Statsbudsjettet 2026:
434 millionar kroner til kjemikalieskadde oljepionerar
Pressemelding | Dato: 15.10.2025 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
I statsbudsjettet for 2026 foreslår regjeringa å løyve 434 millionar kroner til ei heilt ny kompensasjonsordning for oljepionerane. Midlane skal sikre at arbeidstakarar som vart utsette for helseskadelege kjemikaliar i pionertida får ein rettferdig og verdig kompensasjon.
– Dette er eit viktig og etterlengta løft for oljepionerane. Dei var med på å byggje opp ein heilt ny industri under forhold som i dag ville vore utenkelege. Med denne løyvinga gjev vi dei kjemikalieskadde arbeidstakarane den anerkjenninga og kompensasjonen dei fortener, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.
Arbeidet offshore i pionertida innebar eksponering for kjemikaliar som ikkje kan samanliknast med det arbeidstakarar på land opplevde i same periode.
Kompensasjon på om lag 1 million kroner per person
Stortinget har tidlegare vedteke at tilrådingane frå Oljepionerkommisjonen skal liggje til grunn for arbeidet med å etablere ordninga.
Når det gjeld storleiken på kompensasjonen, var det ikkje ein del av mandatet til kommisjonen å foreslå eit beløp. Regjeringa foreslår no ein kompensasjon på 8 G, som tilsvarar 1 041 280 kroner til kvar oljepioner som oppfyller vilkåra.
– For regjeringa er det avgjerande at forslaget sikrar handsaming og utbetaling så raskt som mogleg. Vidare er det viktig at ordninga treff rett. Ordninga skal omfatte dei ho er meint for, og gje rett kompensasjon til dei som vart utsette for dei tøffe arbeidsforholda offshore. Difor må vi òg avgrense ordninga tydeleg, slik at ho handlar om dei særskilde miljøa og yrkesgruppene som kommisjonen peika på, seier Stenseng.
For å sikre effektiv saksbehandling vert det planlagt forenkla arbeidsmedisinske undersøkingar. Regjeringa vil om kort tid fremje forslag til ei eiga særlov for Stortinget, som vil gje dei detaljerte rammene for kompensasjonsordninga.
Lova vil opne for at personar med tilstrekkeleg dokumentasjon kan sleppe undersøking
Nemnd skal handsame søknader frå januar
På eit møte tidlegare i oktober presenterte statsråden rammene for ordninga for fagorganisasjonane til oljepionerane.
Følgjande rammer vil gjelde for rett til kompensasjon:
- Pionertida vert definert som perioden frå 1966 til 1990.
- Kompensasjonen vert sett til 8 G, 1 041 280 kroner til kvar oljepioner som oppfyller vilkåra.
- Ordninga omfattar òg etterlatne, dersom den avdøde oppfylte vilkåra.
- Tidlegare «arbeidsgivarfinansierte erstatningsutbetalingar» (yrkesskadeerstatning) skal trekkjast frå.
Regjeringa arbeider no med å få på plass ei uavhengig nemnd og eit sekretariat for handsaming av søknader, IKT-løysingar og det som ellers er naudsynt av administrasjon. Det vart sett av 14 millionar kroner til dette arbeidet i revidert nasjonalbudsjett i juni. Målet er at nemnda skal starte handsaming av søknader og utbetaling av kompensasjon frå januar 2026.