Revidert nasjonalbudsjett

Støtte til bustad og reise for studentar i praksis

Regjeringa føreslår å bruke 20 millionar kroner til å dekke utgifter til reise og bustad for studentar på helse- og sosialfag. Slik skal det bli enklare å ta i bruk praksisplassar langt unna campus. I tillegg får Høgskulen i Molde 5 millionar kroner til eit nytt simuleringssenter i Kristiansund, der helsestudentane kan trene på realistiske situasjonar i trygge omgjevnader.

– Vi treng fleire folk som kan jobbe i helse- og sosialtenestene over heile landet. Vi har auka kapasiteten på sjukepleieutdanningane, men tilgangen på nok praksisplassar er ein flaskehals. I fjor prøvde vi for første gang å gje stipend til å dekke reise og bustad for studentar som får praksisplass langt unna studiestaden. Det ga svært gode resultat, derfor vidarefører vi denne støtta også i år. Når vi tar i bruk heile landet, får vi fleire nye praksisplassar på fleire stader. Det er bra for studentane og det er bra for kommunane, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp).

I fjor vart det sett av og fordelt 50 millionar kroner til slike bu- og reisestipend. Så langt har det gitt gode resultat, med nye praksisplassar i fleire kommunar:

  • 1157 studentar har fått støtte
  • 108 av studentane har allereie gjennomført praksisopphald i 47 ulike kommunar som ikkje har hatt praksisstudentar før
  • Dei resterande 2397 studentane som har fått stipend, skal ha praksis i løpet av 2023. Det er forventa at dette vil auke talet på nye praksiskommunar monaleg.

– Vi ser at mange distriktskommunar kan tilby praksisplassar for første gang som følge av denne prioriteringa. Kommunane får stadig fleire arbeidsoppgåver knytte til helse og omsorg. Derfor er det avgjerande at vi sikrar at dei får den kompetansen dei treng. Studentar som har praksis i ein kommune, får truleg også meir lyst til å søke jobbe der når dei er ferdig utdanna, seier Borten Moe.

5 millionar kroner til simulerings- og øvingssenter for helsestudentar i Kristiansund

Høgskolen i Molde tilbyr utdanningar i Kristiansund innan mellom anna sjukepleie og vernepleie. Regjeringa vil styrke høgskulen si satsing i Kristiansund og føreslår ei eingongsløyving på 5 millionar kroner til å etablere eit simulerings- og øvingssenter for helseutdanningane. 

– Simulering lar studentane få øve mange gonger på realistiske situasjonar, i trygge omgjevnader. Det er eit viktig tillegg til praksis og bidreg til kompetente og trygge sjukepleiarar. Det gir også betre pasienttryggleik, seier Borten Moe.