St.prp. nr. 88 (2000-2001)

Om samtykke til å setje i kraft ein skatteavtale mellom Noreg og Kasakhstan, underteikna i Oslo den 3. april 2001

Til innhaldsliste

2 Allmenne merknader

Etter oppmoding frå kasakhstanske styresmakter tok Noreg og Kasakhstan i 1995 opp forhandlingar om å inngå ein skatteavtale. Etter første runde med forhandlingar i Oslo blei eit utkast til avtale parafert den 1. september 1995. Lovrådgjevar Per Olav Gjesti, Finansdepartementet, leia den norske delegasjonen.

Avtalen byggjer i store trekk på mønsteret for tosidige avtalar som er utarbeidd av OECD. På grunn av skilnadene mellom Noreg og Kasakhstan sin økonomi, er det på nokre punkt også teke omsyn til det mønsteret som er utarbeidd i FN for skatteavtalar mellom industrialiserte land og utviklingsland. Avtalen vik på nokre punkt frå desse mønsteravtalane. Mellom anna har avtalen reglar om verksemd og arbeid utanfor kysten, som svarer til det som finst i dei fleste skatteavtalane Noreg har inngått dei siste åra.

Avtalen er inngått på engelsk, kasakhstansk, russisk og norsk. Alle tekstane er gyldige, men ved tvil om tolkinga skal den engelske teksten vere avgjerande. Den engelske og norske teksten følgjer som vedlegg.

Til forsida