Prop. 29 S (2021–2022)

Endringar i statsbudsjettet 2021 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

5 Jernbaneformål

Kap. 1352 Jernbanedirektoratet

Post 01 Driftsutgifter

I 2021 er det løyvd 373,1 mill. kr. Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1352, post 01 Driftsutgifter, med 7,8 mill. kr, og med ein tilsvarande auke av løyvinga på kap. 4352, post 01 Ymse inntekter, jf. omtale under kap. 4352, post 01.

Post 21 Spesielle driftsutgifter – planar og utgreiingar

I 2021 er det løyvd 245,2 mill. kr. Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1352, post 21 Spesielle driftsutgifter – planar og utgreiingar, med 50 mill. kr. Det er inngått færre avtalar om planar og utgreiingar enn planlagt, og behovet for midlar er derfor lågare enn budsjettert.

Som omtalt i Prop. 1 S (2021–2022) for Samferdselsdepartementet er Noreg kandidat til å delta i Europe’s Rail. Europe’s Rail er eit forskings- og innovasjonsprogram for jernbane under Horisont Europa. Programmet skal bidra til utvikling av innovasjonar innan m.a. trafikkavvikling, vedlikehald, gods og automatisering. Det er no klart at Noreg vil bli tatt opp som medlem av programmet. Noregs bidrag er venta å vere til saman 22,2 mill. euro over 8–10 år. Dette er i dag om lag 220 mill. kr.

Samferdselsdepartementet foreslår derfor at departementet får fullmakt til å forplikte staten ut over budsjettåret for deltakinga i Europe’s Rail, jf. forslag til romartalsfullmakt.

Post 70 Kjøp av persontransport med tog

I 2021 er det løyvd 5 094,9 mill. kr.

Løyvinga til tilleggsavtalar med togselskapa på grunn av koronapandemien er i 2021 auka med til saman 535 mill. kr, jf. m.a. Prop. 195 S (2020–2021) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2021 og Innst. 600 S (2020–2021). Det er tatt høgde for at ordninga med tilleggsavtalar blir vidareført ut 2021, jf. orienteringa i Prop. 244 S (2020–2021). Samtidig er behovet for uvisseavsetningar knytt til tilleggsavtalar med togselskapa lågare enn tidlegare lagt til grunn.

Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1352, post 70 Kjøp av persontransport med tog, med 160 mill. kr.

Post 71 Kjøp av infrastrukturtenester – drift og vedlikehald

I 2021 er det løyvd 9 174,9 mill. kr. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1352, post 71 Kjøp av infrastrukturtenester – drift og vedlikehald, med 296,4 mill. kr.

Togselskapa betaler Bane NOR SF for tenester dei bruker under sportilgangsavtalane. Desse inntektene skal trekkjast frå løyvinga til drift og vedlikehald. Samstundes medfører dette behov for å auke vederlaget til togselskapa over kap. 1352, post 70 Kjøp av persontransport med tog.

For 2021 har togselskapa betalt 296,4 mill. kr meir i køyrevegsavgifter enn det var lagt til grunn i Prop. 1 S (2020–2021). Det auka vederlaget til togselskapa kan dekkjast innanfor gjeldande løyving på kap. 1352, post 70.

Kap. 4352 Jernbanedirektoratet

Post 01 Ymse inntekter

I 2021 er det løyvd 4,3 mill. kr. Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 4352, post 01 Ymse inntekter, med 7,8 mill. kr, og med ein tilsvarande auke av løyvinga på kap. 1352, post 01 Driftsutgifter, jf. omtale under kap. 1352, post 01. Auken gjeld sal av tenester knytt til filminnspeling og auka aktivitet på Lokførarskulen.

Til forsida