Prop. 144 L (2020–2021)

Lov om Opplysningsvesenets fond

Til innhaldsliste

3 Om Opplysningsvesenets fond

3.1 Innleiing

I Meld. St. 29 (2018–2019) blei det gitt ei oversikt over hendingar og historiske utviklingslinjer som har ført fram til det som karakteriserer Opplysningsvesenets fond i dag. Dei ulike syna på eigedomsretten blei også presenterte. Stortingsmeldinga hadde ein grundig gjennomgang av eigedelane til fondet. Dei er av mange slag, men alle har opphav i dei mange prestegardane under fondet som i eldre tid skulle tene til underhald av prestane. Fondet er såleis eigar av fleire hundre prestebustader og store skog- og utmarksareal. Jordvegane er sette bort til forpakting eller leigde ut til nabobruk. På prestegardane er det om lag 1 300 bygningar i alt, og mange har kulturhistorisk verdi. I tillegg kjem fleire tusen festetomter og ein finanskapital på om lag 2,8 mrd. kroner. Fondet har dessutan eigarinteresser i underliggjande dotterselskap, særleg innanfor eigedoms- og småkraftsektoren.

Departementet vil i dette kapittelet gi ei oversikt over viktige utviklingslinjer i historia til fondet og av diskusjonen om eigedomsretten. Kapittelet har også med eit oversyn over eigedelane til fondet. Dessutan er det teke med ein gjennomgang av den gjeldande lova om fondet og av forvaltingsordninga for fondet. Sidan 2001 har eit eige forvaltingsorgan hatt ansvaret for den daglege drifta av fondet.

3.2 Kort historikk

Ved kristninga av Noreg på 1000-talet og utover på 1100- og 1200-talet blei det bygd mange kyrkjer i Noreg. Kyrkjene blei eigarar av jordeigedommar og fekk økonomiske rettar, slik at dei kunne haldast ved like. Det blei også gitt jordeigedommar og økonomiske rettar til prestane, slik at dei kunne brødfø seg. Kyrkjebygga og presteembeta var lenge rekna som ei form for sjølvstendige einingar med kvart sitt økonomiske system. Under mellomalderen blei eigedommar lagde til kyrkja, mellom anna ved testamentariske gåver. Det var tale om klostergods og bispegods, ved sidan av det godset som høyrde til kyrkjebygga og presteembeta. Mot slutten av mellomalderen er det rekna at kyrkja i Noreg var eigar av rundt halvdelen av all fast eigedom i landet. Ved reformasjonen i Noreg 1536–1537 tok kongen over bispegodset og klostergodset, og under einevaldstida frå 1660 blei mange av kyrkjene selde til fordel for kongemakta. Eigedommane som skulle tene til underhald av prestane, var for det meste intakte fram til 1800-talet. Det var under einevaldstida at dette godset blei omtalt som «det geistlighetens benefiserte gods», det vil seie at eigedommane skulle komme prestane til gode.

Store delar av jorda som høyrde til eit presteembete, blei leigd ut – til leiglendingar (bygselsbruk), presteenkjer og husmenn. Leigeinntektene var ein viktig del av lønnsordninga for prestane. Tidleg på 1800-talet svarte det benefiserte godset til 10–15 prosent av all fast eigedom i Noreg. Eigedommane var sentralt plasserte i bygdene og representerte store verdiar. Bruken av det benefiserte godset blei drøfta under Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Resultatet var at det i Grunnlova § 106 kom inn eit særskilt vern av dette godset. Etter den redaksjonelle og språklege fornyinga av Grunnlova i 2014 er Grl. § 106 no innarbeidd i Grl. § 116 fyrste punktum og har slik ordlyd:

Kjøpesummar og inntekter av det benefiserte godset til presteskapet skal berre nyttast til gagn for presteskapet og til å fremje opplysinga.

Det sentrale i grunnlovsparagrafen er at verken regjeringa eller Stortinget kan nytte inntekter frå eigedommane til andre føremål enn dei paragrafen nemner.

