Prop. 29 S (2021–2022)

Endringar i statsbudsjettet 2021 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

7 Programkategori 22.10 Posttenester

Kap. 4370 Posttenester

Post 70 Tilbakebetaling post- og banktenester

Samferdselsdepartementet foreslår å løyve 58,5 mill. kr.

I 2020 blei det sett av 449 mill. kr til kjøp av post- og banktenester frå Posten Norge AS. Det er lagt til grunn ein etterrekningsmodell som over tid vil sikre at det ikkje blir løyvd meir enn det faktiske behovet. Etterrekning i tråd med modellen viser eit faktisk behov i 2020 på 391 mill. kr til kjøp av post- og banktenester. Dette er 58 mill. kr mindre enn det som blei løyvd i 2020.

Departementet legg opp til at Posten betaler tilbake 58 mill. kr av kompensasjonen for 2020. I tråd med praksis frå tidlegare år legg departementet opp til at Posten betaler renter på det beløpet selskapet skal betale tilbake. Renta er rekna til 0,5 mill. kr. Dette inneber at Posten skal betale i alt 58,5 mill. kr til staten.

Til forsida