Prop. 144 L (2020–2021)

Lov om Opplysningsvesenets fond

Til innhaldsliste

5 Overføring av eigedelar til Den norske kyrkja

5.1 Innleiing

I stortingsmeldinga om fondet gjekk departementet inn for at eigedommar i fondet som hadde ein særleg kyrkjeleg verdi, skulle overførast til Den norske kyrkja. I meldinga blei dette presisert til å vere eigedommar som hadde ein kyrkjeleg verdi ut frå bruken, ut frå deira historie eller ut frå kvar dei ligg. Ein eigedom eller bygning kan til dømes liggje så tett til ei mellomalderkyrkje at det er tale om eit verneverdig og kyrkjeleg kulturmiljø, slik det blei peika på i stortingsmeldinga punkt 8.1.

I meldinga blei det understreka at dei verdiane som blei overførte, ikkje skulle gi Den norske kyrkja nokon økonomisk vinst til fordel for den vanlege verksemda. I meldinga la elles departementet til grunn at rettssubjektet for Den norske kyrkja, etablert 1. januar 2017 og representert ved Kyrkjemøtet og Kyrkjerådet, skulle ha eigedomsretten til dei overførte eigedommane.

I Innst. 209 S (2019–2020) blei det ikkje reist spørsmål til desse vilkåra for overføring av eigedelar frå fondet til Den norske kyrkja. Av innstillinga går det fram at komiteen går ut frå at staten og Den norske kyrkja blir einige om kva som skal overførast til kyrkja, og at staten og Den norske kyrkja i arbeidet med slike spørsmål skal vere likestilte partar.

I stortingsmeldinga drøfta departementet kva for eigedommar som departementet meinte hadde ein slik kyrkjeleg verdi at dei kunne vere aktuelle å overføre til Den norske kyrkja. Departementet viste til at dette særleg vil gjelde mange av prestebustadene, men peika også på at nokre av forpaktingsbruka og nokre av bygningane eller gardstuna på jordleigebruka kan vere av verdi for kyrkja. Berre i få tilfelle meinte departementet at det kan vere aktuelt at festetomter blir overførte.

Kontorbygg og andre næringseigedommar som fondet eig, er organiserte som aksjeselskap. Den norske kyrkja er leigetakar i fleire av kontorbygga. I meldinga blei det streka under at spørsmålet om overføring av kontorbygg til Den norske kyrkja ikkje kan skje utan ei konkret vurdering av konsekvensane for dei aktuelle selskapa.

Fordi mange av bygningane under fondet, ikkje minst mange av prestebustadene, har eit stort behov for vedlikehald og istandsetjing, blei det i meldinga peika på at Den norske kyrkja måtte få tilført dei midlane som trengst for å setje i stand og drifte dei overførte eigedommane. Om desse midlane skulle komme frå fondet eller komme på annan måte, blei det ikkje konkludert med i meldinga.

I meldinga blei det vist til at skog- og utmarksareal under fondet ikkje har nokon særskild kyrkjeleg verdi, og at heller ikkje eigardelen i Clemens Kraft AS ville vere aktuell å overføre til Den norske kyrkja.

Meldinga tok til orde for at dei verdipapira som er rekna inn i den såkalla føremålsporteføljen, sjå punkt 3.4.7 ovanfor, burde bli overførte til Den norske kyrkja. Det meste av finanskapitalen ville dermed bli igjen i fondet.

I meldinga uttalte departementet at arbeidet med å identifisere og frådele dei aktuelle eigedommane burde gå føre seg i eit særskilt prosjekt. Dette frådelingsprosjektet blei etablert ved brev 4. juni 2020 frå departementet til forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond. Den norske kyrkja er representert i prosjektet. I det fyrste året av prosjektperioden skal prosjektet utarbeide ei oversikt over dei eigedommane som det er aktuelt å overføre til Den norske kyrkja. Oversikten skal vere ferdig omkring 1. juli 2021, men det er opna for at det kan gjerast justeringar seinare. Frådelingsprosjektet skal etter planen vere sluttført i 2025, sjølv om ikkje alle aktuelle eigedommar er overførte til Den norske kyrkja, sjå elles punkt 6.1 nedanfor.

5.2 Lovgrunnlaget for overføring av eigedelar til Den norske kyrkja – forslaget i høyringsnotatet

I den gjeldande lova om fondet § 5 heiter det at eigedommane og kapitalen til fondet ikkje kan givast bort eller brukast opp. Dette forbodet er til hinder for å overføre eigedommar til Den norske kyrkja utan at det blir betalt eit vederlag til fondet som svarer til marknadsverdien eller den høgaste lovlege prisen (konsesjonsprisen). Ei lovendring må derfor til for at ei deling av fondet mellom staten og Den norske kyrkja kan bli realisert. At Grl. § 116 ikkje er til hinder, er omtalt ovanfor i kapittel 4.

Om overføringa av eigedommar til Den norske kyrkja bør skje ein etter ein eller til dømes i puljar, har departementet ikkje teke stilling til. Praktiske og administrative omsyn vil spele ei rolle i slike vurderingar, forutan dei spørsmåla som heng saman med verksemdsoverdraging til Den norske kyrkja, sjå kapittel 8 økonomiske og administrative konsekvensar.

Den gjeldande lova om fondet § 4 Forvaltning har denne ordlyden:

«Fondet blir forvalta av Kongen, som mellom anna fastset korleis fondet skal organiserast og tek avgjerder om rettslege disposisjonar av fondets eigedelar.»

§ 4 i den gjeldande lova er ført vidare i høyringsnotatet § 3 utan endringar. Kongen vil etter dette mellom anna ha mynde til å gjere vedtak om overføring av eigedelar i fondet til Den norske kyrkja, avgrensa av dei vilkåra som er sette for slik overføring.

5.3 Høyringa

Fleire høyringsinstansar er opptekne av kva eigedommar som skal overførast og om det skal setjast vilkår ved overføringa. Prestegårdsforpakternes Landslag peikar på at det i dag er 20 prestegardar/forpaktingsbruk som er behaldt av Opplysningsvesenets fond og at forpaktarane har brukt mykje tid og ressursar på å modernisere gardane og halde dei ved like. Prestegårdsforpakternes Landslag peikar på fleire punkt dei meiner er viktige i arbeidet med overføring av eigedom til Den norske kyrkja, mellom anna desse:

«Forpakterne har i dag forkjøpsrett på gården de forpakter i sine avtaler, denne må ikke røres.
Forpaktningskontrakten må videreføres hvis Dnk skal ta over gårdene og gjeldende forpaktningslov må følges.
Forpaktningsbrukene må ikke overføres til Dnk hvis de har planer om å selge for å frigjøre kapital.»

