Prop. 209 S (2020–2021)

Endringar i statsbudsjettet 2021 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2021 m.m.)

Til innhaldsliste

3 Endringar på statsbudsjettet for 2021

Kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet

Post 01 Driftsutgifter

Samla bruttoutgifter ved lønsreguleringa for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet per 1. mai 2021, er for perioden 1. mai – 31. desember 2021 rekna ut til 2 726 mill. kroner. Løyvingsoverslaget byggjer på lønsmassen i det statlege tariffområdet per 1. oktober 2020.

Overslaget omfattar alle tilsette som får si løn fastsett etter hovudtariffavtalane i staten. Meirutgifter som følgje av auka satsar for overtid og arbeidsgivaravgift er medrekna. Vidare er meirutgifter til pensjonspremiebetaling medrekna.

Meirutgifter i samband med lønsreguleringane for forvaltingsorgan med særskilde fullmakter og forvaltingsbedrifter, blir dekte innanfor budsjetta til verksemdene.

Verksemder med arbeidstakarar som får løn administrativt fastsett i kontrakt, må sjølve dekkje meirutgiftene av lønsregulering innanfor eksisterande budsjett.

Etter fråtrekk av det ovanfor nemnde, er meirutgiftene rekna til 2 045 mill. kroner. Etter vanleg praksis blir slike meirutgifter dekte ved at det blir ført opp løyving under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 01 Driftsutgifter, som Finansdepartementet får fullmakt til å fordele.

Kap. 502 Tariffavtalte avsetjingar

Post 71 Opplæring og utvikling av tillitsvalde

Departementet foreslår at tilskotet blir auka med 4,8 mill. kroner. Summen er rekna ut med bakgrunn i talet på årsverk og lønsmasse i statleg tariffområde per 1. oktober 2020.

Kap. 2309 Tilfeldige utgifter

Post 01 Driftsutgifter

Det er avsett midlar til dekning av meirutgiftene ved lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet m.m. Løyvinga under kap. 2309 Tilfeldige utgifter vil bli redusert i samband med proposisjonen om ny saldering av statsbudsjettet 2021 til hausten.