Statsbudsjettet 2027
Forsterka innsats mot pukkellaks
Nyheit | Dato: 07.10.2026 | Klima- og miljødepartementet
Villaksbestandane har vore i tilbakegang over lang tid. Arbeidarparti-regjeringa foreslår no å styrkje innsatsen mot pukkellaks i 2027 med 54 millionar kroner.
Pukkellaks er ein framand art som utgjer stor risiko for skade på vår eigen villaks og det naturlege biologiske mangfaldet i elvene. Pukkellaksbestanden har mangedobla seg sidan 2017, og det er venta eit nytt, stort innrykk til norske elver i 2027.
– Regjeringa ser no behovet for å styrkje innsatsen mot pukkellaksen ytterlegare. I 2025 så ein at pukkelaksen spreidde seg mot elver lenger vest og sør enn tidlegare., seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.
Regjeringa foreslår å styrkje innsatsen med 54 millionar kroner. Saman med grunnløyvinga som ligg fast og pengar frå Miljødirektoratet, utgjer dette totalt 81 millionar kroner til tiltak mot pukkellaks i 2027.
– Vårt mål er å avgrense spreiinga av pukkellaks mest mogleg. Sjølv om pukkellaksen spreier seg ser vi at det er ein nedgang av pukkellaks i elvene der det vart gjort tiltak og sett inn feller. Det er positivt. Pengane for 2027 skal mellom anna gå til fleire nye feller. Særleg pukkellaksfelle i Altaelva vil bli prioritert i 2027, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.