Fiskeri- og havministeren til Tromsø

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Tysdag 10. mai deltar statsråd Bjørnar Skjæran (Ap) på konferansen Arctic Frontiers og årsmøtet til Råfisklaget.

– Eg ser fram til å møte EUs fiskerikommissær Virginijus Sinkevičius på Arctic Frontiers. Tromsø blir faktisk den første staden vi møter kvarandre fysisk, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Førre veke kom Norge og EU til ei forståing om fiske i fiskevernsona ved Svalbard og i dei nordlege farvatna. 

– Eg er glad for at vi no har fått på plass ei forståing. EU har vist at dei er ein nær og god samarbeidspartnar som meiner alvor når det gjeld berekraftig havforvaltning, seier Skjæran, og legg til:

– Samtalane med EU-kommisjonen har vore produktive, og eg vil rose Sinkevičius for deira konstruktive tilnærming. I mitt møte med fiskerikommissæren vil eg også drøfte EU som marknad for norsk sjømat og stadfeste vårt gode forskingssamarbeid, seier Skjæran.

Etter konferansen deltar statsråden på Råfisklagets årsmøte. Der skal han halde innlegg og ha ein samtale med Daniel Lauritzen, vinnaren av «Årets kvalitetsfiskar 2021». 

Program

10.30 – 12.30: Statsråden deltar på Arctic Frontiers
Stad: Clarion Hotel the Edge, Kaigata 6, 9008 Tromsø

12.30 – 14.00: Statsråden deltar på Råfisklagets årsmøte
Stad: Radisson Blu Hotel, Sjøgata 7, 9259 Tromsø

Praktisk info:

Presse som er interessert i å dekke delar eller heile besøket kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Emil Bremnes på emil.bremnes@nfd.dep.no eller på 478 81 719.