Foreslår betre skattereglar for barnepensjon

Frå 2024 skal barn som har mista foreldre få ny barnepensjon frå folketrygda. Det har tidlegare vore føresett at dei nye barnepensjonane skulle skattleggjast som lønsinntekt. Regjeringa foreslår no at dei i staden skal skattleggjast på tilsvarande måte som renteinntekter, med 22 prosent. I tillegg foreslår regjeringa eit frådrag som reduserer skatten på barnepensjonen.

Dette går fram av eit forslag som vart sendt på høyring 21. september frå Finansdepartementet.

– Barn som har mista foreldre, er ei sårbar gruppe. Når vi no foreslår kapitalskatt, vert det ei god løysing for barn som får ny barnepensjon frå nyttår, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum. (Sp).

I tillegg til at barnepensjon berre skal skattleggjast som alminneleg inntekt, altså med 22 prosent skatt, vert det foreslått å gi eit ekstra frådrag i barnepensjonen før skatten vert rekna ut.

– Forslaget vil særleg gi lågare skatt for ungdommar som har ein sommarjobb eller deltidsjobb mens dei mottek barnepensjon. Vi vil at også unge som har mista foreldre, skal kunne tene litt pengar utan å betale mykje skatt. Forslaget vil dessutan gi enklare skattereglar og eit godt nivå på barnepensjonen etter skatt, seier finansministeren.

Forslag til nye barnepensjonar vart utgreidd av Etterlatneutvalet (NOU 2017: 3). I mandatet for utvalet frå 2015 var det fastsett at barnepensjon skulle skattleggjast på same måte som uføretrygd, det vil seie som lønsinntekt. Utvalet la dette til grunn for sitt forslag. Skattereglane for ny barnepensjon har ikkje vore drøfta nærare etter dette.

Stortinget behandla folketrygdreglane for ny barnepensjon i 2020. Dei nye reglane skal gjelde frå 2024 og vil gi vesentleg høgare barnepensjon for dei fleste barna.

Dagens skattereglar for barnepensjon er kompliserte. Barnepensjon blir i utgangspunktet skattlagd som pensjon, men med fleire særreglar.

Forslaget er på høyring til 25. oktober 2023 og er planlagt lagt fram i ein lovproposisjon for Stortinget i løpet av hausten.

Les meir: