctic Alliance (CAA) ønsker eit tungoljeforbod velkomen som eit første skritt mot alternative ikkje-fossile drivstoff og framdriftssystem.

Sjøfartsdirektoratet peiker på at naturgass ikkje trengs å definerast i ei forskrift, berre marin gassolje.

Sintef og Kystverket meiner at ein ikkje burde vise til siste versjon av standarden ISO 8217, men spesifisere kva versjon det refererast til. Kystverket peiker på at standarden ISO 8217 er revidert fleire gonger og at det er ukjent korleis denne vil bli oppdatert neste gang. Ettersom ISO 8217:2017 er gjeldande utgåve av standarden, anbefaler Kystverket at det blir vist til denne i forskrifta. Kystverket meiner at dette vil vere føreseieleg og ein vil unngå eventuelle uventa følger ved å vise til den til ein kvar tid gjeldande versjon av standarden.

Kystverket og Sjøfartsdirektoratet meiner at ordlyden i lovforslaget burde endrast. Lovforslaget vil kunne stengje for bruk av alternative drivstoff som kan hjelpe til med å redusere utslepp til luft frå skipsfart, og som kan hjelpe til med å redusere konsekvensar av eit utslepp til sjø frå skip, slik som drivstoff basert på metanol, etanol, hydrogen, ammoniakk og petroleumsgass, men som også kan innehalde hydrokarbon. Desse drivstoffa er ikkje mykje brukt av skip i Noreg i dag, men det kan bli aktuelt framover.

Kystverket meiner også at for det tilfelle at departementet finn det som hensiktsmessig å liste opp tillate typar naturgass vil Kystverket oppfordre til at LNG, CNG og LPG er tillate.

(Ved en inkurie var det en feil i utkastet til forskrift i høyringsbrevet, ved at det sto «forboden» i staden for tillat, noko som fleire høyringsinstansar påpekte.)

5.4 Departementet sine vurderingar

Av departementet sitt forslag gjekk det fram at skip som anløper territorialfarvatnet rundt Svalbard, ikkje skal bruke eller ha om bord annet petroleumsbasert drivstoff enn naturgass og marin gassolje. Og vidare at naturgass og marin gassolje definerast i forskrift gjeve av departementet. Hensikten var å forby bruk av drivstoff som har spesielt problematiske eigenskapar ved utslepp til sjø på grunn av høy viskositet, tettheit og stivnepunkt.

Etter innspela frå Kystverket og Sjøfartsdirektoratet foreslår departementet nå ein anna formulering av ordlyden i § 82 a. Lovforslaget er utforma som eit forbod mot å bruke eller ha om bord petroleumsbasert drivstoff med høgare tettheit, viskositet eller stivnepunkt enn det som er tillat for marin gassolje. Så vil desse krava bli nærare beskrive i forskrifta. Formålet er å ikkje stengje for bruk av alternative drivstoff som kan hjelpe til med å redusere konsekvensar av eit utslepp til sjø frå skip, slik som drivstoff basert på metanol, etanol, hydrogen, ammoniakk og petroleumsgass, men som også kan innehalde hydrokarbon.

Departementet er einig med dei som meiner at det å forby all bruk av petroleumsbasert drivstoff ville redusert miljørisikoen ytterlegare. Det er likevel ikkje mogleg slik skipsnæringa er i dag, utan at det ville fått betydelege konsekvensar for lokalt næringsliv på Svalbard. Departementet finn derfor at lovforslaget gjer ei god avveging på kva som må til for å beskytte miljøet mot skadelege utslepp, samtidig som andre omsyn blir ivareteke.

Sintef og Kystverket anbefaler i forskrifta å vise til gjeldande utgåve av ISO 8217:2017 for å sikre at det er føreseieleg. Departementet vil følge desse anbefalingane.

Desse endringane av måten tungoljeforbodet er utforma på er ikkje vesentlege, og det er derfor ikkje nødvendig med ny høyring. Dei fører vidare forslaget i høyringa om å forby tungolje og hybridolje, men opnar i tillegg for bruk av fleire og meir miljøvennlege drivstoff, noko som aukar fleksibiliteten for brukaren.

Til forsida