Endringar i regelverket for dagpengar under arbeidsløyse  

  • Frå 1. januar 2026 vil det gå tydelegare fram at dei som samstundes har rett til dagpengar etter dei ordinære reglane og etter særreglane for tidlegare vernepliktige, må velje eitt av regelverka.

Fleire skal få jobbe til dei blir 72 år

Frå 1. januar vil tilgangen til bedriftsinterne aldersgrenser i arbeidsmiljølova avviklast og den alminnelege aldersgrensa for statstilsette og andre medlemmer i Statens pensjonskasse blir auka frå 70 til 72 år.

Oppjustering av satsar

Satsane for barnetillegg til dagpengar, arbeidsavklaringspengar og kvalifiseringsstønad blir oppjusterte med verknad frå 1. januar 2026. Frå same tid blir også satsane for tiltakspengar og barnetillegget til tiltakspengane, samt satsane for tilleggsstønadene oppjusterte.

Tydlegare reglar for psykososialt arbeidsmiljø  

Endringane i arbeidsmiljølova gjer det tydelegare kva som ligg i kravet om eit fullt forsvarleg psykososialt arbeidsmiljø. Målet er å gi verksemdene betre rettleiing og understreke at det psykososiale arbeidsmiljøet er like viktig som det fysiske.

Forskrift om HMS-kort i verksemder som transporterer andres varer med bil

Føremålet er å vareta tryggleik, helse og arbeidsmiljø i verksemder som mot vederlag transporterer andres varer med bil. Forskrifta gjeld for verksemder som mot vederlag transporterer andres varer med bil som har tillate totalvekt på høgst 3 500 kilo og med elektrisk bil som har tillate totalvekt på høgst 4 250 kg. Dette gjeld også verksemd som leiger ut personar som utfører slike tenester.  

Forskrift om innleie av avløysar fra avløysarlag

Denne forskrifta gir eigne reglar for jordbruksføretak som leigar inn avløysar frå avløysarlag. Ho skal sikre at avløysartenesta er godt organisert, at avløysarar har trygge og ordna arbeidsforhold, og at jordbruksnæringa kan halde oppe aktiv drift i tråd med måla Stortinget har sett.

Meir arbeidsretting og formell opplæring i introduksjonsprogrammet  

Det er vedteke endringar i integreringslova som mellom anna skal bidra til meir arbeidsretting og formell opplæring i introduksjonsprogrammet, samt eit enklare regelverk for kommunane å forhalda seg til.

Dei fleste endringane trer i kraft 1. januar 2026. Unntaket er utvidinga av målgruppa til personar til og med 60 år, som ikkje vil bli sett i kraft før innkomstane av asylsøkarar og kapasiteten i kommunane er normalisert. Det vil kome nærare informasjon i god tid før det blir aktuelt å setje denne endringa i kraft.

Det er fastsett overgangsreglar for endringane i programvarigheit. Utvida varigheit av introduksjonsprogram som skal gje formell opplæring på vidaregåande nivå gjeld for deltakarar som får tilbod om oppstart i program etter 1. januar 2025. Dei andre endringane i programvarigheit gjeld for deltakarar som får tilbod om oppstart i program etter 1. januar 2026.

Endringane er: 

  • krav om arbeidsretta tiltak tidleg i programmet: Skal sikre raskare kontakt med arbeidslivet.
  • programtid kan utvidast med eitt år for dei som skal fullføre heile eller delar av vidaregåande: Gir reell moglegheit til å fullføre vidaregåande i programtida, inkludert å bli faglært.
  • fjernar mellombelse reglar om introduksjonsprogrammet: Forenklar og tydeleggjer lovverket.
  • kommunens ansvar for samordning av introduksjonsprogrammet blir tydeleggjort: Skal bidra til meir heilskaplege og tilpassa løp.
  • innfører tilsyn med fylkeskommunens ansvar etter lova: Skal bidra til å sikre kvalitet i norskopplæring og karriererettleiing.

Ny forskrift om tilskot til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar

Ny forskrift gjeld for tilskot til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar frå og med 2026. Den største endringa er at tilskotsordninga til nasjonale ressursmiljø (heretter ressurssenter) for integrering vert innlemma i forskrifta, og går frå å vere ei tilskotsordning der mottakarane er øyremerkt i statsbudsjettet, til at organisasjonane må søke om å få tilskot.

Den nye forskrifta vil erstatte dagens forskrift, og er i stor grad ei vidareføring, men den fastset tydelegare mål og kriterium for oppnåing av målet med tilskotet.  

Nye pensjonsreglar for dei med særaldersgrense 

Det er vedteke endringar i lov om Statens pensjonskasse og fleire andre lover. Endringane gjennomfører avtalane mellom regjeringa og arbeidstakarorganisasjonane om nye pensjonsreglar for personar med særaldersgrense som er fødde i 1963 eller seinare. Dei gjennomfører òg avtalen om høgare fribeløp for dei som skal ha ny tidlegpensjon.

Nye aldersgrenser for apotek og sjukepleiarar  

Frå 1. januar 2026 blir aldersgrensa i pensjonsordningane for apotektilsette og sjukepleiarar heva frå 70 til 72 år. Dette gjer reglane like dei som gjeld i resten av arbeidslivet, der den vanlege aldersgrensa også blir heva til 72 år.

Melding om yrkesskade skal sendast digitalt  

Det er gjort endringar i folketrygdlova som krev at arbeidsgivarar og andre meldepliktige skal sende melding om yrkesskade og yrkessjukdom elektronisk til Nav. Dette gir ei tryggare og meir effektiv behandling av sakene.

Endringar i folketrygdlova i regelverket for rett til sjukepengar

Det er gjort endringar i folketrygdlova som gjeld rett til sjukepengar for frilansarar som er inaktive og som får sluttvederlag eller etterlønn etter opphøyr av frilansoppdrag. Frilansarar skal i desse tilfella få same rett til sjukepengar som arbeidstakarar i same situasjon.  

Endringar i forskrifta om stønad til parykk

Frå 1. januar 2026 er det innført nye reglar for stønad til parykk.

  • Personar under 30 år får ein fast stønadssats på 50 000 kroner.
  • Stønaden kan brukast fritt til å kjøpe dei parykkane mottakaren ønskjer, både når det gjeld type og tal.
  • Denne satsen erstattar dei tidlegare reglane om full dekning av inntil to individuelt tillagde parykkar eller seks syntetiske parykkar per år.

Endringa gir mottakarane større valfridom til å velje parykkar som passar best for dei.

Endringar i trygderettslova 

Lovproposisjonen gjeld endringar i trygderettslova med føremål å effektivisere prosessen med anke og å korte ned sjølve ankebehandlinga i Trygderetten. Berre enkelte av lovendringane trer i kraft 1. januar 2026.
Dei gjeld registrering av sidegjøremål for rettsmedlemmer, i tillegg til justeringar i reglane om sakskostnader og teieplikt. Hovuddelen av lovendringane som er vedtekne, trer først i kraft frå 1. januar 2027.