Dei føreslår vidare at:

«Dnk tar over presteboligene der det er mulig med fradeling, mens Ovf beholder gårdene, mens der det ikke lar seg gjøre med fradeling blir det under Ovf som før.
Salg av eiendom hvis forpakter ønsker og det ligger til rette for det.»

Jørn Holme (privatperson) er oppteken av korleis dei verna prestegardane bør forvaltast i framtida, og peikar på at mange av desse er viktige kulturminne av nasjonal verdi. Skal Den norske kyrkja ta over eit større tal freda prestegardar, som ligg nære ei kyrkje, er det fleire høve som bør avklarast nærare og det bør setjast vilkår for overføringa. Jørn Holme tilrår mellom anna:

«Jeg vil derfor sterkt anbefale at Ovf inntil videre fortsatt har eier- og forvaltningsansvaret for de fredete prestegårdene, og at Dnk og Ovf på sikt utarbeider sammen forvaltningsplaner for de prestegårder som kan være aktuelle å overføre til Dnk i fremtiden.»

5.4 Departementet si vurdering

I spørsmålet om forpaktingsbruka er departementet mykje samd med Prestegårdsforpakternes Landslag og viser til stortingsmeldinga der det heiter:

«Forpaktningsbruk som det kan være aktuelt at Den norske kirke blir eier av, er heller ikke fradelt den prestegårdseiendommen som bruket tilhører. Forpaktningsavtalen er avgrenset til en del av eiendommen, oftest gårdsbygningene, jordveiene og i noen tilfeller noe av prestegårdsskogen. Skal Den norske kirke bli eier av arealet som omfattes av forpaktningsavtalen, kreves det fradeling av arealet fra den øvrige delen av prestegården. Prestegården kan omfatte betydelige skog- og utmarksarealer utover det arealet som er omfattet av forpaktningsavtalen. I hvert enkelt tilfelle bør det som nevnt avklares om arealet som omfattes av forpaktningsavtalen bør selges, i tilfelle med forkjøpsrett til forpakteren. I slike tilfeller må det også avklares om presteboligen bør eller kan utskilles. Siden deling av en landbrukseiendom krever tillatelse etter reglene i jordloven, er det ikke mulig på forhånd å vite om kommunen vil gi samtykke til deling slik at arealene kan overskjøtes til Den norske kirke eller selges. Ved vurderingen av om delingssamtykke vil bli gitt, kan det også i dette tilfellet ha betydning om eiendommen for øvrig skal beholdes av gjenværende Opplysningsvesenets fond eller selges.»

Det er elles ikkje aktuelt å overføre forpaktingsbruk eller andre eigedommar til Den norske kyrkja, dersom motivet for kyrkja til å overta eigedommen, er å selje han. Departementet viser elles til omtalen under punkt 5.6 nedanfor.

Jørn Holme (privatperson) tek opp spørsmålet om det bør setjast vilkår for overføringa av freda prestegardar og at det bør utarbeidast forvaltningsplanar for eigedommane. Departementet viser til at spørsmålet om staten burde stille vilkår som avgrensar kyrkja sin eigedomsrett over tilførte eigedommar frå fondet, blei drøfta i stortingsmeldinga om fondet. Departementet konkluderte med at staten ikkje burde stille særskilde vilkår – ut over den allmenne lovgivinga – som innskrenka kyrkja sin råderett over eigedommane, sjå elles punkt 5.6 nedanfor. I dette ligg det at vedtak til dømes gjort av antikvariske styresmakter vil gjelde for kyrkja som for andre eigarar. Fondet har i seinare år lagt meir vekt på å ta vare på og formidle prestegardshistoria. Om dette er eit ansvar som i framtida bør vere eit ansvar for Den norske kyrkja eller for staten (som eigar av resten av eigedommane), kan vurderast seinare, og i lys av kor mange og kva kulturhistorisk verdfulle eigedommar kyrkja blir eiger av. Om det i tilfelle kan være aktuelt med eit samarbeid mellom staten og kyrkja om forvaltingsplanar for ein del kulturhistorisk viktige eigedommar, bør også vurderast seinare.

Som det går fram av punkt 3.6 ovanfor, har Kongen i alle åra forvalta fondet. § 4 i den gjeldande lova er ført vidare i lovforslaget § 3 med nokre språklege endringar og i tillegg er regelen om vinst for fondet ved sal flytt frå § 5 i høyringsutkastet til denne paragrafen. I høyringsutkastet var heimelen til å overføre eidedelar frå fondet til Den norske kyrkja lagt til § 4. Den er i lovframlegget lagt til § 5. Kongen vil etter dette mellom anna ha mynde til å gjere vedtak om overføring av eigedelar i fondet til Den norske kyrkja, avgrensa av dei vilkåra som er sette for slik overføring. Vilkåra går fram i § 5 i lovforslaget, sjå elles punkt 5.7 nedanfor.

Lovforslaget får etter dette slik ordlyd:

§ 3 Forvalting av fondet
Fondet blir forvalta av Kongen, som mellom anna fastset korleis fondet skal organiserast og tek avgjerder om rettslege disposisjonar som gjeld eigedelane til fondet. Vinstar ved sal av eigedommar skal leggjast til kapitalfondet.

5.5 Retningslinjer for overføring av eigedommar til Den norske kyrkja

5.5.1 Eigedommane

Med bakgrunn i vilkåra som gjeld for overføring av eigedommar til Den norske kyrkja, har departementet i mandatet til det omtalte frådelingsprosjektet gitt retningslinjer for arbeidet med å finne fram til eigedommar som er aktuelle å overføre til Den norske kyrkja. Dei er i tråd med dei prinsippa og retningslinjene som departementet streka opp i stortingsmeldinga om fondet og som Stortinget slutta seg til.

Prestebustadene

Av dei nær 1 300 bygningane som fondet eig, er det prestebustadene som har den sterkaste tilknytinga til Den norske kyrkja. Fondet er i 2020 eigar av om lag 330 prestebustader. Det er ikkje aktuelt at alle desse blir overførte til Den norske kyrkja. Etter at buplikta for prestane blei avvikla i 2015, vil behovet for tenestebustader for prestane vere mindre enn før. Sidan 2015 er nær 100 bustader selde, og fleire vil bli selde i åra framover. Prestebustader som ikkje er aktuelle for sal, er bustader som på grunn av alder og brukshistorie representerer ein særleg kulturhistorisk eller kyrkjehistorisk verdi, eller er lokaliserte i område der tilbod om tenestebustad er viktig for å rekruttere prest dit, sjå punkt 3.4.5 ovanfor. Dersom dei bustadene som fondet har planar om å selje, i staden blei overførte til Den norske kyrkja, ville kyrkja vere fri til å bruke bustadene til det føremålet som kyrkja finn tenleg, eller også til å selje bustadene. Dette ville i tilfelle representere ein økonomisk fordel for kyrkja i strid med eit av vilkåra for å overføre eigedommar til kyrkja.

