Arbeidsgruppe skal vidareutvikle krava til tryggleik mot naturfarar

–Byggereglane må vere tilpassa dei ulike lokalsamfunna som er utsett for fjellskred og flodbølge. Regjeringa har derfor sett ned ei arbeidsgruppe som skal vidareutvikle regelverket, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp). Arbeidsgruppa består av Direktoratet for byggkvalitet, Noregs vassdrags- og energidirektorat og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Store delar av Noreg, og då særleg Vestlandet og Nord-Noreg, er prega av fjordar og dalar som er omgitt av høge og bratte fjellsider. Her kan det gå fjellskred, og i nokre tilfelle kan fjellskreda gå ut i ein fjord og forårsake flodbølge.

Meir kartlegging av, og kunnskap om, ustabile fjellparti dei siste åra har gitt auka tryggleik i fjellskred- og flodbølgeutsette område. Samstundes har det ført til unødig strenge byggerestriksjonar og stans i utvikling av lokalsamfunn, som følge av at krava i byggteknisk forskrift (TEK17) ikkje har vore oppdaterte.

Kommunal- og distriktsdepartementet har i 2022 og 2023 endra krava i TEK17 for å legge til rette for vidare utvikling og verdiskaping for lokalsamfunn som kan bli råka av fjellskred og flodbølge, samstundes som personsikkerheita er ivaretatt.

–Med desse endringane kan investeringar innan industri, jordbruk, turisme og bustadbygging i fleire kommunar på Vestlandet og i Nord-Noreg enklare gjennomførast. Dette har vore viktig for å oppretthalde vekst og framtidstru i desse distriktskommunane. Men det er framleis arbeid som står att for å gjere krava meir tilpassa dei lokale forholda, seier Gjelsvik.

Arbeidsgruppa som regjeringa no har sett ned, vil mellom anna sjå på moglegheitene for å opne for organisatoriske flaumsikringstiltak, til dømes heilautomatiske løysingar som trer i kraft når flaumen når eit visst nivå, eller som blir sett opp manuelt ved flaumvarsel. Dette vil gjere det enklare å få til ønska utvikling i område påverka av flaumfare.

I tillegg skal arbeidsgruppa sjå på om krava til tryggleik i TEK17 er på riktig nivå, og korleis krava i større grad kan ta omsyn til framtidige klimaendringar. Arbeidet vil bidra til at det i større grad er mogleg å ta heile landet i bruk, på ein trygg måte.

Arbeidsgruppa skal levere eit forslag til nye reglar for organisatoriske sikringstiltak innan 15. april 2024. Forslag til nye reglar om tryggleiksnivå og framtidige klimaendringar skal leverast 15. desember 2024.

Les mandatet til arbeidsgruppa her