Ved lova om det benefiserte godset i 1821 blei Opplysningsvesenets fond danna. Bakgrunnen var at leiglendingsbruka (bygselsgardane) skulle seljast når den avtalte bygsels- eller leigetida var omme. Dei kjøpesummane som kom inn, skulle leggjast til det nye fondet. Frå avkastinga av fondet skulle det nye universitetet i Christiania ha ein del, medan andre delar skulle nyttast til beste for prestane og skulevesenet. Gjennom 1800-talet blei stadig meir av det benefiserte godset selt. Salsinntektene gjekk inn i fondet eller andre sentralkyrkjelege særfond som skulle tene særskilde føremål, til dømes nybyggingsarbeid på prestegardane. Frå Opplysningsvesenets fond blei det gitt gunstige lån til kommunar og gardbrukarar. På 1800-talet var fondet ei viktig finansieringskjelde for utbygginga av folkeskulevesenet.

Tidleg på 1900-talet var mange av embetsgardane til prestane sette bort til forpakting. Prestane hadde elles lønna si frå kommunale tilskot, tilskot frå Opplysningsvesenets fond og frå andre kyrkjelege særfond. Opplysningsvesenets fond hadde på denne tida mista mykje av den tidlegare verdien på grunn av fallet i pengeverdien, og lønnstilskota til prestane blei supplerte med tilskot frå staten. I 1950-åra blei det slutt på at prestane skulle ha inntekter frå prestegarden. Dei skulle no ha kontantlønn etter lønnsregulativet i staten, men framleis ha rett til tenestebustad med buplikt. På denne tida var det om lag 480 prestegardar. Dei fleste var under forpakting eller bortleigde som jordleigebruk. Mange av tomtene var bortfesta til private for oppføring av bustadhus, og elles til kommunar, næringsverksemd m.m. Skogen blei forvalta separat av Direktoratet for statens skogar. Overskotet av skogen gjekk inn i Opplysningsvesenets fond.

Etter at prestegardane ikkje lenger var ein del av lønnsordninga for prestane, blei det reist spørsmål ved om dei burde seljast, men den restriktive salspraksisen som var etablert tidlegare, heldt fram til midten av 1980-åra. Det blei då opna for at paktarane skulle kunne kjøpe bruket. Dessutan blei det opna for at festarar av bustadtomter kunne få kjøpe tomta. Kjøpesummane skulle gå inn i eit nytt særfond (Særfond II). Avkastinga frå særfondet skulle gå til kyrkjelege føremål utan avkorting i dei statlege løyvingane til kyrkja. Dei kyrkjelege særfonda som var danna på 1800-talet, blei innlemma i Opplysningsvesenets fond tidleg i 1960-åra. Det lovfesta tilskotet frå fondet til Universitetet i Oslo blei oppheva omtrent samstundes. 1963 var siste året det blei gitt tilskot frå fondet til universitetet.

Lov 7. juni 1996 nr. 33 om Opplysningsvesenets fond oppheva tidlegare lovgiving om fondet og prestegardane. Målet med lova var å avvikle rettslege bindingar som hindra ei rasjonell og forretningsmessig drift av fondet.

Departementet for kyrkjesaker har sidan 1814 forvalta det benefiserte godset. I 2001 blei den daglege forvaltinga av dette godset, det vil seie Opplysningsvesenets fond, skild ut frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og lagd til eit forvaltingsorgan under departementet med eige styre.

3.3 Ulike syn på eigedomsretten

Gjennom åra har eigedomsretten til det benefiserte godset, i dag Opplysningsvesenets fond, vore diskutert blant rettslærde, historikarar og andre. På den eine sida blei det hevda at det historiske opphavet og bruken av eigedommane – til beste for prestane og kyrkja i Noreg – må føre til at eigedomsretten enten ligg til presteembeta i kyrkja eller til dei einskilde kyrkjelydane. På den andre sida har det vore hevda, mellom anna med bakgrunn i korleis det benefiserte godset har vore disponert av Kongen, at staten har eigedomsretten. Det har også vore stilt spørsmål ved om ein i saka om eigedomsretten må gjere eit skilje mellom eigedomsretten til fondet og eigedomsretten til dei einskilde prestegardane.

