Prop. 144 L (2020–2021)

Lov om Opplysningsvesenets fond

Til innhaldsliste

8 Økonomiske og administrative konsekvensar

Det fremste føremålet med den nye lova er å leggje det rettslege grunnlaget for å skilje ut og overføre eigedelar i Opplysningsvesenets fond til Den norske kyrkja utan at kyrkja skal betale vederlag til fondet, og å regulere staten sin eigarrett over fondet.

Saka har økonomiske konsekvensar for fondet, for Den norske kyrkja og for staten.

For Opplysningsvesenets fond vil dei økonomiske konsekvensane mellom anna vere knytte til kva for eigedelar som blir overførte til Den norske kyrkja, og til verdien av desse. Verdien av fondet vil etter delinga med Den norske kyrkja bli ein annan. Fondet skal dekkje utgiftene til frådelingsprosjektet som er omtalt i kapittel 5 ovanfor. Dei faktiske økonomiske konsekvensane for Opplysningsvesenets fond vil elles ikkje liggje føre før det er klart kva for eigedommar som blir overførte til Den norske kyrkja og om fondet skal yte finansielle tilskot til Den norske kyrkja i samband med overføringa av eigedommar til ho.

Den norske kyrkja vil bli tilført verdiar i form av eigedommar og dei midlane som skal til for at kyrkja kan forvalte eigedommane, setje dei i stand og halde dei vedlike. Dei transaksjonskostnadene som Den norske kyrkja må betale ved å bli eigar av eigedommane, skal kyrkja bli kompensert for. Dersom Den norske kyrkja får nye skatteplikter, vil det bli vurdert konkret om det er grunn for å kompensere for desse. Behovet for å tilføre midlar til Den norske kyrkja for istandsetjing og vedlikehald av overførte eigedommar, for oppbygginga av eit forvaltingsapparat og for å dekkje transaksjonskostnader eller skatteplikter, vil departementet komme tilbake til etter at det er klart kva for eigedommar som blir overførte til Den norske kyrkja.

Som følgje av at ein del av oppgåvene til forvaltingsorganet vil falle bort i samband med at Den norske kyrkja tek over forvaltinga av mange av prestebustadene i fondet, kan det bli tale om ei avgrensa verksemdsoverdraging frå staten (forvaltingsorganet) til Den norske kyrkja. I stortingsmeldinga om fondet heiter det om dette (side 80):

«Ved overføring av en del av eiendelene i Opplysningsvesenets fond til Den norske kirke, vil noen av oppgavene i forvaltningsorganet måtte overtas av Den norske kirke. Departementet antar at det også i dette tilfellet vil kunne foreligge en virksomhetsoverdragelse etter arbeidsmiljøloven § 16-1 og at reglene i arbeidsmiljøloven kapittel 16 kan komme til anvendelse, men en virksomhetsoverdragelse – med tilhørende pensjonsforpliktelser – vil i tilfelle berøre et fåtall av de ansatte.»

Spørsmålet om verksemdsoverdraging må truleg også bli vurdert i lys av korleis Den norske kyrkja vil organisere forvaltinga si av tilførte eigedommar.

For staten er den viktigaste konsekvensen at Opplysningsvesenets fond blir regulert som eit statleg fond frå 1. januar 2023. Ifølgje rapporten frå konsulent- og revisjonsselskapet BDO frå august i år hadde fondet i 2020 ein salsverdi på mellom 9,4 og 12,1 mrd. kroner, sjå punkt 3.4.9. Sjølv om det ikkje i dag er mogleg å seie presist kor stor del av desse verdiane som vil bli overførte til Den norske kyrkja, følgjer det av dei prinsippa og vilkåra som gjeld for slik overføring, at det statlege fondet vil bestå av det meste av dei verdiane som ligg i fondet i dag. Etter Grl. § 116 første punktum legg departementet til grunn at formuen i fondet må haldast rettsleg skilt frå annan formue som staten forvaltar. Dette gir avgrensingar for korleis staten kan forvalte fondet. Samstundes kan fondet også innanfor denne avgrensinga forvaltast på ulike måtar. Det kan vere relevant å vurdere om det er grunnlag for å forvalte særskilte forretningsområder på ein annan måte enn i dag, som kan komme både staten og Den norske kyrkja til gode, til dømes ved å auke verdien av eigedelane, auke forventa avkastning eller redusere forvaltningsutgiftene.

Til forsida