Samla set regjeringa av 118 millionar kroner til desse tiltaka i 2023.

– Det er kanskje viktigare enn nokon gong å legge til rette for auka busetting i dei nordlegaste områda av Noreg. Fleire og sterkare personretta tiltak er sterkt etterspurd i regionen, og eg håpar dette vil bidra til at fleire barnefamiliar vel å bu og arbeide i nord, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Både næringsliv og offentleg sektor i Nord-Troms og Finnmark slit med å dekke behova for arbeidskraft innanfor fleire yrke. Regjeringa meiner derfor at det er heilt nødvendig med tiltak som kan bidra til tilflytting og rekruttering av arbeidskraft i tiltakssona.

- Barnehagen er viktig for ungane, for leik, utvikling og venskap. Og barnehagen er viktig for familiane. Å uttrykke gjennom noko så viktig som barnehage at vi ønsker meir bosetting i nord, er eg glad for at vi har prioritert i eit elles stramt budsjett, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no