Revidert nasjonalbudsjett

150 millionar til skulebøker og arbeid med læreplanane

Pandemien ramma skule-Noreg på fleire vis. Difor vil regjeringa ha ei ekstra satsing på skulebøker, læremiddel og arbeidet med læreplanane.

– Under pandemiåra brukte mange skular mest pengar på digitale læremiddel og mindre på bøker. Me veit òg at norske barn les stadig mindre, og bruker stadig meir tid på skjerm. Difor ønskjer regjeringa å løyve 115 millionar kroner til skulebøker i grunnskulen. Det kan gi barna meir tid med bøker og digitale pausar, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap)

Tilskotet på 115 millionar til skulebøker er nok til å til dømes kjøpe ei bok til kvar elev på alle barneskular i heile landet.

Fleire skulebøker vil også vere bra for lærarane, for det vil gi fleire læremiddel å velje mellom i undervisninga. For å få meir kunnskap om kva skjermbruken gjer med helsa, læringa og livskvaliteten til barna, ønskjer regjeringa å løyve 6 millionar til eit utval.

20 millionar til læremiddel i samisk og spesialpedagogikk

Regjeringa foreslår å løyve 5 millionar til utvikling av samiske læremiddel i samband med dei nye læreplanane. Det vil gi samisklærarane meir tid til undervisning, i staden for å bruke mykje tid på å lage eigne læremiddel.

Regjeringa foreslår òg å løyve 10 millionar kroner til Statped for å styrke læremiddeltilbodet til elevar med særskilte behov for tilrettlegging, mellom anna blinde, døve og teiknspråklege elevar. I tillegg foreslår regjeringa å løyve 5 millionar kroner til å sikre smale, spesialiserte og små utdanningar innanfor spesialpedagogikk.

Les også: 

30 millionar til lærarane sitt arbeid med læreplanar

Regjeringa vil løyve 30 millionar kroner til skulane sitt arbeid med dei nye læreplanane, fagfornyinga. Pengane skal mellom anna gå til fagsamlingar som gjev lærarane meir støtte i arbeidet med dei nye læreplanane.

– Dei nye læreplanane blei innførte hausten 2020. Pandemien gjorde det vanskeleg for lærarane å jobbe saman om fagfornyinga og dei nye læreplanane, og mange lærarar seier dei ikkje har fått nok støtte i dette arbeidet. Satsinga vår vil bidra til å lukkast med å nå måla med dei nye læreplanane, seier Brenna.

20 millionar til nykomne frå Ukraina

Regjeringa foreslår å løyva 20 millionar kroner til tiltak som skal bidra til betre bemanning og høgare kompetanse i barnehage og skule når det gjeld nykomne barn og elevar frå Ukraina.

Regjeringa foreslår å auka løyvinga til 22. juli-senteret med 6,5 millionar kroner til å ta vare på spor etter 22. juli. I Hurdalsplattforma står det at synlege spor etter 22. juli-angrepet i høgblokka skal takast vare på, slik at dei kan inkluderast i arbeidet til 22. juli-senteret.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Narviksenteret med 700.000 kroner til eit digitalt register over norske soldatar som deltok i kampane i 1940. «Soldatregisteret» bidreg til viktig kunnskap om, og heidrar minnet til, dei norske soldatane som kjempa for landet.