Statsbudsjett 2024

Held fram med tilskotet til kystrekeflåten

Regjeringa foreslår i budsjettet for 2024 å løyve 22,3 millionar kroner til ei ekstraordinær tilskotsordning for kystrekeflåten.

– Samanlikna med andre delar av fiskeflåten er kystrekeflåten framleis i ein særskild krevjande situasjon på grunn av dei høge drivstoffprisane og nedgang i tilgjengelege rekekvotar. Derfor ønskjer regjeringa å halde fram med det ekstraordinære tilskotet til flåten som blei innført i 2023 også i 2024, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).

Tilskotsordninga blir administrert av Garantikassen for fiskarar. Det skal no fastsettast korleis ordninga kan innrettast og kva for vilkår som må vere oppfylte for å få tilskot.