Prop. 65 L (2022–2023)

Endringar i energiloven (endringar om funksjonelt skilje for nettføretak)

Til innhaldsliste

5 Merknader til lovforslaget

Til energilova § 4-7

Kravet om funksjonelt skilje gjeld mellom nettverksemd og anna verksemd i integrerte føretak. Med anna verksemd er meint all verksemd som ikkje er nettverksemda til nettføretaket. Departementet viser til Prop. 35 L (2015–2016) og Ot.prp. nr. 61 (2005–2006) for ein nærmare omtale av kva krava til funksjonelt skilje inneber.

Departementet føreslår å avgrense verkeområdet for krava om funksjonelt skilje til nettføretak som har 100 000 eller fleire nettkundar. Med nettkundar er meint fysiske eller juridiske personar som er registrerte som kundar i eit nettselskap, og kundetalet er knytt til talet på unike personnummer og organisasjonsnummer.

Eit morselskap eller ein kontrollerande eigar skal ikkje gi instruksar til nettføretaket om den daglege drifta eller om avgjerder om utbygging eller oppgradering av nettet, jf. energilova § 4-7 andre ledd. For nettselskap med færre enn 100 000 nettkundar, vil ikkje dette forbodet gjelde, jf. omtale i punkt 3.3.