Prop. 29 S (2021–2022)

Endringar i statsbudsjettet 2021 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

6 Kystforvaltning

Kap. 1360 Kystverket

Post 01 Driftsutgifter

Kystverket tok tidlegare i år over ansvaret for vidare planlegging av eit senter for testing, øving og teknologiutvikling knytt til beredskap mot akutt forureining på Fiskebøl i Vesterålen, jf. kap. 1362, post 50. Samferdselsdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 1360, post 01 Driftsutgifter, med 25 mill. kr mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 1362, post 50.

Kap. 1362 Senter for oljevern og marint miljø

Post 50 Tilskot

I 2021 er det løyvd 52,2 mill. kr. Innanfor løyvinga er det sett av 25 mill. kr til vidare planlegging av eit senter for testing, øving og teknologiutvikling knytt til beredskap mot akutt forureining på Fiskebøl i Vesterålen. Senter for oljevern og marint miljø sitt ansvar innan oljevern skal overførast til Kystverket. Dette inkluderer ansvaret for det vidare arbeidet med testsenteret på Fiskebøl. Den formelle ansvarsoverføringa vil skje frå 1. januar 2022, medan ansvaret for senteret blei overført frå juni 2021.

Samferdselsdepartementet foreslår derfor å omdisponere 25 mill. kr frå kap. 1362, post 50 Tilskot, til kap. 1360, post 01 Driftsutgifter.

Kap. 5577 Sektoravgifter under Samferdselsdepartementet

Post 74 Sektoravgifter Kystverket

I 2021 er det løyvd 687,9 mill. kr. Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 5577, post 74 Sektoravgifter Kystverket, med 8,7 mill. kr.

I samband med lønnsoppgjeret for 2021 blei Kystverket for den delen av verksemda som er avgiftsfinansiert, tildelt 8,7 mill. kr over kap. 1360, post 01 Driftsutgifter. Kap. 5577, post 74 Sektoravgifter Kystverket, må derfor aukast tilsvarande.

Til forsida