Det har lenge vore brei semje om at fondet er eigar av prestegardane og at kyrkjelydane (sokna) i Den norske kyrkja ikkje har nokon eigedomsrett. Så lenge Den norske kyrkja nasjonalt var ein del av statsforvaltinga og staten i forvaltinga av fondet er bunden av Grl. § 116, hadde spørsmålet om den underliggjande eigedomsretten lita praktisk interesse.

I ei utgreiing frå Lovavdelinga i Justis- og politidepartementet i 2000 konkluderte Lovavdelinga med at staten har eigedomsretten til fondet. Lovavdelinga meinte mellom anna at Kongen i alle åra sidan reformasjonen hadde forvalta det benefiserte godset, seinare Opplysningsvesenets fond, i eigenskap av å vere eigar. Lovavdelinga peika også på at sidan Den norske kyrkja i statskyrkjeordninga ikkje har noka rettsleg sjølvstendig stilling, kan ho ikkje vere eigar.

Som følgje av at den grunnlovsfesta statskyrkjeordninga blei avvikla ved endringane i Grunnlova i 2012, bad Kulturdepartementet i 2016 om at Lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet vurderte eigarspørsmålet på nytt. I 2016 var det også aktuelt å skilje ut Den norske kyrkja frå staten og gi den nasjonale kyrkja status som eit sjølvstendig rettssubjekt. Lovavdelinga kom i 2017 til den same konklusjonen som i 2000, det vil seie at det er staten som har eigedomsretten til fondet.

Konklusjonane frå Lovavdelinga i 2000 og 2017 blei avviste av Kyrkjerådet og Kyrkjemøtet, som meinte at fråsegnene frå Lovavdelinga ikkje kunne leggjast til grunn for ei avgjerd om eigedomsretten. Kyrkjemøtet i 2018 streka under at eigarspørsmålet måtte få ei avgjerd etter politiske drøftingar. Den politiske avklaringa av eigarspørsmålet kom ved Meld. St. 29 (2018–2019) og stortingshandsaminga av meldinga, sjå kapittel 2 ovanfor.

3.4 Eigedelane til Opplysningsvesenets fond

3.4.1 Oversikt

Sjølv om det meste av eigedommane som i si tid høyrde til fondet, er selde, er Opplysningsvesenets fond framleis blant dei største grunneigarane i landet. Fondet har eigedommar i dei fleste av kommunane i landet. Eigedommane femner om nær 1 300 bygningar (preste- og paktarbustader, driftsbygningar, stølar, naust, stabbur m.m.) med eit samla bruksareal på om lag 230 000 m². Mange av bygningane er frå 1800-talet eller tidlegare. Skog- og utmarksareala er på om lag 920 000 dekar. Jordbruksareala er på 25 000 dekar og er fordelte på 21 forpaktingsbruk og 132 jordleigebruk. Fondet har rundt 6 200 kontraktar om tomtefeste. Omtalen under byggjer på rekneskapstal frå 2019, då rekneskapen for 2020 ikkje er ferdig.

Til fondet høyrer ein finanskapital på om lag 2,8 mrd. kroner som for det meste er investert i verdipapir. Gjennom dotterselskap er fondet engasjert i utviklinga av fondet sine eigedommar til bustad- og næringsføremål og i utbygginga av småkraftverk.

3.4.2 Skog og utmark

515 000 dekar av det samla skog- og utmarksarealet på 920 000 dekar er produktiv skog, for det meste på Austlandet. Det resterande arealet er fjellområde og skog som ikkje gir grunnlag for drift. Om lag 100 bygningar er knytte til skogsdrift (hytter, naust, stølar). Nokre blir leigde ut, andre står tomme. Om lag 10 prosent av skogen og utmarka er verna eller er med i verneplanar. Ved vern av skog får fondet vederlag på linje med private skogeigarar.

