Regelverket om global minimumsskatt er utarbeidd av OECD og G20-landa sitt samarbeidsorgan, Inclusive Framework. Regelverket består av modellreglar, som vart utgitt i 2021, og av kommentarar og fleire administrative rettleiingar som har blitt utarbeidd i ettertid.

Framlegget som no er sendt på høyring, inneber mellom anna implementering av ei administrativ rettleiing av 5. januar 2026 (omtala som «Side-by-Side Package»). Rettleiinga omfattar fleire endringar i modellregelverket. Endringane er gjeve i form av såkalla Safe Harbour-reglar. Desse omfattar mellom anna reglar som anerkjenner andre regelverk om global minimumsskatt og bruk av nokre typar skatteinsentiv. I tillegg omfattar framlegget reglar om forenkla berekning av suppleringsskatt.

Framlegget omfattar òg eit nytt eige kapittel i suppleringsskatteloven med føresegner om Safe Harbour-reglar.

Dei føreslåtte endringane vil bidra til å oppnå at dei norske suppleringsskattereglane samsvarar med modellregelverket og implementeringa av modellregelverket i andre land. Det er i hovudsak føreslått at endringane får verknad frå og med inntektsåret 2026.

Fristen for å sende inn høyringssvar er 3. august 2026.