I stortingsmeldinga om fondet meinte departementet at talet på prestebustader som det kan vere aktuelt at kyrkja blir eigar av, vil vere mellom 100 og 200. Kor mange og kva for konkrete bustader som er aktuelle å overføre til Den norske kyrkja, skal det omtalte frådelingsprosjektet finne ut av. For prestebustader som høyrer til ein landbrukseigedom, må det liggje føre løyve til frådeling og konsesjon for at Den norske kyrkja kan bli eigar. Dersom ein prestebustad ikkje kan skiljast ut frå den landbrukseigedommen han høyrer til, vil han ikkje kunne bli overført til Den norske kyrkja.

Seks av dei bispebustadene som fondet eig, er frå nyare tid og utan kulturhistorisk verdi. Dei er kjøpte av fondet som tenestebustad til biskopen, fordi den biskopen som er vald til stillinga, ikkje har eigen bustad på tenestestaden. Ved val av ein annan biskop seinare, eller dersom biskopen kjøper eigen bustad på staden, vil grunnlaget for tenestebustad kunne falle bort. Bustaden vil då kunne bli seld eller nytta til eit anna føremål enn det som var meininga. Fordi behovet for tenestebustad for biskopar dermed kan variere frå den eine biskopen til den andre, uttalte departementet i meldinga om fondet at desse bispebustadene ikkje burde overførast til Den norske kyrkja, sidan kyrkja i så fall kan få ein urettmessig økonomisk vinst. Før departementet konkluderer i dette spørsmålet, bør kyrkja få høve til å seie si meining. Spørsmålet om å overføre ein eller fleire av dei nemnde seks bispebustadene til Den norske kyrkja, vil derfor bli drøfta i det omtalte frådelingsprosjektet.

Forpaktings- og jordleigebruka, skog- og utmarksareala

Forpaktingsbruka er som sagt ikkje skilde frå den prestegardseigedommen som bruket høyrer til, sjå punkt 3.4.3 ovanfor. For kvart bruk må det gjerast ei konkret vurdering av spørsmålet om Den norske kyrkja bør bli eigar av bruket. Det avgjerande er om det ligg føre slike kyrkjelege omsyn at kyrkja bør bli eigar. Dersom til dømes gardsbruket og kyrkjebygget på staden står fram som eitt kulturmiljø og bør haldast saman med Den norske kyrkja som eigar, kan dette vere ein grunn til at bruket bør overførast til kyrkja. Det vil likevel vere eit vilkår, som ved frådeling av ein prestebustad, at det blir gitt samtykke til frådeling. Om det ikkje ligg føre samtykke til frådeling, vil bruket ikkje kunne overførast til Den norske kyrkja. I vurderinga av slike saker kan det også spele ei rolle om den attverande eigedommen framleis skal høyre til fondet, eller om han skal seljast. Dette er spørsmål som må vurderast i kvart tilfelle. Om det ikkje er aktuelt for kyrkja å bli eigar av bruket, skal det også vurderast om forpaktaren skal få høve til å kjøpe bruket.

På jordleigebruka vil det i fyrste rekkje vere einskilde bygningar (til dømes ein prestebustad), eventuelt gardstunet, som kan vere aktuelle for kyrkja å bli eigar av. Også i desse tilfella er det eit vilkår at det blir gitt samtykke til frådeling av bygningar eller gardstun for at Den norske kyrkja kan bli eigar. Dessutan kan det også i desse tilfella spele ei rolle om eigedommen elles skal høyre til fondet eller seljast.

Skogane og utmarksarealet (fjellområde m.m.) til fondet har ikkje nokon kyrkjehistorisk eller særskild bruksverdi for Den norske kyrkja, men det kan vere bygningar der med ei kyrkjeleg tilknyting. Å finne fram til slike bygningar er ein del av oppgåva til frådelingsprosjektet.

Festetomter

For festekontraktane under fondet er det tenleg å skilje mellom a) festetomter til bustad- og fritidshus, b) kommunale tomtefeltkontraktar til bustadhus og c) festetomter til næringsverksemd, offentlege føremål m.m. Dei to fyrste kategoriane representerer ikkje nokon særskild verdi for kyrkja og er derfor ikkje aktuelle å overføre til Den norske kyrkja. For dei andre festetomtene (kategori c) kan det i nokre tilfelle vere tomter som ut frå bruken eller lokaliseringa kan ha ein særleg kyrkjeleg verdi. Det nemnde frådelingsprosjektet skal identifisere tomter som ut frå slike omsyn kan vere aktuelle å overføre til Den norske kyrkja.

Festetomter som er i bruk som gravplass, eller som kan vere aktuelle å regulere som framtidig gravplassareal, er det i utgangspunktet naturleg at Den norske kyrkja får overført, og i så fall til vedkommande sokn i Den norske kyrkja. Slike saker må likevel bli vurderte i kvart einskilt tilfelle, ikkje minst fordi kommunen, som har det økonomiske ansvaret for gravplassen, kan ha ei interesse i saka.

Andre tomter som kan representere ein særskild verdi for Den norske kyrkja, til dømes tomter som høyrer til dotterselskap under fondet, skal også vurderast for overføring til Den norske kyrkja. Vilkåret for at ei tomt skal vere av verdi for kyrkja, skal setjast strengt. At Den norske kyrkja treng tomter til dømes for å byggje soknehus eller liknande, eller at tomta ein gong i framtida kan komme eit kyrkjeleg føremål til gode, vil ikkje vere nok. Tomter som universiteta i Oslo, Trondheim og Tromsø fester av fondet, er ikkje aktuelle å overføre til Den norske kyrkja.

Kontorbygg m.m.

Kontoreigedommane som høyrer til fondet, er i fleire tilfelle leigde ut til Den norske kyrkja, sjå omtalen av Clemens Eiendom AS under punkt 3.4.8 ovanfor. Om slike kontoreigedommar skal overførast til Den norske kyrkja, vil bli vurdert for den einskilde eigedommen, mellom anna i lys av konsekvensane for eigarselskapet. Også spørsmålet om kva for økonomisk vinst som Den norske kyrkja i tilfelle får ved å få overført kontoreigedommar, vil vere viktig for vurderinga.

Granavolden Gjæstgiveri AS er fullt ut eigd av fondet. Granavolden blir drifta av fondet som regulær hotellverksemd. Dette taler for ikkje å overføre Granavolden til Den norske kyrkja. Det er likevel naturleg at også den framtidige eigarskapen til Granavolden Gjæstgiveri blir drøfta i frådelingsprosjektet, sidan hotellet ligg langs pilegrimsleia frå Oslo til Trondheim, er lokalisert rett ved søsterkyrkjene på Gran i Hadeland og gjennom åra har blitt nytta som samlingsstad for Den norske kyrkja og organisasjonar med tilknyting til kyrkja.