Skogane er fordelte på mange teigar og ligg spreidde over heile landet. Dei er som regel ikkje skilde ut frå den prestegarden dei høyrer til.

Det meste av inntektene frå skogane kjem ved sal av tømmer, men fondet har også inntekter ved uttak av grus og mineral, og frå sal av jakt- og fiskekort. Dei siste fem åra (2015–2019) var dei årlege driftsinntektene frå skog- og utmarksforvaltinga i snitt på 41 mill. kroner. Driftsoverskotet i 2019 var på 12 mill. kroner.

3.4.3 Jordbrukseigedommane

Dei fleste forpaktingsbruka under fondet blei selde til forpaktarane i 1980- og 1990-åra. Fondet har 21 forpaktingsbruk att. Heller ikkje desse er skilde ut frå resten av prestegarden. Forpaktingsbruket er ei sjølvstendig driftseining og har ofte blitt drifta av same familie i fleire generasjonar. Grunnen til at fondet framleis har nokre forpaktingsbruk att, er at dei har ein særleg kulturhistorisk verdi eller har eit potensial for utvikling og framtidig verdiskaping til beste for fondet. Til forpaktingsbruka høyrer eit jordbruksareal på 6 000 dekar og om lag 150 bygningar. På kvart bruk er det ein prestebustad, men ikkje alle er i bruk som bustad for prest i dag. I 2019 var fondet sine inntekter av forpaktingsbruka på 3,5 mill. kroner. Driftsunderskotet var på 5 mill. kroner.

Jordleigebruka er ikkje sjølvstendige driftseiningar. Jorda er leigd ut til nabobruk, medan bygningane er leigde ut til andre. På same måten som skogane og forpaktingsbruka er ikkje jordleigebruka skilde frå den prestegarden dei høyrer til, og gardstunet eller bygningane på bruket kan ofte ha den same kyrkje- eller kulturhistoriske verdien som eit forpaktingsbruk. Til jordleigebruka høyrer eit jordbruksareal på om lag 19 000 dekar og noko over 700 bygningar, medrekna om lag 100 prestebustader som i ulik grad blir nytta som bustad for prest i dag. I 2019 var dei samla inntektene for fondet av jordleigebruka på 6 mill. kroner. Driftsoverskotet var på om lag 4 mill. kroner.

Kvart år blir det på gardsbruka investert midlar for å oppfylle miljøkrav og modernisere bygningar, utstyr og maskinar. Behovet for å setje i stand dei mange og ofte eldre bygningane er stort.

3.4.4 Festetomtene

Fondet har i dag om lag 6 200 festekontraktar. Dei fleste kontraktane, rundt 3 500, gjeld tomter til bustadhus, medan om lag 200 gjeld tomter til fritidshus. Om lag 120 kontraktar er med kommunar (tomtefeltkontraktar) som har bortfesta parsellar til bustadhus og bustadblokker m.m. Festarar av bustadtomter har rett til å løyse inn tomta etter reglane i tomtefestelova. Også festeavgifta er i desse tilfella regulert i tomtefestelova.

Om lag 1 400 kontraktar gjeld feste av tomter til offentlege føremål, næringsverksemd, gravplassar m.v. Desse kontraktane kjem ikkje under reglane i tomtefestelova om bortfeste av tomt til bustad- og fritidshus. For desse kontraktane gjeld vanlege avtalerettslege reglar. Det same gjeld tomtefeltkontraktane med kommunar, men festaren av dei einskilde tomtene har i desse tilfella rett til å kjøpe tomta av fondet i tråd med reglane i tomtefestelova.

Inntektene frå tomtefeste er blant dei viktigaste inntektskjeldene for fondet. I 2019 blei det innløyst 196 tomter. Den samla innløysingssummen var på 73 mill. kroner (etter frådrag av forvaltingsutgiftene ved innløysingane), som er å rekna som ein del av den urørlege grunnkapitalen i fondet. Denne kapitalen er verna etter Grl. § 116. Nettoinntektene frå festeavgiftene i 2019 var på 112 mill. kroner, som er å rekne som avkasting.

