Presseinvitasjon:

Fiskeri- og havministeren til den største sjømatmessa i verda

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran besøker 24. april til 25. april Seafood Expo Global i Barcelona, som er den største sjømatmessa i verda .

- Det er flott å sjå at så mange norske representantar frå framtidsretta bedrifter bidreg med å profilere berekraftig norsk sjømat av høg kvalitet til ei veksande verdsbefolkning. Gjennom deltaking på møteplassar som dette ønsker vi å arbeide for å auke eksporten enda meir i åra som kjem, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Fjoråret var eit rekordår for norsk sjømatnæring, med ein samla norsk sjømateksport tett på 151,4 milliardar kroner. Det var ein auke på 25 prosent samanlikna med året før. Høge matvareprisar og svak kronekurs bidreg i stor grad til at auken i eksportverdien fortset inn i 2023.

Fiskeri- og havministeren skal vere på messeområdet heile dagen tysdag 25. april. Her skal han besøke mange av dei norske utstillarane. Vidare skal han møte elevar frå Nordkapp vidaregåande skule som studerer akvakultur, fiske og fangst.

Statsråden sitt program:

Måndag 24. april

17.00 -18.30   Seminaret «Sustainability - From Ocean to Plate"
I regi av Team Norway Spania (Ambassaden, Innovasjon Noreg og Sjømatrådet). Sjå program: Sustainability seminar 2023 (seafood.no)

20.30 - Middag i regi av Nordland Fylkeskommune

Tysdag 25. april

09:00 – 09:30 Møte med elever frå Nordkapp vidaregåande skule

10:30 - 18:00 Deltaking på sjømatmessa

20.00 - 22.00  Middag i regi av DNB

Kontakt

Presse som ønsker å dekke programmet kan kontakte kommunikasjonseininga i Nærings- og fiskeridepartementet på 902 51 303 (ikke SMS) eller e-post media@nfd.dep.no