Nidarosdomens besøkssenter og verkstaden for Nidaros domkyrkjes restaureringsarbeid, som er eigedommar eigd av fondet, er ikkje aktuelle å overføre til Den norske kyrkja. Dette blei også presisert i stortingsmeldinga om fondet.

Oslo bispegard i Gamlebyen i Oslo er eigd av staten, men departementet meiner at det i samband med overføringa av eigedommar frå Opplysningsvesenets fond til Den norske kyrkja, er naturleg å vurdere om Oslo bispegard bør overførast til Den norske kyrkja. Dette spørsmålet vil departementet vurdere særskild og det er ikkje ei oppgåve for frådelingsprosjektet.

5.5.2 Kapital- og driftstilskot til Den norske kyrkja

Fleire av dei eigedommane som det vil vere aktuelt å overføre til Den norske kyrkja, har eit etterslep i vedlikehaldet, og fleirtalet av eigedommane vil ikkje ha inntekter (husleige m.m.) som er store nok til å dekkje dei årlege driftsutgiftene. Ikkje minst vil dette gjelde mange av prestebustadene.

Frådelingsprosjektet skal gjere greie for om Den norske kyrkja treng tilskot for å setje eigedommane i stand, for at det samla driftsresultatet for dei overførte eigedommane skal gå i balanse og for storleiken på eit eventuelt tilskot. Departementet konkluderte ikkje i høyringsnotatet om eit slikt tilskot bør komme som eit kapitaltilskot ein gong for alle eller fordelt over tid, eller om kapitaltilskotet i tilfelle bør komme i kombinasjon med eit årleg driftstilskot. Det blei lagt til grunn at eit eventuelt tilskot til Den norske kyrkja som følgje av delinga av fondet mellom staten og kyrkja, i alle høve må komme til frådrag i den verdien som blir fastsett for det attverande statlege fondet (referansen for staten sin innsats til beste for kyrkjebygga). Eit driftstilskot meinte departementet det var naturleg å sjå som ei budsjettsak som ein i tilfelle må komme tilbake til i samband med dei årlege statsbudsjetta. Om eit avgrensa kapitaltilskot bør finansierast av fondet eller over statsbudsjettet, tok ikkje departementet stilling til i høyringsnotatet, sjå mellom anna merknaden til § 7 i kapittel 9 nedanfor.

Verdipapira som fondet eig, hadde per 1. januar 2020 ein marknadsverdi på 2,8 mrd. kroner, sjå omtalen under punkt 3.4.7 ovanfor. I stortingsmeldinga meinte departementet at det i tilfelle berre er ein liten del som er aktuell å overføre til Den norske kyrkja. Dette gjeld den såkalla føremålsporteføljen, der investeringa har bakgrunn i omsyn av ideell karakter ved sidan av avkastningsomsyn. Verdien av føremålsporteføljen skulle i tilfelle reknast med som ein del av kapitaltilskotet til Den norske kyrkja som er omtalt ovanfor. Departementet uttalte det same i høyringsnotatet.

5.6 Disponeringa av overførte eigedelar

I høyringsnotatet peika departementet på at grunnlaget for å overføre eigedommar frå fondet til Den norske kyrkja er at eigedommane i dag har ein bruksverdi for kyrkja, eller at dei på annan måte har ein særleg kyrkjeleg verdi. Det er den særeigne eigenskapen ved desse eigedommane som er grunnen til at dei i framtida bør høyre til Den norske kyrkja. I regelen vil det derfor ikkje vere aktuelt for kyrkja å skilje seg av med dei.

Over tid kan det likevel kunne komme situasjonar der Den norske kyrkja kjem fram til at ein tilført eigedom eller bygning ikkje lenger tener føremålet sitt eller av andre grunner er aktuell å avhende. Til dømes vil endringar i busetjingsmønster og korleis kyrkja organiserer prestetenesta i åra framover, kunne verke inn på behovet for og lokaliseringa av tenestebustader for prestane.

Departementet meinte i høyringsnotatet at Den norske kyrkja bør ha retten til å disponere dei overførte eigedommane slik kyrkja ser det som mest tenleg. Dersom kyrkja etter ei tid ser grunn til å selje eller disponere ein eigedom på ein annan måte enn den som låg til grunn då eigedommen blei overført, bør det etter departementet sitt syn ikkje vere restriksjonar på slik disponering. Et forbod mot sal, eller eit krav om at fondet (staten) til dømes skal ha rett til å få bygningen eller eigedommen tilbakeført dersom kyrkja ser grunn til å skilje seg av med han, vil vere eit hinder for at kyrkja kan få til ei rasjonell eigedomsforvalting. Dessutan kan ingen i dag vite om dei overførte eigedommane på sikt vil kunne gi kyrkja økonomiske tap, slik at sal av ein eller fleire eigedommar tvingar seg fram. Dette var etter departementet sitt syn ein risiko kyrkja må bere.

Departementet viste elles til at spørsmålet om staten burde stille vilkår som avgrensar kyrkja sin eigedomsrett over tilførte eigedommar frå fondet, blei drøfta i stortingsmeldinga om fondet. Departementet konkluderte der med at staten ikkje burde stille særskilde vilkår – ut over den allmenne lovgivinga – som innskrenka kyrkja sin råderett over eigedommane.

5.7 Forslaget i høyringsnotatet

Departementet drøfta i høyringsnotatet behovet for ein lovheimel for å overføre eigedelar til Den norske kyrkja utan vederlag (sjå punkt 5.2). Departementet føreslo at § 4 Overføring av eigedelar til Den norske kyrkja skulle lyde slik:

«Eigedommar og andre eigedelar i fondet som har ein særskild verdi for Den norske kyrkja, kan overførast til Den norske kyrkja utan vederlag. Eigedelane skal ikkje gi Den norske kyrkja nokon økonomisk vinst til fordel for si allmenne verksemd.
Dersom overføringa av ein eigedom til Den norske kyrkja krev samtykke etter jordlova § 12, kan eigedommen berre overførast om det ligg føre eit slikt samtykke. Gjeld overføringa eigedom som etter konsesjonsloven § 2 krev konsesjon, kan eigedommen berre overførast når konsesjon er gitt.»

5.8 Høyringa

Retningslinjer for overføring av eigedommar til Den norske kyrkja

Fleire av høyringsinstansane har peika på at det er ei ulempe at overføring av eigedom med særleg verdi for Den norske kyrkja berre skal skje til rettssubjektet Den norske kyrkja. Spørsmålet gjeld særleg for gravplassar og kyrkjegrunn. Slik grunn er det ofte soknet som eig. Det blir derfor reist spørsmål ved om det kan gå fram av lova at dette kan overførast direkte til dei einskilde sokna.

