Revidert nasjonalbudsjett 2016

15O millionar kroner meir til vedlikehald og utbetring av riksvegar

- I revidert statsbudsjett foreslår regjeringa ytterlegare auke i vedlikehald av riksvegar. Med auka løyvingar til vegføremål blir det fleire oppdrag og sysselsette i byggje- og anleggsverksemd. Den foreslåtte auken kjem i tillegg til tidlegare vedteke rekordhøge løyvingar til vegformål for 2016.

Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at regjeringa foreslår ein auke på i alt 150 millionar kroner til drift, vedlikehald og investeringar på riksvegnettet. Løyvingane til vegvedlikehald har auka kraftig etter regjeringsskiftet, og 2016 er det første året forfallet på riksvegane faktisk blir redusert. Med dagens forslag vil forfallet bli redusert ytterlegare.

Tilleggsløyvingane er fordelte slik:

• 25 millionar kroner til asfaltlegging og anna vedlikehald på riksvegar i Rogaland
• 125 millionar kroner til ulike investeringstiltak på riksvegar i Agderfylka, Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal.

Investeringstiltak på riksvegar – fylkesvis fordeling

Den foreslåtte løyvinga på 125 millionar kroner til investeringar omfattar 19 mindre tiltak, i fem fylke, fordelt slik:

Aust-Agder
Riksveg 9 Storstraumen, rasteplass, Bygland kommune: 5 millionar kroner
Riksveg 9 Setesdal, universell utforming: 2 millionar kroner
Riksveg 9 Evje, utbetring av kryss, Arendalsvegen, Evje og Hornnes kommune: 2 millionar kroner
Riksveg 41 Birkeland – Hynnekleiv, trafikktryggingstiltak, Birkenes kommune: 9 millionar kroner
Riksveg 41 Heresfjorden, rasteplass, Birkenes kommune: 2 millionar kroner

Vest-Agder
Riksveg 9 Grim bru, ny løysing for gang- og sykkelveg, Kristiansand kommune: 20 millionar kroner
E39 Livold, døgnkvileplass, Lindesnes kommune: 8 millionar kroner

Rogaland
E134 Skre – Førresbotn, veglys, Tysvær kommune: 5 millionar kroner
E39 Førlandkrysset, undergang, Tysvær kommune: 3 millionar kroner

Hordaland
Riksveg 13 Brattlandsdalen, skredsikringstiltak, Suldal kommune: 6 millionar kroner
E134 Etne – Steine, gang- og sykkelvegtiltak, Etne kommune: 9 millionar kroner
E39 Rødskrysset, trafikksikringstiltak, Sveio kommune: 10 millionar kroner
E39 Boravik – Grov, gang og sykkelvegtiltak, Stord kommune: 6 millionar kroner

Møre og Romsdal
E39 Vestnes ferjekai, utskifting av heisbru og heistårn, Vestnes kommune: 20 millionar kroner
E39 Fursetfjellet, trafikksikringsstiltak, Gjemnes kommune: 4 millionar kroner
Riksveg 70 Meisingset, trafikksikringstiltak, Tingvoll kommune: 3 millionar kroner
E39 Lønset, veglys, Molde kommune: 3 millionar kroner
E39 Oppgradering av haldeplassar: 6 millionar kroner
E136 Oppgradering av haldeplassar: 1 million kroner

Sjå også – Prop. 122 S (2015-2016) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2016