Prop. 119 L (2020–2021)

Endringar i svalbardmiljøloven (tungoljeforbod m.m.)

Til innhaldsliste

8 Merknader til lovforslaget

8.1 Til § 51 andre ledd

I andre ledd er ein heimel til å fastsetje forskrift som gjev Longyearbyen lokalstyre moglegheit til å ta gebyr for behandling av private planforslag, etter sjølvkostprinsippet. Det er berre lokalstyret sitt arbeid fram til det blir avgjort om forslaget skal fremmast som kan bli gebyrlagt. Forslaget fremmast når det leggast ut til offentleg ettersyn og sendes på høyring.

8.2 Til § 82 a

I ny § 82 a stillast det krav om at skip som anløper territorialfarvatnet rundt Svalbard, ikkje skal bruke eller ha om bord petroleumsbasert drivstoff med høgare viskositet, tettheit eller stivnepunkt enn kva som er tillate for marin gassolje. Marin gassolje definerast nærmare i forskrift gjeve av departementet.

Lovføresegna vil ikkje stengje for bruk av alternative drivstoff som kan redusere konsekvensar for miljøet ved eit utslepp til sjø, til eksempel er metanol, etanol, petroleumsgass, hydrogen og ammoniakk, LNG, CNG og LPG.

Krav til viskositet, tettheit og stivnepunkt for marin gassolje vil basere seg på standarden ISO 8217:2017, og vil bli nærare beskrive i forskrifta.

8.3 Til ikraftsetjing og overgangsreglar

Loven trer i kraft frå 1. januar 2022, men for fartøy som går med stykkgodstransport eller koltransport til og frå Longyearbyen eller Barentsburg, vil det gjelde ein overgangsperiode på to år, fram til 1. januar 2024, når IMOs tungoljeforbod uansett vil tre i kraft. Ordlyden er meint å få fram at dette gjelde berre når fartøyet faktisk går – er på veg – til eller frå desse lokalsamfunna med lasten. Slike fartøy kan til dømes ikkje ta ein ekstra runde med sightseeing mellom transportetappane, med tungolje i tankane.

Til forsida