Kyrkjerådet, Styret i FOvf og KA er mellom dei som peikar på at dette er noko uklart. Styret i FOvf uttaler:

«I Stortingsmeldingen er det ikke presisert at eiendommene skal overføres til rettssubjektet Den norske kirke, mens dette er gjort i høringsutkastet. Styret vil i den sammenheng bemerke at fondet eier gravplasser som enten er festet bort til de lokale kirkelige fellesrådene, eller at lokalkirken som en «tålt bruk» benytter arealer på prestegården til ulike kirkelige servicefunksjoner, blant annet til gravplasser. Skal man følge formålet i gravplassloven § 1 bør slike arealer kunne overføres til det lokale sognet og ikke til rettssubjektet Den norske kirke.»

Kyrkjerådet og KA deler dette synet. Kyrkjerådet uttaler:

«I lovforslaget står det at eiendommer som skal skilles ut fra OVF skal overføres til rettssubjektet Den norske kirke. Det er på det rene at OVF også eier grunn som det står kirke på, og grunn som er gravplassarealer. Dette blir også gjennomgått i fradelingsprosjektet med tanke på overføring til kirken. Kirken forutsetter at det ikke er noe til hinder for at disse eiendommene blir overført direkte til soknet når arbeidet med å identifisere og vurdere disse eiendommene er klare. Blant annet transaksjonskostnader ved eiendomsoverdragelser tilsier at dette er en hensiktsmessig løsning for alle parter.»

Akademikersamarbeidet og NTL i FOvf drøftar også dette spørsmålet, men legg vekt på at ei overføring til sokna kan gi nokre kommunar økonomiske fordelar. Akademikersamarbeidet og NTL i FOvf uttaler:

«Det er kommunen som finansierer kjøp eller leie av gravplasser, mens det er Kirkelig fellesråd som eier og forvalter gravplassene. En overføring av fondseide gravplasser til de fellesrådene vil gi kommunene en reduksjon i sine kostnader, mens andre kommuner, ikke får tilført tilsvarende verdier fra Opplysningsvesenets fond. Det bør i tilfelle være et klart politisk ønske om å overføre verdier til noen kommuner og ikke andre på denne tilfeldige måten, i stedet for å bevare verdier i fondet og bruke inntektene i kommuner der det gjøres et godt arbeide med å ta vare på kirkebygg. Med dagens regelverk kan det også stilles spørsmål om dette vil være i overensstemmelse med Grunnloven § 116 når den økonomiske virkningen av overføringen tilfaller tilfeldige kommuner i stedet for Den norske kirke.»

Når det gjeld spørsmålet om kor stor del av ein eigedom som bør overførast til Den norske kyrkja, det vil sei om det berre er til dømes prestebustaden som skal overførast, eller også andre bygningar på eigedommen, meiner departementet at ein må ta stilling til i kvart einskilt tilfelle. Dette må vurderast ut frå til dømes om bygningane og kyrkjebygget på staden står fram som eitt kulturmiljø og bør haldast saman med Den norske kyrkja som eigar. Om dette er det litt ulike syn blant høyringsinstansane.

Riksantikvaren viser til Meld. St. 16 (2019–2020) om nye mål for kulturmiljøpolitikken der det blir signalisert eit ønske om merksemd retta mot større heilskapar framfor einskilde kulturminne. Med denne som bakgrunn seier Riksantikvaren:

«Ut fra en slik tilnærming vil det være gunstig å få et samlet eierskap til helhetlige kulturmiljøer slik at for eksempel en kulturhistorisk verdifull kirke og prestegård kan sees i sammenheng og forvaltes som en helhet.»

Riksantikvaren understrekar at forvalting av freda eller kulturhistorisk viktige kyrkjegardar krev kulturminnefagleg involvering enten dei er eigd av staten eller Den norske kyrkja.

Når det gjeld kriteria for deling av eigedommane mellom staten og kyrkja meiner Human-Etisk Forbund at departementet har utvida desse i omtalen av spørsmålet i høyringsnotatet og viser til høyringsnotatet der det står:

«I meldinga blei dette presisert til å vere eigedommar som hadde ein kyrkjeleg verdi ut frå bruken eller historia deira eller fordi dei til dømes ligg så tett til ei mellomalderkyrkje at det er tale om eit verneverdig og kyrkjeleg kulturmiljø.»

Human-Etisk Forbund meiner dette ikkje er i samsvar med det som stod i meldinga og hevdar at:

«Nærhet til en middelalderkirke er ikke, i motsetning til det som hevdes her, et kriterium som nevnes noe sted i stortingsmeldingen om OVF som ble behandlet i Stortinget den 14.4.2020. Vi ber departementet tydeliggjøre om de mener dette skal være et tilleggskriterium i fordelingen av eiendommer mellom staten og Den norske kirke, eller om dette beror på en misforståelse.»

Riksantikvaren peikar i si fråsegn på at mange av dei nedlagde og automatisk freda kyrkjegardane som er på Ovf sin grunn ikkje er omtalte i høyringsnotatet. Riksantikvaren seier vidare:

«Automatisk fredete førreformatoriske kirkegårder (eldre enn 1537) og samiske kirkegårder eldre enn 1917 utgjør en svært viktig kilde til kulturhistorisk kunnskap. Det samme gjelder andre arkeologiske kulturminner som ligger på OVFs grunn, for eksempel synlige gravhauger og rester etter tidlig bosetning fra førreformatorisk tid. Slike kulturminner innehar et stort potensial mht. kunnskaps- og opplevelsesverdi, og spiller en viktig rolle i forståelsen av kirkestedets etablering og utvikling.»

Kapital- og driftstilskot til Den norske kyrkja

Fleire av dei eigedommane som det vil vere aktuelt å overføre til Den norske kyrkja, har eit etterslep i vedlikehaldet. Nokre av høyringsinstansane uttalte seg om korleis ein kan kompensere for det manglande vedlikehaldet og for ulemper som følgje av at det mange stader ikkje er mogeleg å ta kostnadsdekkjande husleige. Kyrkjerådet uttaler dette om spørsmålet:

«Bør tilskudd til Dnk for å få eiendommer fra OVF opp til akseptabelt vedlikeholdsnivå, skje ved et kapitaltilskudd eller ved årlige overføringer via statsbudsjettet eller som en kombinasjon?
Det er tidligere, og referert i lovforslaget, estimert en kostnad på kr 500 mill for å sette i stand fondets 500 kulturhistoriske eiendommer til et akseptabelt nivå. Fradelingsprosjektet vil vurdere hvor stor del av denne eiendomsmassen som skal overføres til kirken, på de vilkårene som er nevnt ovenfor. Det er igangsatt et takseringsprosjekt for å få så stor klarhet som mulig om størrelsen på disse beløpene for den enkelte eiendom kirken skal overta.
Kirkerådets foreløpige vurdering av kirkens organisering av eiendomsforvaltningen er å opprette et heleid selskap for denne virksomheten. Selskapet vil få sperre mot utbytte til eierne. Det vil være en sikkerhet for at verdiene som overføres fra OVF ikke gir kirken en økonomisk gevinst til fordel for den vanlige virksomheten i kirken. Det vil bli søkt om skattefritak for hele eller deler av selskapet. Dette selskapet vil på inntektssiden ha leieinntekter, og i tillegg tilskuddsinntekter dersom kostnadene ved driften av eiendommene vurderes som større enn inntektspotensialet. I en slik situasjon vurderer Kirkerådet det som den beste løsningen at istandsetting og oppgradering blir finansiert gjennom ett eller flere kapitaltilskudd. Dermed kan selskapet friere vurdere arbeidsmengde, fremdrift og oppgraderingstakt ut fra totale behov og kapasitet i selskapet de ulike år. Den kompetansen som bygges opp gjennom et slikt selskap ønsker Kirkerådet å bruke på flere områder, bl.a. inn mot et kirkebevaringsprogram.
Bør eventuelle tilskudd til Dnk for å dekke differansen mellom kostnadsnivået på eiendommene som skal overtas, og sannsynlige leieinntekter på eiendommmene, dekkes over statsbudsjettet eller fra overskudd i OVF?
Størrelsen på et slikt eventuelt tilskudd blir avgjort når kostnadene til drift og vedlikehold for samtlige overførte eiendommer, fratrukket potensielle leieinntekter, blir klart. Dersom kirken tilføres eiendommer med positiv kontantstrøm vil behovet for et slikt tilskudd reduseres. Men det er viktig å understreke at den eiendomsmassen som skal overføres har vesentlig større driftskostnader enn inntektspotensialet ved utleie. Dersom kirken skal makte å ivareta ansvaret for å ta vare på, utvikle, forvalte og formidle denne kulturarven, er det helt vesentlig at det er tilstrekkelige inntektsstrømmer til at selskapet klarer å drifte og forvalte eiendomsmassen. For de antikvariske verdiene i eiendomsmassen som blir overført til kirken, er det viktig at staten har et medansvar for at verdiene blir bevart. Det vil trossamfunnet ikke klare alene.»

I spørsmålet om finansieringskjelde for vedlikehaldet uttaler Kyrkjerådet:

«Det viktigste er god, sikker og forutsigbar finansiering av aktiviteten. Kirken lever godt med både statsbudsjettet og OVF som finansieringskilde til disse formålene. Dersom OVF blir valgt som finansieringskilde vil det være viktig for kirken at formuesmassen i fondet holdes samlet for å sikre de årlige tilskuddene, supplert med en garanti på tilskuddsnivået.»

KA har mykje det same synet, og:

«[…]forutsetter at fradelingen også må sikre kirken som eier en finansieringsordning til istandsetting og fremtidig vedlikehold. Dette må enten skje i form av et engangstilskudd som sikres i § 4, eller som et fast årlig driftstilskudd sikret ved avtalen[…]»

Avtalen KA viser til er forslaget om ein rettsleg bindande avtale mellom Den norske kyrkja og staten, sjå punkt 7.5.

Nidaros bispedøme er tilfreds med at departementet legg vekt på å finne tilskotsordningar som retter seg mot mellom anna vedlikehald og istandsetting av kulturhistorisk viktige kyrkjer.

Disponeringa av overførte eigedelar

Når det gjeld premissen om at overføringar til Den norske kyrkja ikkje skal gi nokon økonomisk vinst for kyrkja si allmenne verksemd, peikar Presteforeininga på at eigedomsmassen som er aktuell for overføring til Den norske kyrkja har eit stort vedlikehaldsetterslep. Dei understrekar at det er avgjerande at det følgjer med eit tilskot som er tilstrekkeleg til å halde fram vedlikehaldet. Presteforeininga meiner vidare at:

«[…] en overtakelse av eiendommer med særlig kirkelig verdi ikke skal bli en fattigdomsfelle for kirken. Det må være mulig for Den norske kirke å selge eiendom som den ikke lenger har bruk for eller er i stand til å vedlikeholde. Slike prosesser må sikres godt, men det er naturlig at Den norske kirke selv utarbeider regler for forvaltning av eiendom. Vi ønsker derfor ikke å ta til orde for begrensninger i Den norske kirkes råderett over eiendommene i framtiden.»

Kyrkjerådet viser til at dei tidlegare har slutta seg til prinsippet om at kyrkja ikkje skal ha nokon vinst til fordel for den allmenne verksemda. I denne samanhengen gjer dei greie for korleis dei planlegg å trygge dette omsynet i forvaltinga av eigedommane:

«Kirkerådets foreløpige vurdering av kirkens organisering av eiendomsforvaltningen er å opprette et heleid selskap for denne virksomheten. Selskapet vil få sperre mot utbytte til eierne. Det vil være en sikkerhet for at verdiene som overføres fra OVF ikke gir kirken en økonomisk gevinst til fordel for den vanlige virksomheten i kirken.»

Human-Etisk forbund støttar også forslaget om at eigedommane som blir overførte til Den norske kyrkja ikkje skal gi nokon økonomisk vinst for kyrkja si allmenne verksemd. I forlenginga av dette peikar Human-Etisk Forbund på at:

«Hvis denne paragrafen overholdes, løser det problemet en slik gevinst ville ha skapt, nemlig det legitime kravet om kompensasjon til andre tros- og livsssynssamfunn etter likebehandlingsprinsippet i Grunnlovens § 16.
Departementet undergraver imidlertid sitt eget lovforslag, når det på side 32 slås fast at kirken skal få lov til å selge eiendommene eller eiendelene de får overført. Et slikt salg vil jo nettopp åpne for at kirken får en gevinst av overføringene, i strid med den foreslåtte paragrafen.
Human-Etisk Forbund er enig i at Den norske kirke kan få overført midler til vedlikehold av de fysiske eiendommene de får overført, slik at de ikke risikerer å påføres et evt. økonomisk tap ved å overta eiendommene. Men heller ikke her er faren for for at kirken kan ta ut økonomisk gevinst i strid med § 4 sikret. Hvis kirken for eksempel får overført vedlikeholdsmidler fra staten, men så bruker disse til andre formål og selger eiendommen, så vil disse vedlikeholdsmidler gi dem en ytterligere økonomisk gevinst, i tillegg til selve salgsgevinsten.
For å sikre at den foreslåtte lovbestemmelsen i § 4 ikke blir brutt, foreslår vi to nye bestemmelser i samme paragraf som sier at kirken skal tilbakeføre eiendommene til Opplysningsvesenets fond hvis kirken ikke ønsker å eie dem lenger, samt en bestemmelse som sier at kirken skal føre et verdibevarende vedlikehold.»

