Utviklingsminister Tvinnereim følgjer kronprins Haakon i Kenya

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim følgjer kronprins Haakon når han er på offisiell gjesting i Kenya denne veka. Samarbeid med Kenya, utfordringane på Afrikas horn og korleis norsk næringsliv kan bidra i kampen mot svolt, tørke og klimaendringar er sentrale tema for gjestinga.

Dei to vil også ha møte med landets politiske leiing og med organisasjonar i Nairobi. Sveriges kronprinsesse Victoria deltek på delar av programmet.

Kronprinsen og kronprinsessa opnar eit felles norsk-svensk-kenyansk næringslivsseminar med tittel «Pioneering Sustainability – together». Aktuelle tema for seminaret er fornybar energi, landbruksteknologi, helseteknologi og IKT-løysingar. 

Panel på podium under åpning av seminar
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim talar under opninga av næringslivsseminaret «Pioneering Sustainability – together». Foto: Syver Zachariassen, UD

Ein felles norsk-svensk næringslivsdelegasjon på over 250 bedrifter følgjer kronprinsen og kronprinsessa.

– Det hastar med eit grønt skifte for å nå dei globale og nasjonale klimamåla, og samstundes sikre den kenyanske befolkninga tilgong til energi, mat og arbeidsplassar. Håpet er at norske aktørar kan bidra med forsking og innovative løysingar for å auke matproduksjonen. Det er store moglegheiter for privat sektor til å bidra i det kenyanske landbruket, seier utviklingsminister Tvinnereim.

– Målet er å bidra med nordisk kompetanse innan mellom anna fornybar energi og landbruksteknologi og se på moglegheitene for samarbeid med kenyanske verksemder og styresmakter, seier Tvinnereim.

Kronprinsen og utviklingsministeren talar med næringslivsrepresentantar
Kronprins Haakon, utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim og administrerande direktør i Innovasjon Norge Håkon Haugli i samtale med næringslivsrepresentantar. Foto: Syver Zachariassen, UD

Kronprinsen og kronprinsessa vil saman åpne eit nytt felleskontor for Innovasjon Noreg og Business Sweden i Nairobi. Noreg og Sverige ønskjer auka samarbeid for å fremme nordiske løysingar og ei slik samlokalisering i Nairobi av dei to viktigaste svenske og norske verkemiddelaktørane for internasjonalisering og eksportfremme er det første konkrete tiltaket.

Kenya er ein pådrivar for auka støtte til klimatiltak og mattryggleik i Afrika. Global mattryggleik går i feil retning. Mat-, energi- og gjødselprisar har gått opp sidan hausten 2021. Krigen i Ukraina leggjer auka press på prisane og eskalerer krisene. Noreg lanserer ein ny strategi om mattryggleik hausten 2022. Målet er å auke lokal og nasjonal mattryggleik gjennom satsing på småskala matprodusentar, deira verdikjeder og klimarobust matproduksjon. 

I Kenya gjestar Tvinnereim  mellom anna to prosjekt relatert til kampen mot svolt, i regi av FNs investeringsfond for landbruk, Ifad, og av den norske gjødselprodusenten Yara.

Her skal dei sjå nærare på fleire av dei utfordringane afrikanske bønder står overfor, som klimakrise, dårlige avlingar og fattigdom, men også hvilke løysingar som finst som alternative inntektskjelder når avlingar går tapt, kunnskap om landbruksmetoder, riktig bruk av gjødsel og digitale løysingar som gjer avlingane betre. Berekraftig og sunn mat fra havet er eit viktig bidrag for global mattryggleik samstundes som det kan bidra til å nå helsepolitiske og klimapolitiske mål. 

Kronprins Haakon og utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim i Karura-skogen plantar trær i Karura-skogen i Kenya. Foto: Syver Zachariassen, UD
Kronprins Haakon og utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim i Karura-skogen (Kenya) som vart verna av fredsprisvinnar Wangari Maathai. I dag planta de trær saman med dottera hennar. Foto: Syver Zachariassen, UD

– Landbrukssektoren er den største næringa i Afrika. Dermed har den potensial til å bli den økonomiske motoren for breiare økonomisk vekst. FNs landbruksorganisasjon FAO peiker på at investeringar i auka produksjon og produktivitet i landbruket er den beste vegen ut av svolt og fattigdom for mange utviklingsland, seier Tvinnereim. 

Tørken på Afrikas horn er den verste på 40 år. Manglande nedbør i fleire regnsesongar har ført til at over 36 millionar menneske er ramma av tørke. Over 20 millionar menneske opplever allereie akutt matmangel og talet aukar. Det er varsla hungersnaud i delar av sørlege og sentrale Somalia. 

Den humanitære responsen er trappa opp den seinare tida. Noreg har så langt bidratt med i overkant av 350 millionar kroner i humanitær bistand.

Fakta om Noreg og Kenya

  • Noreg ga 92 millionar kroner i øyremerka bistand til Kenya i 2021.
  • Denne bistanden er fordelt på fleire ulike sektorar: produksjon og handel inkl. landbruk og fiskeri (36 prosent), styresett, sivilt samfunn og førebygging av konfliktar (29 prosent), miljø og energi (11 prosent). 
  • Kenya tek årleg imot mellom 175 og 210 millionar kroner i den delen av norsk kjernestøtte som går til internasjonale organisasjonar
  • 79 prosent av øyremerka norsk bistand til Kenya vert kanalisert gjennom ikkje-statlege organisasjonar.