Prop. 144 L (2020–2021)

Lov om Opplysningsvesenets fond

Til innhaldsliste

Forslag
til lov om Opplysningsvesenets fond

§ 1 Opplysningsvesenets fond

Opplysningsvesenets fond er sett saman av det som er att av det benefiserte godset til presteskapet, og seinare tileigna eller tillagde eigedommar og kapital.

Grunnkapitalen i fondet er eigedommane til fondet og kapitalfondet. Kapitalfondet er bokført verdi av eigedommar og vinstar ved sal av eigedommar.

Opplysningsvesenets fond er eit eige rettssubjekt.

§ 2 Føremålet med lova

Lova skal sikre at verdiane i Opplysningsvesenets fond blir forvalta i samsvar med Grunnlova § 116.

§ 3 Forvalting av fondet

Fondet blir forvalta av Kongen, som mellom anna fastset korleis fondet skal organiserast, og tek avgjerder om rettslege disposisjonar som gjeld eigedelane til fondet. Vinstar ved sal av eigedommar skal leggjast til kapitalfondet.

§ 4 Statens eigedomsrett

Opplysningsvesenets fond er eit statleg fond frå 1. januar 2023. Med unntak av dei eigedelane som blir overførte til Den norske kyrkja etter § 5, kan grunnkapitalen i fondet ikkje givast bort eller brukast opp.

§ 5 Overføring av eigedelar til Den norske kyrkja

Eigedommar og andre eigedelar i fondet som har ein særskild verdi for Den norske kyrkja, kan overførast til kyrkja utan vederlag. Gravplassar og kyrkjegrunn kan overførast til vedkommande sokn. Eigedelane skal ikkje gi Den norske kyrkja nokon økonomisk vinst til fordel for si allmenne verksemd. Fondet kan dekkje utgifter som Den norske kyrkja får i samband med overtakinga av eigedommar etter fyrste punktum.

Krav om samtykke etter jordlova § 12 eller konsesjon etter konsesjonsloven § 2 gjeld på vanleg måte ved overføringar etter fyrste ledd.

§ 6 Prestebustadar

Prestebustadar som fondet eig, kan leigast ut som tenestebustadar for prestar i Den norske kyrkja til lågare husleige enn marknadsleige.

Fondet skal dekkje utgifter som staten skal refundere kommunane etter pålegg om å stille tenestebustad til rådvelde for geistlig embets- eller tenesteperson etter trossamfunnsloven § 23 fjerde ledd.

Dersom fondet eig ein prestebustad som er rekna som ein rekrutteringsbustad for prestar i Den norske kyrkja, men som ikkje blir overført til kyrkja etter § 5 andre ledd, skal fondet gi tilskot til Den norske kyrkja til ein annan bustad på staden.

§ 7 Bruken av avkastinga frå fondet

Avkastinga frå fondet skal dekkje utgiftene fondet har. Vinstar ved sal av verdipapir skal reknast som avkasting. Kongen avgjer om overskot skal leggjast til kapitalfondet, leggjast til eit disposisjonsfond eller overførast som alminneleg inntekt for staten til å dekkje statlege utgifter til dei føremåla som er nemnde i Grunnlova § 116 fyrste punktum. Kongen kan bestemme at overskotet i fondet også kan nyttast til å setje i stand kulturhistorisk viktige kyrkjer.

§ 8 Særlege heimelsforhold

Ein eigedom som frå eldre tid låg til eit bestemt presteembete etter heimelsbrev eller eit anna særleg rettsgrunnlag, og er forvalta av fondet, skal forvaltast på same måten som eigedommane til fondet.

Fyrste ledd gjeld ikkje dersom noko anna følgjer av heimelsdokumentet for eigedommen.

§ 9 Iverksetjing og endring og oppheving av andre lover

Lova gjeld frå den tida Kongen fastset. Frå den tida Kongen fastset, blir det gjort følgjande endringar i andre lover:

  • 1. Lov 7. juni 1996 nr. 33 om Opplysningsvesenets fond blir oppheva.

  • 2. I lov 7. juni 1996 nr. 32 om gravplasser, kremasjon og gravferd skal § 16 andre ledd andre punktum lyde:

Ved uenighet treffer gravplassmyndigheten avgjørelsen.

Til forsida