Human-Etisk Forbund peikar på at dersom ikkje forbodet mot økonomisk vinst i § 4 blir etterlevd, må verdiar tilsvarande alle eigedomsoverføringar til kyrkja frå Opplysningsvesenets fond bli lagt inn i berekningsgrunnlaget for støtte til andre trus- og livssynssamfunn.

5.9 Departementet si vurdering

Retningslinjer for overføring av eigedommar til Den norske kyrkja

Departementet har gjort greie for kva overordna retningslinjer som ligg til grunn for overføring av eigedommar til Den norske kyrkja i punkt 5.5.

Kyrkjerådet, Styret i FOvf og KA peikar alle på at det står i høyringsnotatet at eigedommane kan overførast til Den norske kyrkja (som rettssubjekt) og peikar på at dette legg hindringar i vegen for at gravplassar og kyrkjegrunn kan overførast direkte til soknet som eigar.

I gravplasslova § 1 fjerde ledd heiter det at:

«Gravplassene er soknets eiendom, med mindre annet følger av særskilt rettsgrunnlag. Soknene i en kommune kan i fellesskap eie gravplasser.»

Departementet meiner at festetomter som er i bruk som gravplass, eller som kan vere aktuelle å regulere som framtidig gravplassareal, bør kunne overførast direkte til vedkommande sokn i Den norske kyrkja. Når det gjeld sokna sin eigedomrett til kyrkjegrunn går det fram av § 15 fyrste punktum i trussamfunnslova, sjå også Prop. 130 L (2018-2019) lov om tros- og livssynssamfunn.

Departementet er samd i at det i høyringsutkastet til ny lov om fondet var uklart om denne typen areal kunne overførast direkte til Den norske kyrkja ved vedkommande sokn, og at lova bør klargjere dette. Dei vilkåra som er sette for overføring til Den norske kyrkja, vil gjelde for overføring til sokna også.

Akademikersamarbeidet og NTL i FOvf meinte at ei overføring av gravplassareal til eit sokn kan gi kommunar økonomiske fordelar. Departementet viser til at ein gravplass er bunden til sitt føremål og i mange år framover. Det gir dermed ikkje meining å rekne med nokon «marknadsverdi» for denne typen areal. Fondet har likevel festeinntekter frå ein del gravplassar som fondet eig, og ein overføring av eigedomsretten til soknet vil innebere ein økonomisk fordel for soknet, men også for kommunen om kommunen betaler avgifta for soknet. I slike tilfelle – og i tilfelle der det er tale om nye gravplassareal på tomt som fondet eig – bør ei eventuell overføring av eigedomsretten til det aktuelle arealet vurderast i det einskilde tilfellet.

Departementet meiner elles at overføring av kyrkjegrunn eller gravplassareal direkte frå fondet til soknet, som elles er eigar av kyrkjegrunn og gravplassar, er det mest tenlege, i staden for at desse areala blir overført til Den norske kyrkja for vidare overføring til sokna. Direkte overføring til sokna vil mellom anna spare transaksjonskostnader og arbeid. Departementet vil derfor føreslå ei presisering av dette i § 5 som opnar for at gravplassar og kyrkegrunn kan overførast direkte til soknet som eigar. Elles er det rettssubjektet Den norske kyrkja som er mottakar.

Fleire høyringsinstansar kjem inn på spørsmålet om kva som skal reknast som særleg kulturhistorisk eller kyrkjehistorisk verdi, og kva som bør følgje med i overføringa for å ta vare på kulturmiljøet. Sjå nærare omtale i punkt 5.3.1.

Departementet er samd med Riksantikvaren om at heilskapen i kulturmiljøet bør spegle kven som eig eigedommen og meiner at dersom til dømes bygningar på ein prestegard og kyrkjebygget på staden står fram som eitt kulturmiljø, kan det overførast til kyrkja. Det vil likevel vere eit vilkår, som ved frådeling av ein prestebustad, at det blir gitt samtykke til frådeling.

Human-Etisk Forbund på si side meiner at departementet har utvida kriteria for kva som kan overførast frå meldinga til høyringsnotatet. Dei meiner nærleik til ei mellomalderkyrke ikkje er eit kriterium som blei omtalt i stortingsmeldinga, men som blir det i høyringsnotatet.

I meldinga er nærleik til kyrkje nytta som døme, ikkje kriterium, for kva det skal leggjast vekt på i vurderinga av omgrepet kulturhistorisk verdi og -miljø. Det heiter også i meldinga at:

«Flere av gårdsbrukene, med tilhørende prestebolig, har en umiddelbar nærhet til kirkebygget på stedet, som ofte er en middelalderkirke.»

Vidare heiter det i meldinga:

«I disse tilfellene framstår prestegården og kirkebygget som en visuell og fysisk enhet i et kulturlandskap med opprinnelse langt tilbake i tid.»

Spørsmålet om kva som er eit kulturhistorisk miljø har ikkje eitt svar. Eigedommane og historia er ulik frå stad til stad. Departementet legg derfor vekt på at det må nyttast skjønn i arbeidet med å dele desse eigedommane mellom staten og kyrkja. Dette er i samsvar med at Stortinget sitt vedtak om at staten og kyrkja skal vere likeverdige partar i delingsarbeidet.

Riksantikvaren peikar i fråsegna si på at mange av dei nedlagde og automatisk freda kyrkjegardane som er på Ovf sin grunn, ikkje er omtalte i høyringsnotatet. Departementet meiner desse eigedommane må bli vurderte innanfor kriteria og det skjønnet som er lagt til grunn for delinga.

Kapital- og driftstilskot til Den norske kyrkja

Mange av eigedommane som skal overførast til Den norske kyrkja har eit vedlikehaldsetterslep. I stortingsmeldinga punkt 8.5 heiter det mellom anna at:

«Utgangspunktet er videre at Den norske kirke vil få tilført de midlene som trengs for å drifte og sette i stand de eiendommene kirken blir eier av. I denne innretningen av fordelingen av verdiene mellom staten og kirken ligger det en forutsetning om at tilførselen av eiendommer og andre midler ikke skal representere noen styrking av kirkens økonomiske stilling. Med dette menes at Den norske kirke ikke er tiltenkt noen økonomisk gevinst til fordel for sin alminnelige virksomhet som kirke. Kirkens tilførsel av eiendommer og midler for å drifte og vedlikeholde eiendommene, skal slik sett være økonomisk nøytral for kirken.»

