Forsida

Akkrediteringsutvalet leverer rapporten sin

Måndag 9. januar kl. 10 leverer utvalet som har sett på reglane for å bli universitet tilrådingane sine til forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.

Nett-tv Akkrediteringsutvalet leverer rapporten sin

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

  • Tid: Måndag 9. januar, kl. 10.00-11.00
  • Stad:  Plenumssalen, Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18

Les rapporten: Kvalitets- og akkrediteringskrav for norske universiteter

Regjeringa sette i 2022 ned eit utval som fekk i oppdrag å sjå nærare på kva som skal til for å bli akkreditert som universitet. Målet var å gjere krava meir treffsikre og regelverket meir oversiktleg. Det er Ingvild Marheim Larsen som har leia arbeidet.

Utvalet kjem med ei rekke forslag til tiltak, og forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe vil kommentere rapporten. Deretter blir det høve til å intervjue statstråden og utvalsleiaren.

Kontakt:

Arrangementet blir strøymd. Journalistar som ønsker å vere til stades kan melde seg på til kommunikasjonsrådgjevar Johanne Severinsen på telefon 911 14 868 eller pr. e-post: jose@kd.dep.no 

Overleveringa blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. Media som ønskjer å sende overleveringa direkte kan kontakte DSS for publiseringspunkt på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.