Ventetidsløftet blei lansert i midten av mai i samband med revidert nasjonalbudsjett der regjeringa føreslo å styrke sjukehusbudsjetta med 2 milliardar kroner for å få ned ventetidene. Partnarane i Ventetidsløftet skal møtast annenkvar månad for å følge opp arbeidet med å få ned ventetidene.

Når: Måndag 19. august kl. 13.00–15.00
Kor: Helse- og omsorgsdepartementet, Teatergata 9, Oslo

Pressa er velkomen til å ta bilete ved møtestart og få ein kommentar etter møtet. Journalistar kan melde seg på til kommunikasjonsrådgjevar Elisabeth Johansen.