Forsida

Einigheit om ny hovudavtale i staten

Staten og hovudsamanslutningane LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat er einige om ei ny hovudavtale i staten. Den nye avtala gjeld frå 1. januar 2023.

Signering av avtalen
Fv: Pål N. Arnesen (YS Stat), Guro Elisabeth Lind (Forskerforbundet), Kari Tønnesen Nordli(Akademikerne stat), Egil André Aas(LO Stat) og statens personaldirektør Gisle Norheim. Foto: KDD

Hovudavtala inneheld reglar for partssamarbeid og medverknad i statlege verksemder. Avtala er eit viktig verktøy for arbeidsgjevarar og tillitsvalde.

– Tillitsreforma er eit satsingsområde for regjeringa i arbeidet med å fornye og utvikle offentleg sektor. I dette arbeidet er arbeidstakarane sin rett til medverknad i arbeidslivet viktig. Eg er glad for at partane har blitt einige om ei ny hovudavtale i staten som byggjer vidare på det gode partssamarbeidet i statlege verksemder, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

I den nye avtala er det blant anna gjort endringar i reglane som gjeld for lokale avtaler om medverknad (tilpasningsavtalen). Statlege verksemder skal ha ei tilpasningsavtale som er tilpassa verksemda, og endringane framhevar viktigheita av slike avtalar. I tillegg er det gjort endringar og oppdateringar i tråd med lovgivinga. Det er også gjort eit arbeid med forenkling av språket og strukturen i avtala.

Ny avtale gjeld frå 1. januar 2023 til 31. desember 2025.