3.4.5 Prestebustadene

I 2015 hadde fondet rundt 410 bustader som blei stilte til rådvelde for prestane i Den norske kyrkja som tenestebustad. Om lag like mange prestebustader blei stilte til rådvelde av kommunane, mot at fondet refunderte utgiftene for kommunane etter ein normalkostnad. Bakgrunnen var ordninga med tenestebustad for prestane, som gav presten rett til tenestebustad med buplikt. Dette systemet hadde vore gjeldande for prestane sidan 1600-talet. Ordninga blei avvikla 1. september 2015, men dei som på dette tidspunktet budde i tenestebustad, kunne halde fram med å bu der til same leige som før, fram til dei skifta stilling eller gjekk av med pensjon. Dei kommunalt eigde prestebustadene blir av denne grunnen avvikla som bustad for prestar og i mange tilfelle selde. Ved slutten av 2020 var det rundt 60 kommunale bustader som framleis blei nytta av prestane. Også mange av dei bustadene som fondet eig og som ikkje lenger skal tene sitt opphavlege føremål, vil av same grunnen bli selde.

I ein del strok av landet vil det vere vanskeleg å få tilsett prest om ikkje presten får tilbod om tenestebustad. Dette er område der marknaden for bustader er svak og det derfor vil vere ein økonomisk risiko for presten å kjøpe eller byggje eigen bustad der. For å rekruttere prest til slike område, har fondet i oppgåve å skaffe tenestebustad som presten kan leige på vanlege vilkår. Om fondet frå tidlegare eig ein bustad på slike stader, vil ikkje bustaden bli selt før delinga av fondet er ferdig. Heller ikkje prestebustader som representerer ein særskild kyrkje- eller kulturhistorisk verdi, er det aktuelt at fondet avhendar. Sjølv om ein slik bustad ikkje tener eit rekrutteringsføremål, er det ut frå kulturminneomsyn eit gode om bustaden framleis kan vere bustad for presten. Målet med å halde på eit utval viktige kulturhistoriske prestebustader er å ta vare på og kunne formidle den viktige kyrkje- og kulturhistoria som er knytt til prestegardane i Noreg.

Sidan 2015 har fondet selt rundt 100 prestebustader. Av dei 308 bustadene som fondet har per 31. desember 2020, blir om lag 130 bustader (42 prosent) nytta som tenestebustad for prest. Dei andre bustadene er enten leigde ut til andre, står tomme eller er under vurdering for sal.

3.4.6 Dei kulturhistoriske eigedommane

Av dei om lag 1 300 bygningane som fondet er eigar av, er 280 freda. Om lag 80 av desse er prestebustader. Dei andre bygningane som er freda, er mest eldre uthus (stabbur, løer, vognskjul m.m). Ei rekkje andre bygningar, også mange prestebustader, har stor kulturhistorisk verdi, sjølv om dei ikkje er freda. Desse bygningane er viktige vitnesbyrd om skiftande stilepokar, lokale handverkstradisjonar og byggjeskikkar. Dei kulturhistoriske eigedommane som høyrer til fondet, er ein viktig del av historia om kyrkja i Noreg. I seinare år har oppgåva med å ta vare på og formidle historia om prestegardane vore eit satsingsområde.

Det har ikkje vore eit mål at fondet ut frå kulturminneomsyn skal halde på dei fleste kulturhistoriske eigedommane. Gjennom åra har ikkje fondet hatt økonomisk evne til å halde ved like og setje i stand alle, og mange eigedommar har blitt selde. Ofte viser det seg at andre eigarar har gode føresetnader for å ta vare på og utvikle dei kulturminneverdiane som eigedommane har i seg.

For dei rundt 500 bygningane under fondet som i dag er vurderte å ha ein særleg kulturhistorisk verdi, er det rekna med at kapitalbehovet for å setje bygningane i stand, gjere visse standardforbetringar og å få dei opp på eit ordinært vedlikehaldsnivå vil til saman vere på om lag 500 mill. kroner dei neste ti åra. Ein stor del av dette kapitalbehovet gjeld dei 240 prestebustadene som er freda eller har ein særleg kulturhistorisk verdi.

