Fiskeri- og havministeren til Nor-Fishing 17.–20. august
Pressemelding | Dato: 13.08.2026 | Nærings- og fiskeridepartementet
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss deltek på den internasjonale fiskerimessa Nor-Fishing 17.–20. august. Messa blir arrangert annakvart år i Trondheim.
- Nor-Fishing er ein svært viktig møteplass for fiskeri- og sjømatnæringa. Med deltakarar frå over 50 land er messa ein sentral arena for ny teknologi, innovasjon og internasjonalt samarbeid, samtidig som den viser fram norsk kompetanse og verdiskaping, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
Arbeidet med ein framtidsretta sjømatindustri er ein av hovudprioriteringane til fiskeri- og havministeren. Under Nor-Fishing inviterer fiskeri- og havministeren til dialogmøte tysdag 18. august, der statsråden ber om innspel til korleis fiskerireguleringane kan formast ut for å styrkja sjømatindustrien. Det krevst ikkje påmelding for å lytta til innspelsmøtet.
Fiskeri- og havministeren skal også ha politiske samtalar med dei politiske kollegaene sine frå Storbritannia og Irland under messa.
Sjå: Fiskeri- og havministeren inviterer til dialogmøte under Nor-Fishing - regjeringen.no
I tillegg til å delta på Nor-Fishing vil fiskeri- og havministeren besøke Maritime Robotics AS og halde eit innspelsmøte om regjeringa sin maritime strategi i Trondheim torsdag 20. august. Innspelsmøtet er eitt av fleire møte statsråden gjennomfører rundt om i landet i samband med strategiarbeidet.
Program for fiskeri- og havministeren (atterhald om endringar)
Måndag 17. august
16.15–16.45 | Bilateralt møte med Storbritannia
Fiskeri- og havministeren møter parlamentarisk statssekretær Stephen Morgan frå Department for Environment, Food and Rural Affairs.
Stad: Clarion Hotel
18.00–19.30 | Mottaking i regi av Trondheim kommune
Stad: Trondheim rådhus
Tysdag 18. august
08.15–09.45 | Frukostmøte: Regional verdiskaping
Fiskeri- og havministeren innleier og deltek i samtale om rammevilkåra for sjømatnæringa og betydninga sjømat har for norsk og global matforsyning.
Stad: SpareBank 1 SMN, Søndre gate 2
10.15–10.45 | Bilateralt møte med Irland
Fiskeri- og havministeren møter minister for fiskeri- og marine saker, Timmy Dooley.
Stad: Nor-Fishing-messa, møterom Kalvskinnet
11.30 | Offisiell opning av Nor-Fishing 2026
Fiskeri- og havministeren står for den offisielle opninga av Nor-Fishing.
Held opningstale og deler ut innovasjonsprisen til Nor-Fishing.
Stad: Mendelsohn, Trondheim Spektrum
12.20–12.50 | Runde på messeområdet
Statsråden deltek på omvising på messeorådet saman med internasjonale gjester.
Stad: Messeområdet, Trondheim Spektrum
15.00–16.30 | Dialogmøte om sjømatindustrien
Tema: reguleringar, verdikjeda og kvalitet i sjømatindustrien.
Stad: Møterom Sagbruket Ytre, Trondheim Spektrum
17.30–19.00 | Seminar i regi av Sjømat Norge
Statsråden deltek i open samtale om aktuelle tema for sjømatnæringa.
Stad: Rockheim
Onsdag 19. august
09.15–10.00 | Nor-Fishing Youth
Statsråden møter ungdom som deltek i Nor-Fishing sitt rekrutterings- og kompetanseprogram.
Stad: Skansen
10.00–10.30 | Utdeling av prisen «Trygg fiskar»
Deltaking under prisutdeling i regi av Redningsselskapet.
Stad: Skansen
12.20–12.55 | Fiskeridebatt: Sjømaten si rolle i norsk matvareberedskap
Statsråden deltek i paneldebatt og held innlegg.
Stad: Mendelsohn konferansesal, Trondheim Spektrum
14.00–14.30 | Nordea-seminar: «Mindre fisk, høgare prisar»
Om rammevilkår for norsk fiskerinæring og utfordringar knytte til låge kvotar.
Stad: Scandic Nidelven Hotel