Han vart første gang utnemnd som direktør for SSB i 2018 og vil nå halde fram i stillinga, i eit nytt åremål frå 13. august 2024.

Axelsen har brei erfaring frå ulike administrative roller. Han har vore assisterande arbeids- og velferdsdirektør og økonomi- og styringsdirektør i Nav. Han har òg vore direktør for to ulike einingar i Statoil, og vore statssekretær i Finansdepartementet og underdirektør i finansavdelinga i Finansdepartementet.