3.4.7 Fondet sine verdipapir

Det meste av finanskapitalen i fondet er investert i børsnoterte verdipapir, som for det meste er fordelte på ulike aksje- og obligasjonsfond. Per 31. desember 2019 var marknadsverdien av finanskapitalen på 2,8 mrd. kroner. Ein liten del av porteføljen er investert i selskap der føremålet like mykje er ideelt som å få ei god avkasting. Til dømes har fondet aksjar i Kirkelig Kulturverksted AS. Denne føremålsporteføljen hadde ein marknadsverdi på 40 mill. kroner per 31. desember 2019. I tillegg til verdipapira har fondet ein finanskapital plassert som likvide midlar i bank (46 mill. kroner per 31. desember 2019). 93 mill. kroner var ved årsskiftet 2019/2020 lånt ut til kyrkjelege føremål.

3.4.8 Clemens Eiendom AS og Clemens Kraft Holding AS

For å byggje opp stabile inntekter ved sidan av finansinntektene, som er usikre og svingar mykje, har fondet dei siste 10–15 åra sikta mot å utvikle eigedommane under fondet slik at dei kan auke i verdi og gi ei meir stabil avkasting. Til dette føremålet er det danna selskap under fondet. Dei viktigaste selskapa er Clemens Eiendom AS, som er eit dotterselskap og Clemens Kraft Holding AS, som er ei felles kontrollert verksemd.

Clemens Eiendom AS, som er eit holdingselskap som fondet har fullt eigarskap til, er eigar av fleire underliggjande selskap, mellom anna kontorbygg som Den norske kyrkja er leietakar i, til dømes Rådhusgata 1–3 (Kirkens Hus) i Oslo og dei tidlegare bispebustadene i Hamar, Fredrikstad og Tromsø som er leigde ut som kontor til bispedømma. Også Granavolden Gjæstgiveri AS på Hadeland er eit selskap som høyrer inn under Clemens Eiendom AS. I samarbeid med andre investorar driv Clemens Eiendom AS med utvikling av tomter for bustadbygging og næringsutvikling, mellom anna i Bodø, Harstad og Alta. Verdien av alle selskapa under Clemens Eiendom AS var rekna til 1 179 mill. kroner ved årsskiftet 2019/2020. Eigardelen til Clemens Eiendom AS var 1 020 mill. kroner. Den samla gjelda i konsernet var på 689 mill. kroner per 31. desember 2019.

Clemens Kraft Holding AS med underliggjande selskap, ofte selskap med berre eitt føremål (single-purpose) er blant dei største utbyggjarane av småkraft i Noreg. Bakgrunnen for satsinga på småkraftverk, er dei fallrettane fondet har i mange elvar. Fondet er eigar av 51 prosent av aksjane i Clemens Kraft Holding AS, etter at eit sveitsisk pensjonsfond gjekk inn som medeigar i 2017. Gjennomsnittet frå to eksterne verdivurderingar våren 2020 viser at Clemens Kraft Holding AS har ein samla verdi på om lag 3,1 mrd. kroner. Gjelda er på om lag 1,6 mrd. kroner.

Begge selskapa er under oppbygging og har akkumulerte underskot. Frå selskapa har det til no ikkje vore gitt noko vesentleg utbytte til Opplysningsvesenets fond.

3.4.9 Verdien av fondet

Den estimerte noverdien av alle eigedelane i fondet var ifølgje årsrapporten for fondet i 2019 rekna til om lag 7 mrd. kroner per 31. desember 2019. Noverdien er den verdien som kjem fram når ein reknar på dei inntektene som eigedelane vil gi i åra framover, etter frådrag for dei utgiftene og investeringane som går med til å skape inntektene. Det er i noverdien ikkje rekna med noko større sal av eigedelane.