Fleire høyringsinstansar har uttalt seg om kva omsyn ein bør ta ved overføring av eigedommar til Den norske kyrkja, og dei la mellom anna vekt på at berekninga av etterslepet må vere rettvis, og at løyvingane til vedlikehaldet og istandsetjinga må vere føreseieleg. Høyringsinstansane er mindre opptekne av korleis dette blir løyst budsjetteknisk. KA uttaler at kostnadene til framtidig vedlikehald må reknast ut i forkant og gi grunnlag for eit kapitaltilskot til langsiktig og føreseieleg forvalting av eigedommane. Vidare meiner KA at dette enten må vere med eit eingongstilskot som er sikra i § 4, eller som eit årleg driftstilskot sikra ved ein juridisk bindande avtale mellom kyrkja og staten.

Departementet held fast ved det som står i høyringsnotatet om at driftstilskotet ikkje skal givast frå Opplysningsvesenets fond, men som overføringar frå statsbudsjettet, som ein del av rammetilskotet til Den norske kyrkja. Departementet meiner det er lite tenleg å fastsette i lova korleis kapitaltilskotet skal innrettast. Dette må ein vurdere når det er bestemt kva for eigedommar som skal over til kyrkja og kva kapitalbehovet vil vere. Departementet viser til at sjølv om ein ikkje lovfestar eit eingongstilskot, er det ein føresetnad at Den norske kyrkja skal tilførast kapital som gjer ho i stand til å forvalte og setje i stand eigedommane på ein forsvarleg måte. Når det gjeld KA sitt syn på at kapitaltilskot til vedlikehald alternativt kan sikrast ved ein juridisk avtale, vises til omtale under punkt 7.6.

Etter dette har departementet komme til at eit driftstilskot er naturleg å sjå som ei budsjettsak og vil komme tilbake til dette i samband med dei årlege statsbudsjetta. Når det gjeld spørsmålet om eit avgrensa kapitaltilskot bør finansierast av fondet eller over statsbudsjettet, tek ikkje departementet stilling til dette no, men opnar i lova for at utgifter Den norske kyrkja får i samband med overtakinga av eigedelar i fondet, kan bli dekte av fondet. Dette kan mellom anna vere avgifter, som dokumentavgift til staten, utgifter til å setje i stand overførte eigedommar, og eingongsutgifter til å byggje opp kapasitet og kompetanse for å forvalte dei overførte eigedommane. Alle tilskot eller fordelar som Den norske kyrkja får av dette skal komme til frådrag i verdien av det statlege fondet per 1. januar 2023.

Disponeringa av overførte eigedelar

Departementet viser til at grunnlaget for å overføre eigedommar frå fondet til Den norske kyrkja er at eigedommane i dag har ein bruksverdi for kyrkja, eller at dei på annan måte har ein særleg kyrkjeleg verdi. Det er også lagt til grunn at kyrkja overtek eigedommane utan restriksjonar på disponeringa.

Det er ulike syn hos høyringsinstansane på kva vilkår som skal følgje med overføringa. På den eine sida er Presteforeininga redd for at overføringa skal «… bli en fattigdomsfelle for kirken», medan Human-Etisk Forbund meiner overføringa må omfatte atterhald som gjer at kyrkja ikkje kan selje eigedommar for å ta ut ein økonomisk vinst. Human-Etisk Forbund peikar også på at dersom kyrkja bryt dette kravet, bør andre trus- og livssynsamfunn kompenserast for det.

Departementet ser det som viktig at ei deling av fondet mellom staten og kyrkja blir gjennomført i løpet av dei næraste åra, og at det ikkje bør hefte atterhald eller særskilde vilkår i kyrkja sine eigarrettar over dei tilførte eigedommane. Komiteen sitt fleirtal hadde heller ikkje i innstillinga si merknader til at eigedomsretten blei overført utan andre avgrensingar i rådveldet enn dei som følgjer av den alminnelege lovgivinga.

Når det gjeld Presteforeininga sin merknad, meiner departementet at det omsynet blir dekt ved at det skal givast tilskot for å dekkje opp vedlikehaldsetterslep. Human-Etisk Forbund meiner det bør takast atterhald ved overføringa for å sikre at kyrkja ikkje får ein vinst ved til dømes sal. Etter departementet si vurdering er spørsmålet om vinst teke inn i lovteksten som eit vilkår for delinga. Departementet vil vidare peike på at største delen av overføringa til kyrkja er knytt til rekrutteringsbustader, og slik speglar det eit behov for tenestebustader på eit gitt tidspunkt og er grunnlaget for delinga. Kyrkja må, etter departementet sitt syn, kunne gjere tilpassingar for å møte behova over tid. Det kan til dømes skje ved at ein prestebustad blir selt ein stad og det blir kjøpt ny ein annan stad. Når det gjeld Human-Etisk Forbund sitt atterhald om vinst for kyrkja, vil departementet peike på at situasjonen i eigedomsmarknaden på ulike stader i landet og den generelle økonomiske utviklinga også kan utgjere ein økonomisk risiko for kyrkja over tid.

Når det gjeld spørsmålet om kompensasjon til andre trus- og livssynssamfunn ved overføring av verdiar frå Opplysningsvesenets fond, viser departementet til drøftinga av dette spørsmålet i stortingsmeldinga kapittel 9 der det mellom anna heiter:

«Det er Lovavdelingens vurdering og konklusjon at det ikke følger av Grunnloven § 16 fjerde punktum at staten vil være forpliktet til å tildele andre tros- og livssynssamfunn økonomisk støtte tilsvarende de verdiene som overføres til Den norske kirke, dersom eiendomsretten til Opplysningsvesenets fond gis Den norske kirke. Det framgår av uttalelsen at dette gjelder også dersom kirkens eiendomsrett gis med vidtgående råderett. Departementet slutter seg til Lovavdelingens syn.»

Departementet viser til dette. Departementet har elles etter nærare vurdering valt å forenkle framlegget ved å gjere om § 4 i høyringsnotatet til § 5 i lovframlegget og har i tillegg flytt regelen om at fondet kan dekkje utgifter som Den norske kyrkja får i samband med overtakinga av eigedommar, frå § 6 i høyringsnotatet til § 5 i lovforslaget.

Lovforslaget får etter dette slik ordlyd:

§ 5 Overføring av eigedelar til Den norske kyrkja
Eigedommar og andre eigedelar i fondet som har ein særskild verdi for Den norske kyrkja, kan overførast til kyrkja utan vederlag. Gravplassar og kyrkjegrunn kan overførast til vedkommande sokn. Eigedelane skal ikkje gi Den norske kyrkja nokon økonomisk vinst til fordel for si allmenne verksemd. Fondet kan dekkje utgifter som Den norske kyrkja får i samband med overtakinga av eigedommar etter fyrste punktum. Krav om samtykke etter jordlova § 12 eller konsesjon etter konsesjonsloven § 2 gjeld på vanleg måte ved overføringar etter fyrste ledd.
Til forsida