Salsverdien av fondet er vanskeleg å rekne ut, sidan dei einskilde eigedommane i regelen ikkje er takserte, og mange av eigedommane, til dømes landbrukseigedommane, ikkje utan vidare kan komme for sal. Eit stort nedsal vil dessutan måtte gå over fleire år, og prisar og marknadstilhøva kan endre seg mykje over tid.

Etter oppdrag frå departementet har revisjons- og konsulentselskapet BDO gjort ei uavhengig verdivurdering av dei einskilde eigedelane i fondet. Rapporten frå BDO låg føre i august 2020. BDO har estimert at salsverdien av fondet per 1. januar 2020 er mellom 9,4 og 12,1 mrd. kroner, avhengig av kva for føresetnader ein legg til grunn.

3.5 Tilskotet frå fondet til Den norske kyrkja

I 2019 blei det frå fondet ført over 42 mill. kroner som finansielt tilskot til Den norske kyrkja. Låna frå fondet til kyrkjelege føremål hadde for kyrkja ein verdi i 2019 på 1,4 mill. kroner, som er effekten av at låntakarane har ei noko lågare rente enn vanleg marknadsrente. Verdien for Den norske kyrkja av at fondet held tenestebustader for prestar i Den norske kyrkja og framleis gir tilskot til nokre kommunar for kommunale prestebustader, er rekna til rundt 32 mill. kroner for 2019. Bidraget frå fondet til Den norske kyrkja i 2019 er dermed rekna til å vere på om lag 75 mill. kroner i alt.

3.6 Forvaltingsorganet for fondet

Fondet sine skogar blei i mange år forvalta separat av statens skogvesen, seinare Direktoratet for statens skogar og Statskog SF. Elles var det ikkje etablert nokon ytre forvaltingsorganisasjon, med unntak av lokale prestegardstilsyn. Frå 1821 og fram til 2001 var det departementet for kyrkjesaker som hadde ansvaret for den daglege forvaltinga av fondet og prestegardane. Frå 2001 blei det under Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet oppretta eit eige forvaltingsorgan for fondet. Av vedtektene som blei fastsette ved kgl.res. 13. desember 2000, går det mellom anna fram at det skal vere eit styre for forvaltingsorganet på fem medlemmar som departementet peikar ut. Eitt medlem blir valt etter forslag frå Kyrkjerådet og eitt etter forslag frå Den norske kirkes presteforening.

Etter endringane i oppgåvefordelinga mellom departementa våren 2019 høyrer Opplysningsvesenets fond i dag inn under Barne- og familiedepartementet.

Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond (FOvf i kortform), som i det store og heile er regulert på same måten som andre statlege forvaltningsorgan, har ansvaret for den daglege forvaltinga av fondet innanfor ramma av eit instruksverk som er fastsett av departementet: Hovedinstruksen for forvaltningen av Opplysningsvesenets fond. Styret har gitt utfyllande retningslinjer for forvaltinga, mellom anna om eigedoms- og finansforvaltinga. Det er styret som gjer vedtak om det årlege budsjettet for fondet og som godkjenner rekneskapen for fondet, medan departementet fastset den årlege budsjettramma for forvaltingsorganet.

Opplysningsvesenets fond er ein rein formuesmasse, utan eigen organisasjon eller eigne tilsette, medan forvaltingsorganet er ein del av statsforvaltinga. Dei som har arbeidet sitt i forvaltingsorganet, er tilsette i staten. Forvaltingsorganet har i 2020 om lag 60 tilsette og eit budsjett på rundt 80 mill. kroner. Utgiftene til forvaltingsorganet blir heilt ut finansierte av fondet, og sidan det er ei nettobudsjettert verksemd, blir det ikkje løyvd midlar til forvaltingsorganet over statsbudsjettet. Fondet er ikkje ein del av statsbudsjettet eller statsrekneskapen og er heller ikkje rekna med i staten sin kapitalrekneskap.

Rekneskapen til forvaltingsorganet og Opplysningsvesenets fond blir revidert av Riksrevisjonen.

Til forsida